DS «Lynx»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Lynx» (1925))
Hopp til navigering Hopp til søk
Royal Air Force 1939-1945- Coastal Command C4835.jpg
DS «Lynx» under åtaket utanfor Stavenes
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Lynx»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike
Byggekostnad: 766 700 kroner[1]
Verftsnummer: 31
Jomfrutur: mars 1925
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDLL - LDVH
Lagnad: Bomba 1944
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 367 brt, 784 nrt
Daudvekt: 1 400 tdw.
Lengd: 231,4 fot (70,5 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 21,8 fot (6,6 m)
Installert effekt : NHK 189 IHK 900
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Worms & Cie)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4 passasjerar

DS «Lynx» (kallesignal LDLL - LDVH) var eit dampskip bygt i 1925 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen, og dette skipet var kalla opp etter stjernebiletet Gaupa, som heiter Lynx på latinsk.

Under andre verdskrigen hamna skipet under tysk flagg og vart bomba av allierte fly.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike og kosta 766 700 kroner[1] då det vart levert i mars 1925.[2] Skipet skulle opphavleg leverast frå verftet i september 1924, men vart forseinka.[3] Skipet var planlagt for Hamburgruta til BDS og 24. mars 1925 gjennomførte skipet den første prøveturen sin.[4] Dagen etter segla skipet frå Le Havre til Dunquerque.[5] 7. april var skipet framme i Bergen for første gangen.[6] Dei første turane til skipet gjekk derimot til Frankrike og ikkje Hamburg.[7] Utpå seinsommaren 1925 gjekk skipet til Antwerpen i Belgia.

I januar 1926 var «Lynx» involvert i ein kollisjon og fekk stor skade. Skipet var på veg inn elva til Antwerpen, då det kolliderte med det danske dampskipet «Jutlandia», som var på veg ut elva. Det meste av skaden var forut og over vasslinja, og reparasjonen tok kring 14 dagar i Antwerpen. «Jutlandia» fekk òg stor skade forut og grunnstøytte i prosessen.[8] I juli dette året vart ein av mannskapet dømd til 75 kroner i bot eller 15 dagar i fengsel i Stavanger for smugling av to lommeflasker med whiskey.[9]

13. september 1926 vart «Lynx» sett inn i Hamburgerruta mellom Vadsø og Hamburg, og låg på Vågen i Bergen for å laste. Ein formann hos BDS, Hans Aasen, skulle gå frå mellomdekket til hovuddekket då han glei og fall baklengs ned i underrommet som var heilt tomt. Mannskapet ombord fekk bert han opp. Han var då medvitslaus, men hadde ingen teikn på ytre skadar. Ein sjukebil på land kom og frakta han til sjukehuset, der han fekk påvist brot på hovudskallen i bakhovudet.[10] Dagen etter var han død, 50 år gammal.[11]

18. januar 1930 var «Lynx» igjen i kollisjon med eit dansk skip. Denne gongen på Elben, då det låg for anker ved Hamburg. I tett tåke var det pårent av det danske skipet «Karl». «Lynx» hadde måtte ankre opp på grunn av den tette tåka då det var på vei ned elva på veg til Noreg. Skipet måtte vende attende til Hamburg for ein mellombels reparasjon.[12] Sjøforklaringa vart halde i Trondheim 26. januar.

Allierte angrep (6105323735).jpg

21. april 1931 grunnstøytte «Lynx» ved Gjæslingan fyr i Agder. Skipet var på veg frå Hamburg med stykkgods og post, og hadde vore innom Kristiansand og Mandal. Skipet hadde full fart og rende godt opp i fjøresteinane etter at heile skipet hadde gått over eit skjer. Norsk Bjergingskompani sendte to bergingsbåtar til staden, «Erling Skjalgson» og «Ulabrand». Det vart mål 12 fot med vatn i forrommet og skipet hadde fått store skadar.[13] Tidleg neste morgon vart skipet drege av land og hadde fått eit stort hol i forrommet på babord side. Holet var så stort at det var rent mjøl ut. Både forpiggen og forrommet var fylt med vatn. I tillegg var det lekkasje i storrommet. Skipet vart slept inn til Mandal.[14] Tettingsarbeidet tok tre dagar, før skipet kunne segla vidare til Stavanger[15], der det vart slipphalt ved Rosenberg mekaniske verksted.[16] Under sjøforklaringane kom det fram at det var losen som var skuld i feilnavigeringa som gjorde at dei hamna på skjeret. Han meinte dei var komen for nær Utvår og endra kursen fleire gonger. Gjeslingene vart ikkje oppdaga før det var for seint for skipet å svinge unna.[17] Det var usemje om kor mykje bergingsløn Norsk Bjergingskompani skulle ha og først i juni 1932 vart dommen avgjort. Kravet var på rundt 200 000 kr, men etter dommen vart sett måtte BDS betale 170 000 kroner for berginga, i tillegg til renter og sakskostnader på 2 400 kroner.[18] Skipet var taksert til 441 000 kroner og lasta til 241 000 kroner.[19]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I april 1940 hamna «Lynx» i Heimeflåten, og fortsette i ruta si mellom Kirkenes og Hamburg under tysk flagg.[20]

I følgje somme kjelder vart det rapportert å ha vore i Austersjøen i juli 1943, men i handelsfart til Tyskland i juni 1944.[21]

25. og 28. juli 1943 vart «Lynx» angripen i eit flyåtak og fekk skade, men klarte seg denne gangen.[1] I februar 1944 var skipet i ein tysk konvoi då skipet «Anna Sofie» gjekk på grunn. «Lynx» klarte seg igjen fint. 19. september 1944, då skipet var på veg frå Hamburg til Hammerfest saman med DS «Tyrifjord», vart dei angripe av 28 bombefly frå dei allierte utanfor Stavenes i Askvoll i Sogn og Fjordane.[20][22][23][24] Andre kjelder oppgjev at det var 32 fly (21 Beaufighter-fly og 11 Mosquito-fly).[25] Under åtaket gjekk eit fly tapt, eit Beaufigher-fly som vart råka av flak. Både piloten og navigatøren mista livet.

Skipet hamna i brann og vart sett på grunn sør for Stavenes og sokk på grunn vatn. Alle på «Lynx» var norske, og losen Charles Magnus Enoksen var den einaste som vart drepen i åtaket.[20][22][24] Skipet glei seinare av grunna og ligg no på om lag 100 meters djup like utanfor Stavenes.[20][24] DS «Ursa» frå BDS var òg ein del av denne konvoien.[21]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 367 brt, 784 nrt og lasteevna var 1 400 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 988  og av dette var 480 m³ kjølelager, som vart sett inn i 1929 for transport av frosen fisk frå Honningsvåg. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Worms & Cie i Frankrike. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 189 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet hadde plass til fire passasjerar.

I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1938 peileapparat.

I januar 1937 vart skipet teke ut av ruta si for å få storrommet delt i to til montering av nytt kjølerom, i tillegg til det skipet hadde i forrommet.[26]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Lynx». Sjøhistorie.no. Henta 4. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 47. Henta 4. juni 2020. 
  3. «Fjoraaret var bedre for Bergenske end de foregaaende aar». Bergen: Bergens Tidende. 24. februar 1925. s. 8. Henta 4. juni 2020. 
  4. «Bergenskes «Lynx» gaar prøvetur idag». Bergen: Bergens Tidende. 24. mars 1925. s. 1. Henta 4. juni 2020. 
  5. «Skibseferretninger». Bergen: Bergens Tidende. 26. mars 1925. s. 7. Henta 4. juni 2020. 
  6. «Bergenskes nye «Lynx» i Bergen for første gang». Bergen: Bergens Tidende. 7. april 1925. s. 7. Henta 4. juni 2020. 
  7. «Det Bergenske Dampskibsselskab». Bergen: Bergens Tidende. 16. april 1925. s. 6. Henta 4. juni 2020. 
  8. «Bergenskes «Lynx» har været i kollision». Bergen: Bergens Tidende. 14. januar 1926. s. 7. Henta 4. juni 2020. 
  9. «Smuglingen». Bergen: Bergens Tidende. 30. juli 1926. s. 5. Henta 4. juni 2020. 
  10. «Et ulykkestilfælde ombord i dpsk. «Lynx»». Bergen: Bergens Tidende. 13. september 1926. s. 4. Henta 4. juni 2020. 
  11. «Ulykkestilfædet ombord i «Lynx»». Bergen: Bergens Tidende. 14. september 1926. s. 4. Henta 4. juni 2020. 
  12. ««Lynx» i kollisjon på Elben». Bergen: Bergens Tidende. 18. januar 1930. s. 1. Henta 4. juni 2020. 
  13. «Bergenskes «Lynx» grundstøtt ved Gjeslingene». Bergen: Bergens Tidende. 21. april 1931. s. 1. Henta 5. juni 2020. 
  14. ««Lynx» er alvorlig skadet». Bergen: Bergens Tidende. 22. april 1931. s. 2. Henta 5. juni 2020. 
  15. ««Lynx» i Stavanger mandag». Bergen: Bergens Tidende. 23. april 1931. s. 5. Henta 6. juni 2020. 
  16. ««Lynx» sliphalt i Stavanger». Bergen: Bergens Tidende. 27. april 1931. s. 3. Henta 4. juni 2020. 
  17. ««Lynx» havari skyldes losen». Bergen: Bergens Tidende. 24. april 1931. s. 4. Henta 4. juni 2020. 
  18. «Norsk Bjergingskompani tilkjent kr. 170,000». Bergen: Bergens Tidende. 8. juni 1932. s. 1. Henta 4. juni 2020. 
  19. «Bergingen av Bergenskes Lynx». Bergen: Bergens Tidende. 3. mai 1932. s. 9. Henta 4. juni 2020. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 «Lynx». Dykkepedia. 29. mai 2013. Henta 17. oktober 2014. 
  21. 21,0 21,1 «D/S Lynx». Warsailors. Henta 6. juni 2020. 
  22. 22,0 22,1 «DS. Lynx». Sjømennenes Minnehall. Henta 17. oktober 2014. 
  23. «Bergen Line» (engelsk). timetableimages.com. Henta 17. oktober 2014. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «Hilmar (94) vart bomba to gonger på tre månader». Norsk rikskringkasting. 10. oktober 2015. Henta 7. juni 2016. 
  25. «Sorties Flown By RAF Banff Strike Wing 1943 - 1945». Scots History Online. Henta 6. juni 2020. 
  26. «Svakere tendens på omtrent alle fruktmarkeder». Bergen: Bergens Tidende. 30. januar 1937. s. 11. Henta 4. juni 2020.