DS «Divina»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Svane»
Eigar: Bergen Lloyd
Verft: Ouse Shipbuilding Co,Ltd, i Goole i Storbritannia
Verftsnummer: 78
Jomfrutur: januar 1922
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCJK
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 772 brt, 1 026 nrt
Daudvekt: 2 450 tdw,
Lengd: 255,7 fot (77,9 m)
Breidd: 40,1 fot (12,2 m)
Djupgang: 16,1 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 220
Framdrift: Triple 3 cyl, dampmaskin (Earle's SB & Eng Co. Ltd. i Hull)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Dvina»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Desember 1923
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen
Namn: DS «Dvina»
Eigar: Den sovjetiske handelsflåten «Sovtorgflot»
Kjøpt: Februar 1928
Heimehamn: 1928-1932: Leningrad
1932-1959: Vladivostok
Lagnad: Kondemnert etter brann i 1959

DS «Svane» (kallesignal LCJK) var eit dampskip bygt i 1922 som lasteskip for Bergen Lloyd.

Etter berre eitt år vart skipet kjøpt av Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab A/S, som var eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), og omdøypt DS «Dvina». I 1928 vart det kjøpt av sovjetarane, som hadde skipet fram til det vart kondemnert etter ein brann i 1959.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ouse Shipbuilding Co. Ltd. i Goole i Storbritannia og vart levert i januar 1922.[1] Skipet gjekk i trampfart og den første turen tok skipet frå Hull til Rotterdam. I april 1922 segla «Svane» med 9 000 tønner sild, 1400 tønner tran og 400 kassar hermetikk til Russland, der det på denne tida var hungersnaud.[2]

I desember 1923 vart skipet kjøpt av Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab A/S, som var eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab og fekk i januar 1924 namnet «Dvina». Det gjekk dei første månadane til Austersjøen. I mai 1924 byrja det i trelastfarta til Kvitsjøen og Russland med anløp i Murmansk og Arkhangelsk, og på vinterstid fortsette det i trampfart. Vinteren 1925 var det mellom anna i Svartehavet og Odessa, før det hadde to turar mellom Frankrike og Dakar i Senegal.

28. november 1926 var skipet i kollisjon med den danske damparen «Alexandra» i Kielkanalen. «Dvina» fekk noko skade men vart mellombels reparert og kunne halde fram reisa si.[3] 18. mars 1927 var skipet i ein ny kollisjon, denne gongen med bolverket ved Eastham Locks i Manchester. Skipet fekk skade på styrbord side der to naglar var avrive og to plater og tre dekksbjelkar vart bøygd. Skipet var lasta med bomull og ull.[4]

Sommaren 1927 var «Dvina» med på ein handelsekspedisjon til Karahavet, mellom andre med systerskipet DS «Severoles». Ekspedisjonen samla seg i Tromsø og segla derifrå til MatotsjkinsundetNovaja Zemlja der dei låg og venta i seks dagar på meldingar om istilhøva. 19. august kunne dei gå inn Karahavet og fekk hjelp av isbrytaren «Malygin» då dei møtte iskanten. Dei brukte ni timar fram til øya Belyj. Her skilde ekspedisjonen lag og «Dvina» og tre andre skip segla opp elva Ob eit par døgns seglas. Her lossa dei lasta si og «Dvina» tok imot trelast for London.[5]

I mars 1928 vart Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei russiske medinteressene brukte seg av opsjonen sin til å overta nokre av skipa. «Dvina» var eitt av dei og det vart overført til russisk flagg[6] og den sovjetiske handelsflåten Sovtorgflot i Leningrad. I 1932 vart heimehamna flytta til Vladivostok.

I oktober 1959 var det brann i maskinrommet på skipet og det vart kondemnert.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 772 brt, 1 026 nrt og lasteevna var 2 450 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 659 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Earle's SB & Eng Co. Ltd. i Hull. Oppgjeven yting var 220 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 44. Henta 20. mai 2020. 
  2. «Hjælpen til Rusland». Bergen: Bergens Tidende. 6. april 1922. s. 4. Henta 20. mai 2020. 
  3. «Kollision i Kielerkanalen». Bergen: Bergens Tidende. 30. november 1926. s. 7. Henta 21. mai 2020. 
  4. ««Dvina» i kollision». Bergen: Bergens Tidende. 19. mars 1927. s. 7. Henta 21. mai 2020. 
  5. «To av Jenisei- og Obekspeditionens skib i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 19. september 1927. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  6. «Det norsk-russiske dampskibsselskaps opløsning». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1928. s. 7. Henta 21. mai 2020. 
  7. «D/S Dvina». Sjøhistorie.no. Henta 20. mai 2020.