DS «Pollux» (1882)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DS «Pollux» i 1890-åra
Karriere  Det tyske keisardømet
Namn: DS «Rheinstein»
Eigar: Deutsche Dampfschiffahrtgesellschaft
Verft: Rostocker Schiff- und Maschinenbau A/G, Rostock
Jomfrutur: 1882
Heimehamn: Bremen
Kjennemerke: JVCP
Generelle mål
Tonnasje: 1112 brt, 688 nrt
Lengd: 67,4 m
Breidd: 9,2 m
Djupgang: 6,7 m
Installert effekt : 130 NHk.
Framdrift: 2Cyl. compound dampmaskin (Rostocker S&M A/G)
Karriere  Noreg
Namn: DS «Pollux»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juli 1893 for 166 922 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1900

DS «Pollux» (kallesignal JVCP) var eit dampskip bygt i 1882 som eit lasteskip for Deutsche Dampfschiffahrtgesellschaft som «Rheinstein» ved Rostocker Schiff- und Maschinenbau i Rostock. I juli 1893 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt. Då ho vart kjøpt var ho det største skipet i flåten til BDS.

BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Pollux er ei stjerne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Pollux» vart kjøpt av Bergenske i juli 1893 for 166 922 kr.[1]

22. november 1900 grunnstøytte «Pollux» på Kjærringstaven ved Bulholmråsa på reise frå Blyth til Tromsø med kol. Ho vart heva ei veke seinare, men sokk under slep til Bodø den 1. desember.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 112 bruttoregistertonn og 688 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Rostocker S&M. i Tyskland. Oppgjeven yting var 130 nHk (nominelle hestekrefter).

Skipet fekk nye donkeykjele i 1893.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 12. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: DS «Pollux» (1882)