MS «Cometa» (1921)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MS "Cometa" - Telemark politikammer vol.2 - 34.jpg
MS «Cometa» segla i Sør-Amerika-linja
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Cometa»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Burmeister & Wain i København i Danmark
Verftsnummer: 312
Jomfrutur: september 1921
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDSA - LCHB
Lagnad: Krigsforlist i 1940
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 3 793 brt, 2 302 nrt
Daudvekt: 6 640 tdw.
Lengd: 367,3 fot (112,0 m)
Breidd: 51,5 fot (15,7 m)
Djupgang: 22,3 fot (6,8 m)
Installert effekt : BHK 2600
Framdrift: 2x 6cyl. 4T DM (B & W)
Fart: 10,75 knop
Passasjerar: 10 passasjerar

MS «Cometa» (kallesignal LDSA - LCHB) var eit motorskip bygt i 1921 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Burmeister & Wain i København i Danmark[1] og vart levert i september 1921.[2] Skipet gjekk inn i Den Norske Sydamerikalinje mellom Nord-Europa og Sør-Amerika. 9. september 1921 gjekk skipet ut frå Brevik til Ålesund for så å gå til Sør-Amerika.[3]. Første juledag 1921 kom skipet til Stavanger fullasta med stykkgods for det som var den første rundtturen til «Cometa». Skipet ankom presis og turen vart rekna som særs vellykka. Lasta bestod hovudsakleg av mais.[4]

1. mars 1924 braut det ut brann ombord på «Cometa» medan det låg til hamn i Buenos Aires. Lasta i akterrommet vart skadd. Elden vart sløkt av mannskapet og brannvesenet i byen. Truleg vart 2 000 tønner med sement øydelagd av vatn. Skipet kom frå det utan skadar.[5] I oktober 1928 berga «Cometa» mannskapet på to frå den søkkjeferdige jakta «Emma» frå Aarhus i sørleg storm. «Cometa» var på veg frå Brevik til Aalborg for lasting, før det gjekk vidare til Sør-Amerika. Vraket vart liggjande farleg til nordaust for Skagen.[6] 12. mai 1930 gjekk «Cometa» på grunn ved Hals i Danmark med sementlast. Det vart drege av grunna av bergingsbåten «Garm». Skipet vart undersøkt av dykkarar, men hadde ikkje fått noko skade og kunne halde fram reisa.[7] På veg til Amsterdam i desember 1930, fekk «Cometa» ein motorskade og måtte returnere til Funchal i Portugal. Reparasjonen tok tre dagar.[8]

21. juni 1932 var «Cometa» på veg frå Buenos Aires til Europa då skipet i tett tåke kolliderte med «Cabo Santo Tome». «Cometa» vart råka på babord side og gjekk inn til Montevideo i Uruguay for reparasjon. Skaden, som var over vasslinja, var venta å ta fire dagar å reparere.[9] Skaden vart sidan taksert til 17 765 kroner, då skipet var komen til Skien med kornlast til Skiens aksjemølle.[10] 27. november 1936 fekk «Cometa» ein rorskade nær Stabben fyr. Skipet gjekk innom Florø, der skaden vart reparert, før skipet segla vidare mot Sør-Amerika.[11]

9. juni 1938 vart det ein kollisjon mellom «Cometa» og DS «Frode» mellom Hollandsbåen og Færder, der begge skipa vart skadde. BDS meinte at «Frode» hadde hatt for stor fart, trass i at det var tåke, og ikkje stoppa maskinen då det første tåkesignalet vart gjeve. Det kom derfor til sak og BDS kravde nesten 30 000 kroner for skadane. Saksøkte påstod derimot at det var «Cometa» som hadde gått med for stor fart og kom med eit motsøksmål på kring 22 000 danske kroner. Retten kom fram til at det var «Frode» som hadde vore uaktsam og BDS fekk litt over 20 000 kroner i erstatning.[12]

I 1938 vart det montert ein 15 tons bom og i 1939 fekk skipet ny radio og ekkolodd.

26. mars 1940 vart skipet torpedert av den tyske ubåten «U-38», ført av fregattkaptein Heinrich Liebe. Dette skjedde 65 nautiske mil nordvest for Noup Head på reise frå Ålesund til Buenos Aires via KirkwallShetland med 3 250 tonn stykkgods. Mannskapet og passasjerane ombord vart alle berga etter å ha vore 17 timar i livbåtane. Passasjerane var fire misjonærar og to barn. Seks av mannskapet på 37 var svenskar. I alt vart 42 personar redda. Dette var fem meir enn mannskaps- og passasjertalet som i utgangspunktet var oppgjeve. Årsaka var at det var teken ombord fem britiske offiserar i rom sjø.[13] Skipet vart stoppa av den britisk patruljebåt HMS «Kingston Peridot» som hadde plassert eit prisemannskap ombord, for at «Cometa» skulle ta dei inn til ei britisk hamn. Skipet vart så stoppa av ubåten på veg til Kirkwall. Førstestyrmannen vart sendt over til ubåten der han vart utspurt om destinasjonen, lasta og så vidare, før skipet vart søkkt.[14] Skipet vart evakuert i ein motorbåt og to livbåtar. Skipet knakk i to då torpedoen traff kring 02:20 på natta. Alle ombord vart redda og plukka opp av HMS «Northern Sky».

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 793 brt, 2 302 nrt og lasteevna var 6 640 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 10 052 . Hovudmaskinen var ein 2x 6-sylindra, 4-takts dieselmotor, levert av Burmeiser & Wein. Oppgjeven yting var 2600 bHk (bremsande hestekrefter) som gav ein toppfart på 10,75 knop knop.[1] Skipet hadde òg plass til ti passasjerar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Cometa». Sjøhistorie.no. Henta 3. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 3. mai 2020. 
  3. «Sydamerikalinjen». Bergens Tidende. 9. september 1921. s. 5. Henta 3. mai 2020. 
  4. «Sydamerikalinjen». Bergens Tidende. 28. desember 1921. s. 5. Henta 3. mai 2020. 
  5. «Brand ombordi "Cometa"». Bergens Tidende. 7. mars 1924. s. 7. Henta 3. mai 2020. 
  6. «Bergenskes "Cometa" redder et skibsmandskap». Bergens Tidende. 22. november 1928. s. 1. Henta 3. mai 2020. 
  7. «"Cometa" flott og uskadt». Bergens Tidende. 13. mai 1930. s. 9. Henta 3. mai 2020. 
  8. «Handel og sjøfart». Bergens Tidende. 12. desember 1930. s. 23. Henta 3. mai 2020. 
  9. «"Cometa"s kollisjon». Bergens Tidende. 24. juni 1932. s. 5. Henta 3. mai 2020. 
  10. «Skaden på Bergenskes "Cometa" ansatt til 18,000 kroner». Bergens Tidende. 17. august 1932. s. 9. Henta 3. mai 2020. 
  11. «Ingen». Bergens Tidende. 28. november 1936. s. 11. Henta 3. mai 2020. 
  12. «Bergenskes "Cometa" - Det forenede dampskipsselskap». Bergens Tidende. 30. mars 1940. s. 6. Henta 3. mai 2020. 
  13. «Folkene fra "Cometa" var 17 timer i båtene». Bergens Tidende. 28. mars 1940. s. 1. Henta 3. mai 2020. 
  14. «M/S Cometa». Warsailors.com. Henta 3. mai 2020.