DS «Castor» (1909)
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | DS «Castor» |
| Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
| Verft: | Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad |
| Byggekostnad: | 309 758 kr[1] |
| Verftsnummer: | 70 |
| Jomfrutur: | Juni 1909 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Kjennemerke: | MFNV |
| Lagnad: | Minesprengt 1915 |
| Generelle mål | |
| Tonnasje: | 1 313 brt, 788 nrt |
| Daudvekt: | 1 678 tdw. |
| Lengd: | 71,6 m |
| Breidd: | 10,4 m |
| Djupgang: | 4,4 m |
| Installert effekt : | 850 iHk, 153 nHk |
| Framdrift: | Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough) |
| Fart: | 11 knop |
| Passasjerar: | 36 passasjerar |
DS «Castor» (kallesignal MFNV) var eit dampskip bygt i 1909 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skipet vart bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad og kosta 309 758 kr[1] då det vart levert i juni 1909. Skipet gjekk i godsruta til Hamburg. 10. januar 1915 var skipet på veg frå Stavanger til Hamburg då det kom inn i eit minefelt ved Lister Tief nær Helgoland. Skipet gjekk på ei mine og éin fyrbøtar omkom. Besetninga vart berga av den tyske jagaren V 28. Skipet dreiv så på ei anna mine og sokk. Dette var det første krigsforliset for Bergenske.[2]
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 1 313 bruttoregistertonn og 788 nettoregistertonn og lasteevna var 1 678 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 261 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 850 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.[1]
I 1909 var det rom til 20 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 16 på 3. plass. I 1912 var det 10 eller 16 passasjerar på 1. plass og 16 på 3. plass.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 28. desember 2019.