DS «Cometa» (1913)
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | DS «Florentine» |
| Eigar: | Florentine Steamship Corp, (R,A, Sanderson & Co) |
| Verft: | Clyde S, B, & Eng, Co, Ltd, i Port Glasgow i Skottland |
| Verftsnummer: | 301 |
| Jomfrutur: | Februar 1913 |
| Heimehamn: | Manchester |
| Kjennemerke: | MKJP |
| Generelle mål | |
| Type: | Lasteskip |
| Tonnasje: | 1762 brt, 914 nrt |
| Daudvekt: | 3 050 tdw, |
| Lengd: | 280,5 fot (85,5 m) |
| Breidd: | 42,2 fot (12,9 m) |
| Djupgang: | 16,6 fot (5,1 m) |
| Installert effekt : | 217 nHk |
| Framdrift: | Triple 3 cyl, dampmaskin (Clyde SB&E) |
| Fart: | 10,5 knop |
| Karriere | |
| Namn: | DS «Cometa» |
| Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
| Kjøpt: | Februar 1914 for 531 794 kroner[1] |
| Heimehamn: | Bergen |
| Lagnad: | Forlis i 1920 |
DS «Florentine» (kallesignal MKJP) var eit dampskip bygt i 1913 som lasteskip for Florentine Steamship Corp. i Manchester. Berre eitt år seinare kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet og gav det namnet DS «Cometa». Skipet vart kjøpt samstundes med systerskipet DS «Estrella»
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skipet vart bygt ved Clyde Shipbuildig Company i Glasgow i Skottland og levert i februar 1913. Berre eitt år seinare, i februar 1914, vart skipet kjøpt av BDS for 531 794 kroner.[1] Skipet gjekk inn i Sør-Amerika-linja til BDS.[2]
Skipet forliste 4. oktober 1920 på Destero Rock på reise Paranagua til Buenos Aires med stykkgods.[1]
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 1 762 brt, 914 nrt og lasteevna var 3 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 685 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E. Oppgjeven yting var 217 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «D/S Cometa». Sjøhistorie.no. Henta 29, desember 2019.
- ↑ Dag Bakka jr, og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1» Check
|url=value (hjelp). Skipet. Nr, 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 29, desember 2019.