Christina Ramsøy
Christina Nilsson Ramsøy (fødd 4. november 1986 i Ogndal i Steinkjer kommune) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og møter fast for Lars Peder Brekk frå 1. oktober 2009.
Ramsøy var leiar i Steinkjer Senterungdom 2002–2004, og leiar i Nord-Trøndelag Senterungdom 2003–2007. I tillegg var ho medlem av sentralstyret til Senterungdommen 2006–2007, og leiar der 2007–2009. Ramsøy vart valt til leiar ved ei kampavstemming mot Tone Ravnås frå Rogaland.[1][2]
Ramsøy var medlem av Steinkjer kommunestyre 2007–2008 og medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho gjekk allmennfagleg linje ved Steinkjer VGS 2002–2005, studerte politisk økonomi ved NTNU 2005–2006, og studerte PR og kommunikasjon ved BI Trondheim 2006–2007.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013 medlem i Familie- og kulturkomiteen
Referansar [endre]
- ↑ Lederstrid blant Sp-ungdom. Senterpartiet (1. november 2007).
- ↑ Nordtrønder blir leder for Senterungdommen. Adresseavisen (4. november 2007).
Bakgrunnsstoff [endre]
- Christina Ramsøy hos Stortinget
- Bloggen til Christina Ramsøy
| Føregjengar Erlend Fuglum |
Leiar i Senterungdommen 2007–2009 |
Etterfylgjar Johannes Rindal |