DS «Cygnus» (1940)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS "Cygnus" - Telemark politikammer vol.1 - 42.jpg
«Cygnus» i tysk teneste under andre verdskrigen ved Langesund mek. verksted
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Galicia»
Eigar: Fearnley & Eger
Verft: Langesund Mekaniske Verksted i Langesund
Verftsnummer: 16
Heimehamn: Oslo
Kjennemerke: LKOG
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 344 brt, 726 nrt
Daudvekt: 2 500 tdw.
Lengd: 257,8 fot (78,6 m)
Breidd: 41,7 fot (12,7 m)
Djupgang: 14,8 fot (4,5 m)
Installert effekt : NHK 197 IHK 1200
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin + lågtrykksturbin (LMV)
Fart: 11 knop
Passasjerar: 4 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Cygnus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Jomfrutur: november 1940
Kjøpt: november 1940 for 1 665 171 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Cygnus»
Eigar: Lykkes Rederi
Kjøpt: August 1952
Omdøypt: DS «Ila» i desember 1953
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sling»
Eigar: Skibs A/S Karlander
Kjøpt: Juni 1960
Heimehamn: Fredrikstad
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: DS «Cattle»
Eigar: Dartone Hong Kee Enginering Works
Kjøpt: Juni 1963
Heimehamn: Panama
Lagnad: Opphogd 1971

DS «Cygnus» (kallesignal LKOG) var eit dampskip bygt i 1940 som passasjer- og lasteskip for Fearnley & Eger. Det vart sjøsett med namnet «Galicia», men det vart selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) før levering og fekk namnet «Cygnus».

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Cygnus er det latinske namnet for stjernebiletet Svana. Dette var det andre skipet til BDS med dette namnet etter DS «Cygnus» frå 1921. Det var òg eit av dei siste nybygde eller nyinnkjøpte dampskipa til BDS.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Langesund Mekaniske Verksted i Langesund for Fearnley & Eger og då det vart sjøsett fekk det namnet «Galicia». Det vart derimot selt til Det Bergenske Dampskibsselskab for 1,6 millionar kroner[1] før det vart levert og BDS overtok skipet i november 1940.[2]

I 1941 rørte «Cygnus» eit vrak utanfor Stavanger og fekk stor skade i botnen. I 1942 fekk det isskade i baugen og i maskinrommet.

26. desember 1944 vart «Cygnus» utsett for eit flyåtak utafor Stord på reise frå Odda til Gøteborg med cynamid. 12 mosquito-fly gjekk til åtak og motormannen Oddmar Jens Klepp mista livet.[3]

Kort tid etter krigen, var «Cygnus» i Aalborg for å laste varer for Noreg, og gjekk elles mykje langs kysten i 1945. I oktober var skipet ein tur til London etter kol. Det var den første kollasta som kom direkte til bunkerdepoet til BDS i Bergen sidan krigen. Før den tid hadde skipa bunkra kol på andre stader i Bergen.[4] Men av ein eller annan grunn gjekk lasta til Lødingen i staden og bunkerdepoet fekk ei ny kollast frå eit anna skip nokre dagar seinare.[5] I november 1945 gjekk «Cygnus» i dokk for klassifisering, før det 1. desember lasta for den første turen i den nye, faste frakteruta si for BDS, Trondheim-Bergen-Antwerpen i lag med DS «Neptun» og DS «Columba».[3] I august 1946 vart Cygnus ombygd til å bruke oljefyring.[6]

I februar 1947 gjekk Cygnus i rute til Manchester og Liverpool, mellom anna med maskingods, og frå mars i rute til London. I mai 1947 vart skipet omdirigert frå London til Lagos i Nigeria og Dakar i Senegal[7][8] og kom i juli til Fredrikstad og Sarpsborg. I august gjekk turen til Takoradi i Ghana og Loanda i Angola. På hausten hadde Cygnus ein tur til Valencia i Spania og kom attende til London og Hull i desember. I januar og februar 1948 segla «Cygnus» til Tel Aviv i Israel og Alexandria i Egypt, og var i april til Trieste og Genova i Italia. I juni og august gjekk turen til Casablanca i Marokko. Alle desse turane gjekk attende til anten Dunkerque i Frankrike eller til England. I november og desember 1948 vart Cygnus liggande ein månad i Rotterdam for klassifisering.[9]

I januar 1949 fortsette farten mellom Dunkerque og Casablanca i timecharter. Under forhaling i Dunkerque vart «Cygnus» utsett for ein kollisjon og fekk skade i stamnen.[10] Først i mars 1949 var «Cygnus» attende i Bergen etter å ha segla utanriks sidan våren 1947. Etter ein tur til Austersjøen segla «Cygnus» over Atlanteren til New York i juni, og kom attende via England i september. Denne hausten segla det både til Austersjøen og Middelhavet.

14. desember 1949 rørte «Cygnus» eit vrak ved innløpet til Taragona i Spania. «Cygnus» låg oppankra ved ytre rei og skal ha blitt teke av sjøen og ført over eit gammalt vrak slik at botnen vart riven opp.[11] Skipet var lasta med ris for ei svensk hamn og fekk forskipet fyllt av vatn. Skipet måtte ha bergingsassistanse.[12] Bergingsdamperen «Freya» frå bergingskompaniet Switzer kom til og fekk tetta lekkasjen, men «Cygnus» hadde fått ein del skade i botnen og måtte til verkstad. Ein del av rislasta vart øydelagd av vatn. Skipet vart mellombels reparert og gjekk til Gøteborg med resten av lasta og for reparasjon av skrogplater.[13] Reparasjonen føregjekk i januar og starten av februar 1950, før skipet gjekk til Odda og Årdalstangen der det lasta for Frankrike. I mars segla det vidare til Dakar i Afrika og var i april attende i Bergen, for så å ta nokre turar mellom Bergen og Middlesbrough. I juli gjekk turen til Belfast, før det i august kryssa Atlanteren til Montreal, Chicago og DetroitDei store sjøane. På returen gjekk det til Helsingsfors, og via Hamburg og Antwerpen attende til Chicago og Detroit i november. I desember var det attende i Antwerpen, og i romjula kom det til Bergen att.

1951 starta med ein ekstratur frå Trondheim til Antwerpen og attende, så Liverpool i februar og Bodø og Troms i mars. Seint i mars var Cygnus i Antwerpen og Avonmouth, før det igjen kryssa Atlanterne til Montreal og Toronto seint i april og mai. Etter ein tur til Duluth i Minnesota kryssa det Atlanteren igjen for Tunis, der det kom fram i juni. Her lasta det salt som skulle til FæringehamnGrønland og norske fiskefartøy der. Det vart liggande nokre veker på Grønland før det segla til Ålesund med saltfisk tidleg i august. Frå Ålesund gjekk turen igjen til Montreal og Dei store sjøane via Antwerpen. I oktober var skipet i Lisboa og for vidare til Genova, før det via Ceuta og Sevilla i Spania gjekk til Montreal att, der det kom tidleg i desember. 29. desember 1951 var skipet komen til Tanger i Marokko.

Meir eller mindre heile 1952 gjekk «Cygnus» i fart mellom Middelhavet og Dei store sjøane. I august 1952 vart skipet kjøpt av P.T. Lykke i Trondheim, men fortsette i same farta som før. I desember for det til London og Antwerpen, og tidleg i 1953 segla «Cygnus» to turar mellom Dakar, Douala og Lagos, og Marseille i Frankrike, før det vende mot Montreal og Chicago tidleg i juni. 7. juli 1953 støytte «Cygnus» saman med kaien i hamna i Algier og fekk skade i baugen over vasslinja, der nokre plater vart trykt inn. Det gjekk då i tørrdokk for ei veke.[14] I august 1953 var skipet komen til Asorane og i september var det i Chicago. «Cygnus» fortsette å gå i timecharter over Atlanteren ut året. I desember 1953 vart det omdøypt «Ila».

I juni 1960 kjøpte Skibs A/S Karlander, disponert av E. Paulsen, i Fredrikstad skipet og gav det namnet «Sling». Tre år seinare, i juni 1963, vart skipet selt til Panama-selskapet Dartone Hong Kee Enginering Works, og det vart omdøypt «Cattle». I 1971 vart skipet selt til Singapore for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 344 brt, 726 nrt og lasteevna var 2 500 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 332 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin i tillegg til ein lågtrykksturbin som var kopla til propellakslingen. Maskineriet vart bygt ved Langesund og det same vart kjelane. Oppgjeven yting var 1 200 iHk (indikerte hestekrefter) og 197 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.[1]

Skipet hadde rom til fire passasjerar.[1]

I 1946 vart skipet ombygd til oljefyring.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Cygnus». Sjøhistorie.no. Henta 5. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 5. august 2020. 
  3. 3,0 3,1 «D/S Cygnus». USA: Warsailors.com. Henta 5. august 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 18. oktober 1945. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  5. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 20. oktober 1945. s. 3. Henta 5. august 2020. 
  6. «Bergenske realiserer gamle skip». Bergen: Bergens Tidende. 22. august 1946. s. 1. Henta 5. august 2020. 
  7. «Skibsetterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 28. juni 1947. s. 3. Henta 5. august 2020. 
  8. «Skibsetterretninger». Bergen: Bergens Tidende. 21. juni 1947. s. 3. Henta 5. august 2020. 
  9. ««Cygnus» klassifiserer i Rotterdam». Bergen: Bergens Tidende. 14. desember 1948. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  10. «Bergenske «Cygnus» har fått baugskade». Bergen: Bergens Tidende. 8. februar 1949. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  11. «Bergenske «Cygnus» flottbrakt». Bergen: Bergens Tidende. 20. desember 1949. s. 1. Henta 5. august 2020. 
  12. «Bergenskes «Cygnus» grunnstøtt utenfor Taragona». Bergen: Bergens Tidende. 16. desember 1949. s. 5. Henta 5. august 2020. 
  13. «Bergenskes «Cygnus» skal reparereres i Gøteborg». Bergen: Bergens Tidende. 30. desember 1949. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  14. ««Cygnus» tørnet mot kaien i Algier». Bergen: Bergens Arbeiderblad. 9. juli 1953. s. 6. Henta 5. august 2020.