MS «Crux» (1923)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Crux»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Burmeister & Wain i København i Danmark
Byggekostnad: 2 170 314 kroner[1]
Verftsnummer: 325
Jomfrutur: juli 1923
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDRF - LDBP
Lagnad: Torpedert 1940
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 3 828 brt, 2 299 nrt
Daudvekt: 6 850 tdw.
Lengd: 367,5 fot (112,0 m)
Breidd: 51,5 fot (15,7 m)
Djupgang: 22,6 fot (6,9 m)
Installert effekt : BHK 1440 IHK 1900
Framdrift: 2x 6-sylinder 4-takts dieselmotor (B & W)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4 passasjerar

MS «Crux» (kallesignal LDRF - LDBP) var eit motorskip bygt i 1923 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det kvitmåla skipet gjekk inn i Den Norske Syd-Amerikalinje og bar fargane til dette selskapet, som BDS var ein del av.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Burmeister & Wain i København i Danmark og kosta nesten 2,2 millionar kroner[1] då det vart levert i juli 1923. [2] Den første prøveturen vart utført 9. juli 1923 med kaptein Palmstrøm.[3] Skipet segla til Umeå i Sverige der det lasta høvla trelast for Australia.[4] 22. oktober kom skipet fram til Adelaide. Vidare gjekk turen til Fiji, Tonga og Samoa og attende til Australia, før det gjorde vendereis til Noreg. Det ankom Arendal den 23. mars 1924. 20. april 1924 segla «Crux» frå Aalborg i den førsten tur i ruta si i Den Norske Syd-Amerikalinje.[5] Det nådde fram til Rio de Janeiro 14. mai 1924.[6] Etter anløp i både Santos og Buenos Aires, gjekk «Crux» frå Rio att 10. juli 1924.[7] Etter å ha vore innom København, kom skipet til Bergen for første gongen den 16. august 1924.

I september 1924 gjekk «Crux» inn i den nye Norge-Pacificlinjen[8] og lasta for den første turen i linja i København. 26. oktober 1924 passerte det Panamakanalen og nådde San Francisco 15. november 1924.[9] Etter det kom attende til Europa i januar 1925, gjekk det attende til Sør-Amerikalinja.

20. mai 1928 var «Crux» i ein kollisjon utanfor Santos i Brasil med det japanske dampskipet «Kawach Mari». Det japanske skipet fekk stor skade, medan «Crux» hadde få skadar og kunne halde fram heimturen.[10] I desember 1930 klarte «Crux» å miste anker og kjetting i nærleiken av Hook van Holland i Nederland.[11] I august 1931 gjekk skipet til Genoa og Napoli i Italia med korn, før det heldt fram mot Argentina.

Tidleg i november 1932 kolliderte «Crux» med det italienske dampskipet «Monte Santo» ved innseglinga til La Plata i Argentina. Ei plate på styrbord side fekk ein bulk på «Crux».[12] I april-juni 1938 segla skipet til Montreal i Canada, med anløp i ReykjavikIsland, men fortsette sidan i Sør-Amerikalinja.

26. mars 1940 segla «Crux» ut frå Bahia og nådde Madeira 12. april 1940. 5. mai kom skipet til Falmouth i Storbritannia, og 19. mai var det komen til Liverpool. I konvoien OB 159 segla det til Cardiff, der det kom 3. juni. Vidare gjekk turen til Milford Haven. 20. juni segla skipet ut frå Milford Haven med 6 300 tonn patentdrivstoff og med Rio de Janeiro som mål. Det byrja i konvoien OB 171, som var med å skipe konvoien OG 34 som segla sørover mot Gibraltar. 25. juni segla skipet bort frå konvoien sidan det skulle vidare til Rio de Janeiro med stykkgods. Kl. 02.28 den 26. juni 1940 vart skipet råka av ein torpedo frå den tyrkiske ubåten «U-A», som var i tysk teneste, ført av fregattkaptein Hans Cohausz.[13] Dette skjedde i posisjonen 36° 53'N, 14° 00'W, godt vest av Gibraltar. Torpedoen råka styrbord side aktanfor maskinrommet, nær luke 4. Skipet fekk tung slagside og sokk etter ti minutt. Styrbord livbåt vart øydelagd i eksplosjonen, men babord livbåt og motorbåt vart sett på vatnet. Sju mann, inkludert kapteinen, måtte hoppe i sjøen, og vart plukka opp av livbåtane. «U-A» kom opp til dei og spurte spørsmål om skipet og lasta, og lovde så å sende hjelp, før dei for avstad.[14] Tjue minuttar etter mannskapet gjekk i livbåtane gjekk eit sørgåande skip like ved, men såg dei ikkje i mørkret. Mannskapet brukte ikkje lyktene til å gjere seg kjend, sidan dei tenkte at u-båten framleis var like ved, og dermed kunne sette det sørgåande skipet i fare. Mannskapet vart verande att til daggry for å sjå om dei kunne finne redningsflåtane med forsyningar ombord, i tilfelle dei måtte bli verande i livbåtane lenge. Dei var kring 300 nautiske mil frå næraste land ved Kapp St. Vincent. Kort tid etter dei hadde henta forsyningar frå to flåtar, kring 0430, vart dei oppdaga av eit skip som såg signala deira, og kom over for å plukke dei opp. Dette var den britiske lasteskipet DS «Brutus», som frakta dei til Plymouth den 1. juli. Alle ombord vart redda.[13]Sjøforklaringa vart gjort 4. juli med kapteinen, tredjestyrmanne, første maskinisten, ein matros og ein lettmatros.[14]

«U-A» heldt fram sørover til Kapp Verde-øyane der det neste offeret vart norske D/T «Sarita».[14]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 828 brt, 2 299 nrt og lasteevna var 6 850 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 10 333 . Hovudmaskinane var to 6-sylindra 4-takts dieselmotorar levert av Burmeister & Wain. Oppgjeven yting var 1900 iHk (indikerte hestekrefter) og 1440 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet kunne ta fire passasjerar.

I 1931 fekk skipet sett inn straumlinjeror. I 1938 fekk det peileapparat og i 1939 ny radio og ekkolodd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Crux». Sjøhistorie.no. Henta 17. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 42–43. Henta 17. mai 2020. 
  3. «Bergenskes nye motorskib». Bergen: Bergens Tidende. 10. juli 1923. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  4. «Bergenskes «Crux» laster for Australien». Bergen: Bergens Tidende. 31. juli 1923. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  5. «Den Norske Syd-Amerikalinje». Bergen: Bergens Tidende. 2. april 1934. s. 6. Henta 17. mai 2020. 
  6. «Skibsefteretninger». Bergen: Bergens Tidende. 16. mai 1924. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  7. «Skibsefteretninger». Bergen: Bergens Tidende. 14. juli 1924. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  8. «Bergenskes «Crux» ind i Norge-Pacificlinjen». Bergen: Bergens Tidende. 18. september 1924. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  9. «Skibsefteretninger». Bergen: Bergens Tidende. 18. november 1924. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  10. «Bergenskes «Crux» har været i kollision». Bergen: Bergens Tidende. 25. mai 1928. s. 9. Henta 17. mai 2020. 
  11. «Tapt anker og kjetting». Bergen: Bergens Tidende. 15. desember 1930. s. 12. Henta 17. mai 2020. 
  12. «Bergensbåt i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 11. november 1932. s. 9. Henta 17. mai 2020. 
  13. 13,0 13,1 «Crux». uboat.net. Henta 17. mai 2020. 
  14. 14,0 14,1 14,2 «M/S Crux». warsailors.com. Henta 17. mai 2020.