DS «Konigsberg»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Konigsberg»
Eigar: Vestlandske Lloyd
Verft: Fredrikstad mekaniske verksted i Fredrikstad
Verftsnummer: 77
Jomfrutur: Mai 1902
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JQBM
Lagnad: Grunnstøytte 1918
Generelle mål
Tonnasje: 534 brt, 302 nrt
Daudvekt: 750 tdw.
Lengd: 46,9 m
Breidd: 8,1 m
Djupgang: 4,8 m
Installert effekt : 300 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (FMV)
Fart: 8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Konigsberg»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1908
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Corvus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ombygging i des. 1911
Tonnasje: 570 brt, 326 nrt
Lengd: 49,9 m
Breidd: 8,1 m
Djupgang: 4,5 m
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Corvus»
Eigar: The Shipping Controller
Overtatt: 1917
Lagnad: Grunnstøytte 1918

DS «Konigsberg» (kallesignal JQBM) var eit dampskip bygt i 1902 som lasteskip for Vestlandske Lloyd i Bergen.

I februar 1908 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og i 1911 ombyg og omdøypt DS «Corvus».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Fredrikstad mekaniske verksted og levert i mai 1902.

I februar 1908 vart et det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet vart forlenga med tre meter i desember 1911 og vart samstundes omdøypt til «Corvus».

I 1917 vart skipet rekvirert av Shipping Controller i Storbritannia, og under deira kontroll grunnstøytte skipet 22. mars 1918 på Stag Rocks ved Lizard på reise mellom Swansea og Rouen med kol.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 534 bruttoregistertonn og 302 nettoregistertonn og lasteevna var 750 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av FMV. Oppgjeven yting var 300 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 8 knop. Etter ombygginga i 1911 var tonnasjen 570 brt og 326 nrt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]