Hopp til innhald

Slåtteinndeling i Hardingfeleverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. oktober 2008 kl. 17:16 av BepBot (diskusjon | bidrag) (Bot: Reparerer wiki-syntaks)

Sjubandsverket Norsk folkemusikk, oftast referert til som Hardingfeleverket, hadde som oppgåve å katalogisere og utgje slåttenedskrifter i ordna former. Difor fekk alle slåttar og slåttekrinsar nummer, og vart inndelt i tre hovudgrupper, Gangar i 6/8, gangar i 2/4, og springar.

Gangar 6/8

Gangarane i 6/8-takt vart for det meste samla i band I, som vart utgjeve i 1958, det året Truls Ørpen døydde. Ikkje alle slåttane fekk plass i bandet, og lista vart supplert med ei videreføring i band VII, tillegg b. Alt i alt vart det 177 overordna nummer av slåttar i 6/8, med undergrupper der det var tenleg (slåttekrinsar). Somme stader vart det til at variantgruppa heldt fram i supplementsdelen, av di det var kome nytt tilfang til slåtteverket.

Slåttar i 6/8 som ikkje supplerer krinsane i band I

Her er ikkje eigenkomponerte slåttar av Johannes Dale og Eivind Groven tekne med (sjå eigne oppslag).

Gangar 2/4

Band II

Band II av Hardingfeleverket vart utgjeve i 1959. I dette bandet var det med 143 slåttenumre, dei første hundre einskildlåttar. Variantkatalogiseringa var endå ikkje kome så langt, slik at nokre av slåttane i bandet i røynda høyrer heime i større slåttekrinsar. Dette vart ikkje avklart før i band VII.

Dei slåttane som ikkje er førte opp her, står som variantar under slåttegruppene i band III.

Band III

Band III tek føre seg dei store slåttekrinsane i 2/4-takt. Bandet vart utgjeve i 1960. Det vanta framleis noko supplement, som ikkje kom med før i band VII.

Supplement i band VII

Desse numra er slåttar som ikkje har variantar i andre variantgrupper, eller er nykomponerte.

Springarar

Band IV

Det fjerde bandet av hardingfeleverket kom ut i 1963, og inneheldt den første bolken av slåttar i 3/4-takt. Første halvdelen av bandet hadde mest berre slåttar frå Vestlandet, og dei 44 første slåttane er alle frå Sogn og Fjordane. Arne Bjørndal har skrive ned dei første 92 slåttane i bandet. Etter nr 93 følgjer slåttar frå Hardanger og Voss, og frå nr 140, slåttar frå Valdres, Hallingdal, Sigdal og Krødsherad. Dei siste vel 40 slåttane i bandet er frå Telemark, mange av dei skrivne ned av Gregar Nordbø og Torkjell Haugerud (slåttar som er lite nytta i dag).

Band V

Band fem av hardingfeleverket vart først utgjeve i 1967, to år etter at Arne Bjørndal døydde. Eivind Groven sat no med hovudansvaret for redaksjonsarbeidet, noko han heldt på med til kreftene svikta. Dei tre hovudredaktørane står framleis nemnde på førstesida, sjølv om dei ikkje hadde vore med heilt fram.

I dette bandet kjem dei første slåttegruppene til, gjerne mindre grupper på to til tre springarar (nr 358 og frametter).

band VI

Band seks av hardingfeleverket vart ikkje ferdig før i 1979. Eivind Groven døydde i 1977, men hadde lært opp Sven Nyhus, som tok til med slåttesamling frå om lag 1972. Redaksjonsnemnda for bandet var no Nyhus, Reidar Sevåg og Jan Petter Blom. Satsen i bandet var noko annleis enn før. Notetrykken var mindre, noko som gav rom for fleire slåttar, og det var ikkje lenger bilete med som i dei førre banda, der det hadde vore bilete av landskap, gamal bygnad og folkedrakter frå ulike landsluter. Det faglege kom difor meir i forgrunnen, og den folkepedagogiske (nasjonsbyggjande) aspektet vart tona ned.

band VII

Sjuande band av hardingfeleverket låg føre i 1981, med same avsluttande redaksjonsnemnd. Dette bandet inneheldt dei største springar-krinsane, og i tillegg ein etterrakst, eller supplement, med slåttar tilknytt slåttegruppene utgjeve før, men som ikkje hadde vore katalogisert i tide. I denne oversikta står supplementsslåttane oftast under den gruppa dei er knytt til, der det er mogleg.