Enige og tro inntil Dovre faller
Enige og tro inntil Dovre faller eller Enige og tro til Dovre faller er den såkalla Eidsvolleiden frå 1814. Eiden ble avlagt som eit løfte etter at tingingane under Riksforsamlinga på Eidsvoll vart avslutta 20. mai 1814. Ifølge Nicolai Wergeland tok representantane etter forslag av Jens Schow Fabricius (1758-1841) kvarandre då i hendene, danna ei brorskapskjede og ropte «Enige og troe, indtil Dovre falder!».
Dovre har for øvrig i lang tid hatt en viktig posisjon i Noregs nasjonale medvit, der Dovrefjell representerer det evige, uforanderlege, trygge og grunnfesta. I norsk eventyrtradisjon representerer Dovre det eldgamle og trolske. I eventyret En aften i nabogården frå Asbjørnsen og Moes eventyramling frå 1845 heiter det at «(...) på Dovrefjell har der naturligvis alle dager vært like så gode trollkjerringmøter som på Bloksberg.» Henrik Ibsen valde dessutan namnet Dovregubben på karikaturen sin av det sjølvgode og sneversynte norske i sitt dramatiske dikt Peer Gynt fra 1867.
Eidsvolleiden lyder «Einig og tru til Dovre fell» på nynorsk.
[endre] Eksterne lenker
- Jens Schow Fabricius ord ved avslutninga av Riksforsamlinga
- Om Dovrefjell blant annet som nasjonalt symbol