DS «Vulcanus» (1914)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Vulcanus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Byggekostnad: 72 126 kroner[1]
Verftsnummer: 52
Jomfrutur: August 1914
Omdøypt: 1959 til DS «Musca»
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MKNJ - LFHE
Lagnad: Opphogd 2012
Generelle mål
Type: Taubåt
Tonnasje: 85 brt, 28 nrt
Daudvekt: 203 tdw.
Lengd: 73,0 fot (22,3 m)
Breidd: 19,0 fot (5,8 m)
Djupgang: 9,9 fot (3,0 m)
Installert effekt : 300 iHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin (M&K)
Fart: 10,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Øklandsnes»
Eigar: Ole G. Økland P/R
Kjøpt: mai 1959
Heimehamn: Haugesund
Generelle mål etter ombygging i 1960
Type: Lasteskip
Tonnasje: 158 brt, 69 nrt
Daudvekt: 203 tdw.
Lengd: 31,08 m
Breidd: 6,70 m
Djupgang: 3,13 m
Installert effekt : 150 bHk
Framdrift: Diesel (Wichmann)
Fart: 8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Kopervik»
Eigar: Arne Gismarvik, seinare Arne Vik P/R
Kjøpt: desember 1966
Heimehamn: Kopervik, seinare Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Bømlo»
Eigar: P/R Kopervik, seinare Arnold og Jorun Hjort, Svenn Tore Johnsen og Miljø og Gjennvinning A/S
Kjøpt: august 1980
Omdøypt: august 1985
Heimehamn: Stamneshella
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sigfart»
Eigar: Sigmund Bjerksted, seinare Svenn Tore Johnsen, Nordtang A/S, Ronny Stabben og Løkeland Eiendom A/S.
Kjøpt: oktober 1995
Heimehamn: Hundvåg
Lagnad: opphogd 2012

DS «Vulcanus» (kallesignal MKNJ - LFHE) var eit dampskip bygt i 1914 som taubåt for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og bukserte båtar og skip i Bergen hamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Mjellem & Karlsen i Bergen og kosta 72 126 kroner[1] då det vart levert i august 1914.[2]

14. august 1927 var «Vulcanus» utsett for ei ulukke på hamna i Bergen. Då TS «Leda» skulle forhalast av «Vulcanus» frå Skoltegrunnskaien til Laksevåg for å losse kollasta si, vart det gjeve signal om at slepetrossa skulle sleppast. Av ein eller annan grunn ville ikkje kroken på «Vulcanus» sleppe taket, og «Leda», som var komen i fart, drog «Vulcanus» med seg og over på sida, slik at vatnet fossa inn i taubåten. Trossa var av stål og let seg derfor ikkje hogge med øks. Då mannskap ombord på «Leda» såg kva som skjedde, slapp dei slepetrossa. I tillegg til det vanlege mannskapet var òg familie og vener med ombord på taubåten. Alle vart berga og taubåten vart slepen inn i fjøresteinane ved Bontelabo.[3]

Båten var i drift i Bergen hamn i mange år, og i januar 1959 vart det omdøypt DS «Musca», før det i mai same året vart selt til Ole G. Økland P/R i Haugesund og fekk namnet DS «Øklandsnes» Båten vart så ombygd i 1960 med ei forlenging og dieselmotor, og vart omregistrert til lasteskip. I desember 1966 vart skipet selt til Arne Gismarvik i Kopervik og fekk nytt namn, MS «Kopervik». I april 1972 vart det selt vidare til Arne Vik P/R i Bergen og året etter fekk det ny motor frå General Motors på 230 bHk.

Karsten Kulshamar i Bergen kjøpte båten i november 1976 og i august 1980 overførte han det til P/R Kopervik i Stamneshella. I august 1985 vart båten omdøypt MS «Bømlo», og månaden etter vart det selt til Arnold Hjort i Strusshamn. I oktober 1986 vart båten overført til Jorunn Hjort i Strusshamn.

Miljø og Gjennvinning A/S i Lauvsnes kjøpte båten i april 1991, men alt i juni det året hamna han hos Svenn Tore Johnsen i Stamneshella. I oktober kjøpte Sigmund Bjerksted i Hundvåg båten, og i januar 1996 fekk han namnet MS «Sigfart». Han hamna attende hos Svenn Tore Johnsen i september 1998 og i mars 2003 vart han selt til Nordtang A/S i Vestbygd. I juni 2007 vart han selt til Ronny Stabben i Nordstrøno før Løkeland Eiendom A/S på Atløy tok over i november 2010.

I januar 2012 vart båten omsider selt til Scandinavia Metal på EldøyaneStord for opphogging. Båten var då nær hundre år gammal.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 85 brt, 28 nrt. Oppgjeven yting var 300 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1]

Etter ombygginga i 1960 var tonnasjen på 158 brt. og 69 nrt med ei lasteevne på 203 tdw. Det vart sett inn dieselmotor frå Wichmann på 150 bHk, som gav ein toppfart på 8 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Vulkanus». Sjøhistorie.no. Henta 4. januar 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32. Henta 4. januar 2019. 
  3. «"Vulcanus" skar sig fuld igaaraftes under forhaling av "Leda"». Bergens Tidende. 15. august 1927. s. 7. Henta 28. april 2020.