MS «Capella» (1945)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vadsø - no-nb digifoto 20150225 00126 NB MIT FNR 10892 (cropped).jpg
M/S «Capella» i Vadsø kring 1950.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: M/S Capella
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted, Bergen
Verftsnummer: 377
Sjøsett: 3. mars 1943
Jomfrutur: Juni 1945
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKZI
Lagnad: Forliste 1962
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 938 brt, 475 nrt
Daudvekt: 1260 tdw.
Lengd: 224,1 fot (68,3 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1100 NHK 292
Framdrift: Sulzer dieselmotor ()
Fart: 12.5
Passasjerar: 12 passasjerar

M/S Capella (kallesignal LKZI) var eit motorskip bygt i 1943 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Capella er ei stjerne i stjernebiletet Kusken. Skipet var systerskip til MS «Sirius», MS «Pallas» og MS «Deneb».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen[1] og vart sjøsett 3. mars 1943.[2] Då det vart klart at den tyske marinen hadde planar om å konfiskere skipet, kom den administrerande direktøren Reidar Kaarbø og skipseigarane saman i fleire løynde møte for å utsetje fullføringa. Løysinga deira var å late som at ein særs viktig del, nemleg styremaskinen, hadde gått tapt og at ein ikkje kunne finne ein ny ein. Derfor vart skipet, i lag med andre BDS-skip vart det ført til Mostraumen i Osterfjorden i juli 1944.[3] Den manglande delen dukka «mirakuløst» opp att då krigen var over, og «Capella» var eit av dei første nye skipa som vart levert i Noreg etter krigen.[3]

Først 27. juni 1945 kunne Capella bli overlevert til BDS som ferdig skip, då det utførte den første prøveturen sin på Byfjorden. Skipet gjekk så inn i kystfarten mellom Oslo og Kirkenes. Utpå hausten 1946 frakta «Capella» isbjørnar frå Arktis som skulle vidare til dyrehagar på kontinentet via Tromsø og Bergen. Reporteren i Bergens Tidene var ikkje nøgd med denne handsaminga av isbjørnane og skreiv: «Kan det ikke settes stopper for dette dyreplageri å sende dyrene fra ismarkene i trange kasser, for så resten av sitt liv å tortureres i forhold helt motsatt hva dyrenes natur er innstillet for? Dette bare for å skaffe noen tromsøværinger mer penger enn de oppnår for skinnet alene? Ca. 30 isbjørner har i år passert Bergen på denne for dyrene så tunge vei[4]

16. januar 1947 vart «Capella» utsett for storm og uvêr då det skulle passere Stad. Ein del av dekkslasta, som bestod av tomme jernfat, gjekk på sjøen, så skipet returnerte til Måløy og venta der til dagen etter, då vêret var betre.[5]

I tillegg til kystfarten gjorde «Capella» stundom ekstraturar til andre hamner eller var avløysar i andre ruter. Første gongen var i februar 1947 då skipet gjekk ein ekstratur til Newcastle med sild og fisk.[6] I februar 1952 gjekk skipet ein tur til Hamburg med sildemjøl.[7] I september 1956 gjekk det som avløysar for MS «Draco» i Rotterdam-linja[8] og i februar og mars 1957 var det minst ein tur til Antwerpen.[9] Ein ekstratur til Hamburg vart utført i januar 1958.[10]

Laurdag morgon 28. februar 1959 gjekk «Capella» ved innløpet til Fredrikstad. Lasta vart lossa over på andre skip og «Capella» vart ført til verkstad i Sarpsborg.[11] 25. mars fortsette skipet i ruta frå Oslo.

Forlis[endre | endre wikiteksten]

Natt til 1. november 1962 grunnstøytte «Capella» ved Kløvningsbåen sør for Hvasser nær Tjøme på reise frå Kirkenes til Oslo. Kapteinen gjekk og la seg 00:55 og hadde gjeve førstestyrmannen melding om å vekke rutelosen som følgde skipet i god tid før Færder. Både kapteinen og losen sov derimot då grunnstøytinga skjedde. Overstyrmannen som overtok vakta etter førstestyrmannen nokre få timar, venta å sjå Laksskjærlykta, men då han ikkje såg denne la han om kursen kring kl. 0430. Fem minuttar seinare gjekk «Capella» på Kløvningsbåen for full fart, vel 12 knop. I sjøforklaringa vart overstyrmannen spurt om kvifor han ikkje hadde vekkt losen, men svarte at han hadde tenkt å gjere det omtrent då grunnstøytinga skjedde.[12] Skipet mista den eine livbåten, men heile mannskapet på 23 vart trygt berga.[13] Skipet låg stygt til og hogg mot land. Klokka 05:15 var vatnet stige opp til banjerdekket og mannskapet forlet då skipet. Skipet måtte tettast før det kunne trekkast av grunnen. Skipet kvilte på midtskipet og låg utsett til i tung dønning med storhavet rett på. Ein var nøydde til å vente på at sjøen roa seg før ein kunne gjere nokre som helst forsøk på tetting og bergingsforsøk.[14] Bergingsbåten «Traust» låg ved «Capella» dei nærmaste dagane for å vere klar om sjansen skulle by seg. «Capella» låg med 25 graders slagsside og vatn omtrent langs heile lengda til skipet.[15] 5. november byrja lossing av lasta som kunne bergast. Dekkslasta bestod av hudar som vart teken i land, og det vart berga nokre parti med fiskefiletar. Men hovudlasta som bestod av grafikk var det verre med. I alt hadde «Capella» 60 tonn last.[16] Det vart gjort ein del tettingsarbeid i førebuinga til å trekke skipet av grunna, men arbeidet var vanskeleg.[17] Etter kvart forsvann håpet om å få berge skipet. Lekkasjen i maskinrommet var for stor til at det let seg lense med pumpene på bergingsbåten og dykkarane kom ikkje til for å få tetta lekkasjen. I tillegg var det komen brist i midtskipet og store delar av botnen var slått sundt, der toppen av skjeret stakk opp gjennom botnen, slik at skipet måtte løftast over toppen for å få skipet av.[18] Natt til torsdag 16. november glei «Capella» av grunna og forsvann under havoverflata på kring 20 meters djupne. Skipet var forsikra for totalforlis for tre millionar kroner.[19] Fem dagar seinare gjekk dykkarar ned til vraket. Forskipet var vridd og brekt føre kommandobrua, og låg på nokre meters djupne. Akterskipet låg djupare og var kløyvd på langs og botnen var oppriven. Dermed kunne ikkje skipe bergast lenger og det vart rekna som totalt vrak.[20]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 938 brt, 475 nrt og lasteevna var 1260 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 2-takts dieselmotor, levert av Sulzer A/G i Winterthur i Tyskland.

Oppgjeven yting var 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1] Skipet hadde plass til 12 passasjerar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Capella». Sjøhistorie.no. Henta 24. desember 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 31. Henta 24. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Norwegian Homefleet - WW II - Ships starting with C». warsailors.com. Henta 24. desember 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 5. oktober 1946. s. 2. Henta 24. desember 2020. 
  5. ««Capella» mistet dekslasten». Bergen: Bergens Tidende. 21. januar 1947. s. 2. Henta 24. desember 2020. 
  6. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 10. februar 1947. s. 3. Henta 25. desember 2020. 
  7. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. februar 1952. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. september 1956. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  9. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 5. mars 1957. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  10. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 16. januar 1958. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  11. ««Capella» gikk på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 2. mars 1959. s. 2. Henta 25. desember 2020. 
  12. «Losen ble purret for sent, sov da Capella gikk på». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1962. s. 18. Henta 25. desember 2020. 
  13. ««Capella» på grunn ved Tjøme». Bergen: Bergens Tidende. 1. november 1962. s. 1. Henta 25. desember 2020. 
  14. «Capella må tettest før avtrekking». Bergen: Bergens Tidende. 1. november 1962. s. 8. Henta 25. desember 2020. 
  15. «Travelt døgn for bergingsbåtene». Bergen: Bergens Tidende. 3. november 1962. s. 1. Henta 25. desember 2020. 
  16. «Dekkslasten på «Capella» losset». Bergen: Bergens Tidende. 5. november 1962. s. 6. Henta 25. desember 2020. 
  17. «Blir «Capella» trukket av i dag?». Bergen: Bergens Tidende. 8. november 1962. s. 8. Henta 25. desember 2020. 
  18. «Bergingen av «Capella» et kappløp med tiden». Bergen: Bergens Tidende. 10. november 1962. s. 23. Henta 25. desember 2020. 
  19. ««Capella» blir trolig kondemnert». Bergen: Bergens Tidende. 16. november 1962. s. 6. Henta 25. desember 2020. 
  20. ««Capella» totalt vrak». Bergen: Bergens Tidende. 21. november 1962. s. 22. Henta 25. desember 2020.