DS «Cygnus» (1921)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Cygnus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: H. Te Veldhuis i Papendrecht i Nederland
Byggekostnad: 605 688[1]
Verftsnummer: 28
Jomfrutur: januar 1921
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LBRF - LDFJ
Lagnad: Torpedert 1940
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 334 brt, 753 nrt
Daudvekt: 2 050 tdw.
Lengd: 238,9 fot (72,8 m)
Breidd: 36,4 fot (11,1 m)
Djupgang: 16 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 165 IHK 650
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (N.V. Machienefabriek Bolnes, Bolnes)
Fart: 10 knop

DS «Cygnus» (kallesignal LBRF - LDFJ) var eit dampskip bygt i 1921 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipetvart konrahert av N.V. Scheepmaat Schappy Baltic i Dordrecht under namnet «Oceaan». Kontrakten vart derimot kansellert og vart ferdigbygd for verkstaden, H. Te Veldhuis i Papendrecht i Nederland, si eiga rekning som «Oceaan nr. 5». Då skipet var ferdig vart det kjøpt av BDS i februar 1921 for 605 688 kroner.[1][2] Systerskipet DS «Corvus» vart levert omtrent samstundes[3] og begge gjekk inn i rute mellom Vest-Norge og Austersjøen. Den første turen til Austersjøen hadde avgang 3. mars 1921 då skipet gjekk til Haugesund for å laste kring 9 000 tønner med sild for Austersjøen.[4]. Dei første ankomsthamnene var Danzig og Libau, der skipet nådde fram 18. mars, før det drog vidare til Grangemouth i England. Første gangen skipet var innom Bergen var 8. april.[5]. Ruta gjekk stort sett mellom hamnebyar i Austersjøen til byar i Storbritannia, og stundom Nederland og Belgia. I 1925 var skipet stort sett nytta som reserve- og ekstraskip, og elles i laus fart. Skipet hadde ruter til Frankrike, samstundes som det framleis vart turar til Austersjøen. På tampen av året og inn i 1926 vart det òg turar til Middelhavet, mellom anna til Alger i Algerie.[6] Frå 1926 gjekk «Cygnus» i rute frå Bergen til London, men byrja i 1932 å ta enkelte turar til Nederland og Belgia. Seinare i 1930-åra gjekk rutene òg til vestkysten av Storbritannia, som Manchester og Glasgow. I februar 1938 mista «Cygnus» eit anker mellom Rock Ferry og Eastham, på veg til Manchester, truleg som følgje av ein feil ved sjaklinga.[7]

I januar 1940 deltok «Cygnus» i konvoiar frå Noreg til Storbritannia, mellom anna HN 8. I februar var ho i konvoi HN 15 for Manchester med stykkgodsogi mars var ho i konvoi ON 21 til Noreg. Denne konvoien vart angripen av ei rekkje tyske fly og fleire skip vart bombardert den 20. mars 1940. DS «Svinta» og DS «Tora Elise» vart bombardert og «Cygnus» tok opp fleire av mannskapet.[8]

«Cygnus» var framleis i fart frå Trondheim til Bergen til London, men låg i Trondheim då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940. Skipet vart teken som prise av tyskarane, men fekk gå i fart får BDS. I juni 1940 hadde ho lasta tømmer i Trondheim, 537 tonn aluminium i Bergen og 450 tonn ferrokrom og ferrosilisium i Ålvik og nådde Stavanger den 28. juni. Morgonen den 3. juli var det avgang med ein tysk konvoi med tyske eksortefartøy med Hamburg som mål. Konvoien vart angripen av britiske ubåtar kl. 15:53, medan han var vest av Varhaug. Då var fire torpedoar blitt observert, men ingen skip vart råka. Kl. 18:02 denne ettermiddagen vart «Cygnus» torpedert og søkkt vest av Hådyret, sør for Eigerøy av den britiske ubåten «HMS Snapper». Alle ombord vart berga.[9]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 334 brt, 753 nrt og lasteevna var 2 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 519 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av N.V. Machienefabriek Bolnes. Oppgjeven yting var 650 iHk (indikerte hestekrefter) og 165 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

I 1931 fekk skipet sett inn straumlinjeror.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Cygnus». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 38. Henta 1. mai 2020. 
  3. «Bergenskes nyindkjøbte skib "Cygnus"». Bergens Tidende. 29. januar 1921. s. 5. Henta 1. mai 2020. 
  4. «I sildefart». Bergens Tidende. 4. mars 1921. s. 4. Henta 1. mai 2020. 
  5. «"Cygnus"». Bergens Tidende. 8. april 1921. s. 5. Henta 1. mai 2020. 
  6. «Skibsefterretninger». Bergens Tidende. 2. februar 1926. s. 7. Henta 1. mai 2020. 
  7. «Mistet anker». Bergens Tidende. 18. februar 1938. s. 3. Henta 1. mai 2020. 
  8. «Da "Svinta" blev bombet». Bergens Tidende. 27. mars 1940. s. 1–2. Henta 1. mai 2020. 
  9. D/S Cygnus, Warsailors