Øyvind Håbrekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oyvind Habrekke.jpg

Øyvind Håbrekke (fødd 20. desember 1969 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han voks opp i Bjugn og er i dag busett i Oslo. Han var rådgjevar og statssekretær i Regjeringa Bondevik II, og var medlem av sentralstyret til partiet 2003–2009. Han vart valt inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke ved stortingsvalet 2009 og har der verva som andre nestleiar i familie- og kulturkomiteen.

Håbrekke var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 1996 til 1999, politisk rådgjevar for Einar Steensnæs i Olje- og energidepartementet frå 2001 til 2004, og statssekretær same staden i 2004. Frå 2004 til 2005 var han statssekretær for Knut Arild Hareide i Miljøverndepartementet. Håbrekke var 2. vararepresentant til Stortinget for Ola Torgeir Lånke i perioden 2005-2009, og var også vararepresentant 1997–2001 og 2001–2005. Han var førstekandidat på lista til Sør-Trøndelag KrF føre stortingsvalet 2009, og vart etter rimeleg jamn avstemming valt inn på utjamningsmandat.

Håbrekke er høgskolekandidat frå Trondheim Økonomiske Høgskole 1992–1995, og har også studert sosiologi og statsvitskap ved NTNU, samt leiing ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Har har arbeidd som rådgjevar i Norges Rederiforbund 1999–2001, som prosjektleiar i Samarbeidsarena myndigheter/maritim industri (Marut) 2006–2007. Frå 2007 er han assisterande direktør i Energibedriftenes landsforening.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]