DS «Pollux» (1921)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Pollux» (1922))
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: DS «Gulfaxe»
Eigar: A/S D/S Primula
Verft: Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark
Verftsnummer: 162
Jomfrutur: januar 1921
Heimehamn: København
Kjennemerke: WNRC - LDEU - LDNG
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 676 brt, 1 028 nrt
Daudvekt: 2 400 tdw.
Lengd: 249,3 fot (76,0 m)
Breidd: 38,2 fot (11,6 m)
Djupgang: 15,4 fot (4,7 m)
Installert effekt : NHK 158 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Helsingør JS&MB)
Fart: 9,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pollux»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Desember 1922 for 797 085 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Vardal»
Eigar: 1948-1963: S.S. Vardal Rederi
1963-1965: Egil Næsheims Rederi A/S
Kjøpt: Desember 1948
Heimehamn: Haugesund
Karriere Mal:Landdata Filppinane
Namn: MS «Patriot»
Eigar: Hawthorpe Co. Inc.
Kjøpt: Januar 1965
Heimehamn: Manila
Karriere Mal:Landdata Filppinane
Namn: MS «San Augustine»
Eigar: Alca Shipping Lines Inc.
Kjøpt: 1967
Heimehamn: Manila
Lagnad: Truleg opphogd 1981

DS «Gulfaxe» (kallesignal WNRC - LDEU - LDNG) var eit dampskip bygt i 1921 som lasteskip for A/S Primula, eigd av Schach, Steenberg & Co i København i Danmark.

I desember 1922 vart skipet selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Pollux». Nokre år etter krigen, i 1948, vart skipet selt til Haugesund og omdøypt «Vardal». I 1956 vart det sett inn oljefyrt maskin og i 1965 hamna skipet i utlandet att då det vart selt til Filippane, der det fekk namnet «Patriot». Nokre år seinare fekk det namnet «San Augustin». Skipet vart truleg opphogd i 1981.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark for A/S Primula i København. Skipet vart sett på vatnet 16. november 1920 og vart døypt av dottera til skipsreiaren Andreas Erlandsen.[2] Den første offisielle prøveturen vart utført 11. januar 1921 med representantar frå reiarlaget ombord.[3]

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

8. november 1922 vart det kjend at Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) kjøpte «Gulfaxe» for nesten 800 000 kroner[1]. Skipet vart levert i desember dette året og vart omdøypt «Pollux». I tillegg kjøpte BDS systerskipa «Rødfaxe» og «Skinfaxe», som fekk namna DS «Castor» og DS «Vesta». Det vart annonert at «Pollux» skulle inn i Islandsruta til BDS, men det gjekk i staden i fart til Austersjøen. Frå april 1924 gjekk skipet i fart til Middelhavet, men på somrane i 1924 og 1925 hadde «Pollux» òg turar til Kvitsjøen og Arkhangelsk. I juni 1925 var skipet det første i denne ruta for året og det vart opplyst om at istilhøva var særs vanskelege i Kvitsjøen. Skipet måtte kjempa med drivisen i over to døgn, før det kunne laste frå ein lekter som vart ført ut til skipet med ein isbrytar.[4]

I 1929 var skipet over Atlanteren til Karibia og USA, men i 1930 gjekk farten stort sett på Nordsjøen. I 1932 gjekk mellom Middelhavet og Nord-Amerika. På reise frå Alger i Algerie til Jaffa i Palestinamandatet i slutten av februar 1932 grunnstøytte «Pollux» nær Jaffa. Skipet stod på sandbotn, men roret skal ha blitt skadd.[5] I tillegg til roret, hadde skipet mista begge ankera. Skipet vart ståande nokre veker på sandbanken, medan bergingsfartøyet «Max Berendt» prøvde å få det av grunna. Bergingsarbeidet vart i tillegg forseinka av dårleg vêr.[6] I midten av mars vart skipet trekt av grunna og vart ført til Port Said den 18. mars.[7] «Pollux» vart så ført til Alexandria i Egypt for ein mellombels reparasjon av roret og akterstamnen.[8] Ein grundigare reparasjon vart utført i Stavanger.

I juni 1939 kolliderte «Pollux» med det tyske dampskipet «Jason». «Pollux» låg oppankra på grunn av tåke ved Hook van Holland og vart råka av det tyske skipet. «Pollux» fekk eit hol i ei plate i stamnen, som kort tid etter vart reparert i Rotterdam. Skipet var på veg frå Rouen til København og kunne halde fram turen etter kort tid.[9] I august 1939 vart «Pollux» innleigd som ekspedisjonsskip på Færøyane i lag med DS «Keret», der dei frakta fisk frå Grønland til Færøyane.[10]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1939 segla skipet frå Namsos til Storbritannia og låg ei stund i Liverpool. 2. januar 1940 segla «Pollux» frå Bristol til Mobile i Alabama og New York City. Det segla som sjølvstendig skip over Atlanteren til Falmouth i England og vidare til Antwerpen i mars, før det returnerte til New York City, der skipet ankom 12. april 1940. Dermed var «Pollux» utanlands då tyskarane invaderte Noreg den 9. april og skipet vart slik disponert av Nortraship. Gjennom heile 1940 og 1941 segla skipet som sjølvstendig skip i kystfart i Nord-Amerika, i både USA og Canada, og i mars 1942 gjekk det òg sørover til Karibia. Frå juni 1942 byrja «Pollux» å gå i ymse konvoiar langs kysten av Nord-Amerika, mellom kanadiske og amerikanske hamnebyar på austkysten. Frå juli 1943 segla skipet stort sett sjølvstendig i Karibia, men frå februar 1944 vart det fleire turar i konvoi òg i Karibiafarten. Skipet deltok aldri i nokre av konvoiane over Atlanteren til Europa.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

«Pollux» var ved Cuba då freden kom 8. mai 1945, men fortsette å segle i Karibia nokre månader og sidan langs austkysten av Nord-Amerika fram til våren 1946. Først 7. april nådde skipet Antwerpen og var i Europa for første gongen på seks år.[11] Tidleg i mai 1946 var skipet attende i Noreg og resten av året gjekk det stort sett i rute til England, men gjekk elles stort sett i trampfart.

I august 1947 segla «Pollux» frå London med 1 600 tonn sukker. Etter å ha lossa i forskjellige hamner i Noreg kom skipet til Trondheim, der det vart oppdaga at skipet hadde teke inn vatn i lastelukene og mykje av sukkerlasta var øydelagd.[12]

I 1948 vart skipet selt til finske eigarar, men salet gjekk overstyr då kjøparane ikkje fekk valutalisens. Skipet vart prøvd selt på ny i november same året til Det Dansk/Finske Dampskipsselskap i København, men heller ikkje dette salet gjekk i orden. Endeleg vart skipet selt i desember 1948 til S.S. Vardal Rederi (Egil Næsheim) i Haugesund og det fekk namnet «Vardal». Skipet heldt fram å gå i trampfart i Nord-Europa, inkludert enkelte turar i trelastfarta til Kvitsjøen.

I 1956 vart skipet ombygd til oljefyring. I 1963 vart skipet overført til Egil Næsheims Rederi A/S i Haugesund.

Skipet hamna i utlandet i januar 1965, då det vart selt til Hawthorpe Co. Inc. i Manila i Filippinane. Skipet vart då omdøypt «Patriot». I 1967 vart skipet selt til Alca Shipping Lines Inc. i Manila og det fekk namnet «San Augustin». Skipet vart truleg opphogd i 1981.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 676 brt, 1 028 nrt og lasteevna var 2 400 dødvekttonn. Framdrifta var ein trippel 3-sylindra dampmaskin frå Helsingør. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 158 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1]

I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1938 vart det sett inn ny radio, peileapparat, doble vinsjar og bommar.

I 1956 vart skipet ombygd til oljefyring.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Pollux». Sjøhistorie.no. Henta 13. mai 2020. 
  2. ««Gulfaxe» paa vandet». Norges Handels og Sjøfartstidende. 24. november 1920. s. 7. Henta 14. mai 2020. 
  3. «Prøvetur». Norges Handels og Sjøfartstidende. 19. januar 1921. s. 5. Henta 14. mai 2020. 
  4. «Den første Hvitehavsfarer paa gjennemreise». Bergen: Bergens Tidende. 8. juni 1925. s. 4. Henta 14. mai 2020. 
  5. «Bergenskes «Pollux» grunnstøytt nær Jaffa». Bergen: Bergens Tidende. 26. februar 1934. s. 2. Henta 14. mai 2020. 
  6. «Der har vært stygt vær ved strandingsstedet hvor Bergenskes «Pollux» står». Bergen: Bergens Tidende. 9. mars 1934. s. 4. Henta 14. mai 2020. 
  7. «Bergenskes «Pollux» flottbragt». Bergen: Bergens Tidende. 19. mars 1934. s. 2. Henta 14. mai 2020. 
  8. ««Pollux» skal reparere midlertidig i Alexandria». Bergen: Bergens Tidende. 26. mars 1934. s. 9. Henta 14. mai 2020. 
  9. «Bergenskes «Pollux» pårent av en tysk damper». Bergen: Bergens Tidende. 26. juni 1939. s. 1. Henta 14. mai 2020. 
  10. «Bergensbåt i fiskerifart fra Grønland». Bergen: Bergens Tidende. 14. august 1939. s. 6. Henta 14. mai 2020. 
  11. «D/S Pollux». Warsailors.com. Henta 14. mai 2020. 
  12. «Betydelig skade på «Pollux»s sukkerlast». Bergen: Bergens Tidende. 18. september 1947. s. 3. Henta 14. mai 2020.