DS «Brant County» (1945)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Klasse og type: Libertyskip EC2-S-C1
Namn: DS «Carl Oftedal»
Eigar: Nortraship
Verft: New England Shipbuilding Corp., West Yard i Portland i Maine i USA
Verftsnummer: 3100
Jomfrutur: Mars 1945
Heimehamn: Oslo
Kjennemerke: LLNK
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 7 293 brt, 5 283 nrt
Daudvekt: 10 865 tdw.
Lengd: 423,8 fot (129,2 m)
Breidd: 57,1 fot (17,4 m)
Djupgang: 34,9 fot (10,6 m)
Installert effekt : NHK 339 IHK 2500
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (General Machinery Corp. Hamilton, Ohio)
Fart: 11 knop
Passasjerar: 12 (etter 1947) passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Brant County»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Oktober 1946
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Matang»
Eigar: Halvorsen Shipping Co.
Kjøpt: November 1954
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: DS «Hedwigshutte»
Eigar: Hedwigshutte, Kohlen und Kokswerke A/G
Kjøpt: Mai 1956
Heimehamn: Hamburg
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: DS «Saronis»
Eigar: Morania Cia. Nav. S. A.
Kjøpt: Desember 1959
Heimehamn: Pireus
Lagnad: November 1967

DS «Brant County» (kallesignal LLNK) var eit dampskip som Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) kjøpte i oktober 1946 av Nortraship.

Skipet var opphavleg bygt av amerikanske krigsstyresmakter i mars 1945 som eit Libertyskip som var planlagt å ha namnet «George N. Drake». Den norske staten ved Nortraship kjøpte i staden skipet og gav det namnet «Carl Oftedal». Skipet vart omdøypt i januar 1947 etter BDS hadde kjøpt skipet. Det var det andre skipet til BDS namngjeve «Brant County» etter DS «Brant County» frå 1919 var blitt torpedert i 1943. Det var til då det største skipet BDS nokon gong hadde i flåten med 7 293 bruttotonn, så vidt større enn MS «Vega» og det største fram til BDS fekk sitt første tankskip, MT «Castor» i 1951. Det var òg det siste dampskipet BDS kjøpte inn til flåten sin, om ein ser bort frå seinare turbinskip og ein taubåt.

I 1954 vart det kjøpt av andre bergenske eigarar, Halvorsen Shipping Co., og omdøypt «Matang», før det i 1956 vart selt til Tyskland og omdøypt «Hedwigshutte». I 1959 tok greske eigarar over og det fekk namnet «Saronis», som det hadde fram til det vart hogd opp i Taiwan i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nortraship[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved New England Shipbuilding Corp. West Yard i Portland i Maine i USA[1] og vart sjøsett 13. mars 1945 som «George N. Drake».[2][3] Det var eit Libertyskip av typen EC2-S-C1. Då skipet vart levert 28. mars tok Nortraship over skipet og gav det namnet «Carl Oftedal». Det var eitt av fem skip som Nortraship tok over i 1945. Skipet hadde to kvinnelege, amerikanske radiooperatørar frå 4. april til 7. november 1945.

Det segla to turar mellom Searsport og Boston i april 1945, før det 2. mai segla til Halifax i Canada med konvoien BX 160. Lasta bestod av ammunisjon og eksplosiv.[2] På veg attende til Searsport segla skipet i konvoien ON 300. Etter dette segla det som sjølvstendig skip gjennom Panamakanalen og like til Okinawa i Japan, der det nådde fram 23. august med ei last som bestod av 8 700 tonn bomber.[2] Nær Okinawa låg skipet i ein konvoi på kring 50 skip. Dei venta på ei betring i vêret for å kunne gå inn til øya, då ein tyfon brått råka øya. Somme av bombene i lasta kom laus og rulla rundt inne i lasterom 1. Mannskapet klarte å sikre den farlege lasta. Kort tid etter høyrde dei rop om hjelp frå sjøen og ein livbåt vart sett ut. Tre menn vart redda frå den grove sjøen og teken ombord. Desse var overlevande frå eit amerikansk krigsskip som forliste i stormen. Det første mennene skal ha sagt då dei kom ombord var: «Er dette skipet med jentene på?»[2] «Carl Oftedal» fortsette å leite etter overlevande. Morgonen etter vart det sendt melding til to jagarar som fann fleire overlevande. Kommandanten for den 7. flåte på Okinawa takka personleg kaptein Pedersen for det han hadde gjort. Sjølv om det berre vart berga få menn, var «Carl Oftedal» det einaste skipet av dei 50 som hadde gjort eit forsøk på å berge mannskapet frå det forliste krigsskipet.[2] 23. desember 1945 var skipet attende i San Francisco.[2]

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

10. oktober 1946 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet og overtok det i Norfolk i Virginia. Skipet vart noko ombygd til å få lugarplass for 12 passasjerar. 22. januar 1947 vart det omdøypt «Brant County» i Antwerpen i Belgia og byrja å gå i County Line over Atlanterhavet mellom Europa og Nord-Amerika. County Line var ei samsegling mellom BDS, Westfal-Larsen, Mowinckel og Klaus Wiese-Hansen med i alt fire skip. Det gamle «Brant County» frå 1919 hadde gått i den same linja før krigen.[3] Første turen gjekk til New York City. På veg attende til Antwerpen skjedde det fleire uhell. Ved avgang frå New York strauk skipet mot ein av moloane i hamna, og fekk skade på akterrekka. Då det var komen til Chester i Pennsylvania gjekk skipet på grunn, men kom seg laus ved hjelp av ein taubåt. På overfarten over Atlanterne vart det råka av eit uvêr og fjerde livbåt vart øydelagd.[4]

I slutten av desember 1947 låg «Brant County» for anker i Antwerpen då det vart pårent av belgiske MS «Houffalize» som kom frå New York. Skipet fekk skade ved lasterom nummer to, men sprang ikkje lekk.[5] 15. februar 1948 var skipet for første gongen heimom i Bergen for å bunkre på veg nordover til Narvik.[6]

29. august 1949 var skipet innom Newcastle på veg frå Montreal til Antwerpen med korn og stykkgods. Her tok kolliderte det med kaien på styrbord side.[7] På tampen av 1949 var skipet til Savona i Italia og Rijeka i Kroatia og segla frå her til Gøteborg i Sverige.

I februar 1950 hadde skipet eit propellhavari i Austersjøen[1], og berre ein månad seinare, den 28. mars, kolliderte det i Delaware Bay på veg frå København til Boston med ein amerikansk tankbåten. I den første Lloydsmeldinga meldinga stod det at det amerikanske skipet var «Gulf Moon», medan det ein månad seinare var omtalt som «Southern Sun». Begge skipa var utafor fare, men ein mindre brann braut ut ombord på det amerikanske tankskipet. «Brant County» fekk ein del skade i baugen.[8] Skipet vart besiktiga i New York månaden etter og skaden vart rekna som stor. Omkostnadane ved reparasjonen, som inkludert tørrdokking, var rekna til 37 900 dollar, eller kring 262 000 kroner.[9] I slutten av april var skipet i fart att. I september 1950 gjekk turen frå Galveston i Texas til Haifa i Israel, så til Gdynia i Polen før det på tampen av året segla til Dakar i Senegal og vidare til Rio de Janeiro i Brasil, der det nådde fram 30. desember 1950. På denne turen vitja det òg mellom anna Buenos Aires i Argentina og Montevideo i Uruguay, før det vende attende mot Europa i mars/april 1951. Resten av året gjekk det hovudsakleg mellom Montreal eller Quebec og Antwerpen.

Dei første månadane av 1952 gjekk turen igjen til Sør-Amerika og 15. april 1952 var det komen til Gøteborg, medan det var is ved Montreal, før det resten av året tok opp att den faste ruta mellom Canada og Europa. Då skipet låg oppankra i Antwerpen kring 20. september 1952 vart skipet pårent av ein bukserbåt som kom med eit slep. Babords ankerkjetting på «Brant County» vart broten av.[10]

1. juni 1954 kolliderte «Brant County» utanfor Le Havre i Frankrike med den amerikanske MS «Fairisle», men fekk berre ein mindre skade i baugen overbord. «Fairisle» gjekk til hamn og måtte ha nokre mindre reparasjonar. «Brant County» var på veg frå Montreal til Antwerpen og skaden kunne lett reparerast der.[11]

Halvorsen Shipping Co.[endre | endre wikiteksten]

I november 1954 kjøpte Bergensreiarlaget Halvorsen Shipping Co. «Brant County» og omdøypte det «Matang» etter overtakinga i Antwerpen mot slutten av månaden.[12]

Som «Matang» fortsette skipet å gå i Atlanterhavsfarten mellom Europa og Nord-Amerika, og var dei første turane innom Messina i Italia og Houston i USA

For andre eigarar[endre | endre wikiteksten]

I mai 1956 vart skipet kjøpt av Hedwigshutte, Kohlen und Kokswerke A/G i Hamburg og kalla «Hedwigshutte». Det frakta då hovudsakleg jernmalm, fosfat, kol og koks frå Marokko, Spania, Noreg, Sverige og Argentina.[2]

Morania Cia. Nav. S. A. i Pireus i Hellas kjøpte skipet i desember 1959 og omdøypte det «Saronis».

I november 1967 vart skipet selt til Taiwan for opphogging i Kaohsiung.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 7293 brt, 5283 nrt og lasteevna var 10865 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 14 146 . Hovudmaskinen var ein trippel 3-sylindra dampmaskin, levert av General Machinery Corp. i Hamilton i Ohio. Kjelane vart bygt av Babcok & Wicox Co. Oppgjeven yting var 2 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 339 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.[1]

I 1947 vart skipet ombygd til å ha lugarar til 12 passasjerar.[1] I 1948 fekk skipet innsett gyro og i 1949 radar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Brant County». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «D/S Carl Oftedal». warsailors.com. Henta 27. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32. Henta 5. august 2020. 
  4. «Bergensbåt i styggevær». Bergen: Bergens Tidende. 24. mars 1947. s. 4. Henta 25. desember 2020. 
  5. «Bergensbåt i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 27. desember 1947. s. 3. Henta 27. desember 2020. 
  6. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 16. februar 1948. s. 2. Henta 27. desember 2020. 
  7. «Bergensbåten «Brant County»». Bergen: Bergens Tidende. 30. august 1949. s. 3. Henta 27. desember 2020. 
  8. «Bergensbåten «Brant County» i kollisjon i Delawarebukten». Bergen: Bergens Tidende. 29. mars 1950. s. 4. Henta 27. desember 2020. 
  9. «Stor skade på «Brant County»». Bergen: Bergens Tidende. 25. april 1950. s. 5. Henta 27. desember 2020. 
  10. «Kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 25. september 1952. s. 5. Henta 27. desember 2020. 
  11. «Brant County i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 2. juni 1954. s. 10. Henta 27. desember 2020. 
  12. «Bergenske selger 10000-tonneren «Brant County»». Bergen: Bergens Tidende. 10. november 1954. s. 3. Henta 27. desember 2020.