MS «Estrella» (1920)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
AS Akers mek. Verksted. May 1924.jpg
MS «Estrella» ved Akers mekaniske verksted i Oslo. Mai 1924. Foto av Anders Beer Wilse.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Athene»
Eigar: D/S A/S Ada
Verft: Werf Rykee & Co. og Rijke & Co. i Katendrecht, begge i Rotterdam i Nederland
Verftsnummer: 159
Jomfrutur: juli 1920
Heimehamn: Kragerø
Kjennemerke: MVCS - LCIU
Lagnad: Opphogd 1960
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 5 254 brt, 2 296 nrt
Daudvekt: 7 160 tdw.
Lengd: 375,7 fot (114,5 m)
Breidd: 51,5 fot (15,7 m)
Djupgang: 22,7 fot (6,9 m)
Installert effekt : BHK 2300 NHK 498
Framdrift: 2x 6 cyl. 4-takts dieselmotor (N.V. Werkspoor, Rotterdam)
Fart: 11,5 knop
Passasjerar: 6 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Estrella»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juli 1921 for 3 743 875 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ny motor i 1946
Installert effekt : BHK 2960 NHK 756
Framdrift: 2x 6cyl. 2-takts dieselmotor (General Motors, Hamilton)
Fart: 12,5 knop

MS «Athene» (kallesignal MVCS - LCIU) var eit motorskip bygt i 1920 som lasteskip for A/S D/S Ada i Kragerø.

Berre etter eitt år vart skipet selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt MS «Estrella» .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Athene[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Werf Rykee & Co. og Rijke & Co. i Katendrecht i Rotterdam i Nederland og vart levert i juli 1920.[2]. Skipet gjekk i trampfart og segla frå Rotterdam i august 1920 til Montreal i Canada. Frå her gjekk turen til Genova i Italia, og så til Savannah i Georgia i USA. Frå Brunswick i Canada gjekk turen til Bremen i Tyskland, og så attende over Atlanteren til Key West i Florida og så New Orleans. Skipet kryssa så Atlanteren att til CataniaSicilia, før skipet gjekk til Kristiania for reparasjon.[3]

Den Norske Syd-Amerikalinje[endre | endre wikiteksten]

Det var då klart at skipet skulle kjøpast av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), som tok over skipet i mars 1921. Prisen var heile 3,7 millionar kroner.[1] Skipet skulle inn i Den Norske Syd-Amerikalinje, men kom 25. mars til Akers mekaniske verksted i Kristiania fordi boltane som helt motoren på plass hadde kome laus. Den 75 tonn tunge motoren måtte difor løftast ut av skipet for å få dette til.[4] Dette tok si tid og skipet låg i ved verftet i fleire månader fram til starten av juli. Ei stund seinare kom det ei sak opp for sjøretten der eigarane av ein lekter hevda at «Estrella» hadde råka borti dei medan dei var ved Aker på sommaren, og påført lekteren skade for 8 000 kroner. I følgje kapteinen og førstestyrmannen på «Estrella» var det heilt utelukka at dei hadde vore borti lekteren, då begge var merksam på denne då dei vart taua frå kaiplassen sin til verftet.[5] Først i oktober 1924 vart det ei løysing på saka då BDS vart dømd til å betale 8 495 kroner til eigaren av lekteren, A/S Drag i Skien.[6]

Den første turen til Sør-Amerika hadde avgang frå Kristiania den 8. juli 1921 med Aalborg i Danmark som første stopp.[7] Der lasta det sement som skulle til Sør-Amerika.[8]

I september 1921 fekk «Estrella» skade på lasta. Vatn trengde inn og øydela 160 tonn med kveite, som var blitt lasta i Buenos Aires.[9] Skaden vart først oppdaga under lossing i København og det vart tilkalla folk til å undersøke kva som hadde skjedd. Det viste seg å vere rotter som hadde gnaga hol på eit blyrøyr like ovanfor skottet i lasterom 4 på babord side. Under lossinga føregjekk det senking av vatnet frå forkant til akterkant av skipet og vatnet hadde då kome inn i kornlasta og dekte dei nedste 1,5 meteren av lasterommet.[10]

16. januar 1925 var «Estrella» på veg frå Sør-Amerika til Bergen med stykkgods då det grunnstøytte ved RyvardenSletta under ein storm. Skipet hadde lossa i Flekkefjord om morgonen og passerte Ryvarden like før kl. 20. Det var mørkt og dårleg sikt, men dei kunne skimte lykta på Lyngholmen då utkikken brått ropte at det var land forut. Det vart straks slått full fart akterover og gitt ror til høgre. Skipet byrja å svinge, men akterskipet skrapa seg langs skjeret Bloksen. Dette er det same skjer som MS «Sleipner» forliste ved i 1999. Skipet kom seg av grunnen for eiga hjelp, men hadde fått ein stor lekkasje og søkte naudhamn i Leirvik på Stord. Dei hadde på dette tidspunktet ikkje radiotelegrafist ombord, fordi han, som òg var andrestyrmann, hadde fått permisjon i Oslo for å gifte seg. Kapteinen vart derfor rodd i land i Leirvik for å melde frå om skaden til skipskontoret. Bergingsdamparen DS «Achilles» vart tilkalla og ein dykkar gjekk straks ned for å sjekke skaden. Det var ein del naglar som mangla, slingrekjølenvar oppriven frå rom nummer fire og akterover og ei propellvengje var bøygd. Alt dette var på babord side. Propellakselen for babord propell var òg bøygd. Dykkaren gjekk i gang med tetningsarbeid, samstundes som skipet vart lensepumpinga. På føremiddagen dagen etter hadde ein fått kontroll på lekkasjen. Då var det 11 fot vatn i firarrommet og sju fot i femmarrommet. Då motoren vart sett i gang, førte ristingane til at tetninga slapp opp og skipet byrja å lekke på ny. Dermed måtte ein tette lekkasjane ein gong til. Kl. 18 på kvelden var ein ferdig. Ein del av lasta bestod av salta huder, som tolte vatn, og vart derfor ikkje skadd. Etter å ha lossa i Bergen gjekk skipet til Stavanger og Rosenbergs mekaniske verksted for å setjast i dokk, sidan det ikkje var stor nok dokk i Bergen. Skipet hadde 1900 tonn last med, inkludert 500 tonn mais.[11][12] 28. februar var skipet komen til Nørresundby i Danmark for lasting til Sør-Amerika.

Nord-Amerika - Middelhavet[endre | endre wikiteksten]

I desember 1926 gjekk gjennom Panamakanalen på veg til San Francisco og vidare til Vancouver og Portland i Oregon. Frå her tok skipet nokre turar over Stillehavet mellom Melbourne i Australia og Portland. I mars 1927 drog skipet vestover frå Melbourne[13] og passerte Cape Town i Sør-Afrika i midten av april[14] og Las Palmas tidleg i mai[15] før det nådde fram til Hamburg i Tyskland. Skipet gjorde ei ny jordomsegling i 1928 og var òg innom Middelhavet. Frå 1929 skipet stort sett mellom Nord-Amerika og Middelhavet. 20. februar 1931 vart det meldt frå Valencia i Spania til Lloyds i London at 38 ballar med blåtre og sju kassar med trådlause apparat var blitt skadd av eld.[16] Eitt år seinare, 11. februar 1932, vart det meldt frå New York City at «Estrella» hadde hatt kraftig uvêr over Atlanteren på veg frå Marseilles. Skipet fekk diverse skadar, mellom anna oppstod det ein lekkasje i ein tank. Skadane vart utbetra i New York.[17]

16. august 1934 vart det meldt at ti japanske sjøfolk hadde teke seg ombord på «Estrella» i Brooklyn i New York City. Dei forlangte å få snakke med ein mann dei ønskte å ta seg av. Dei var væpna med knivar og køller så kaptein Øvreseth tilkalte politiet. Dei ti japanarane vart arrestert, men slapp med betinga dom.[18]

I slutten av september 1934 braut det ut brann i lasta på forrom nr. 1 då «Estrella» var på veg over Atlanteren. Det gjekk inn til HortaAsorane etter å ha kome frå Marseilles og Lisboa på veg til New York. Brannen raste i forrommet i fleire dagar og vart sløkt ved å pumpe vatn inn i rommet. Skaden på sjølve skipet var liten. Den skadde lasta vart lossa i Horta.[19] 21. februar 1937 kom «Estrella» fram til Army Base 3 i New York City seks dagar forseinka. Den eine stormen hadde avløyst den andre på veg over Atlanteren og turen som normalt tok 12 dagar frå Lisboa til New York hadde teke 18 dagar. Store bølgjer slo stadig inn over skipet, men det vart ikkje nokre skadar.[20]

I april 1937 vart det kjend at Rederi Odfjell hadde kjøpt «Estrella» frå BDS. Det vart overlevert i juli 1937 til det Odfjell-eigde føretaket A/S Nye Kristianborg og hadde framleis registreringshamn i Bergen.[1] Skipet fortsette stort sett i den same ruta som før mellom Middelhavet og New York. I januar 1938 var skipet på veg frå Casablanca til Amsterdam då det fekk motorhavari og måtte ha hjelp av to taubåtar for å kome inn til Amsterdam.[21] I slutten av oktober 1938 mista «Estrella» eit anker under oppankring på hamna i New York. Berre kort tid etter, 1. november 1938, omkom kapteinen ombord, Bjarne Eilif Meidell (f. 1895) i ei ulukke i New York. Han hadde vore kaptein på «Estrella» i fleire år. Han vart bisatt i Sjømannskyrkja.[22]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1940 var «Estrella» framleis i fart over Atlanteren, men då krigen braut ut i Noreg 9. april 1940, var skipet på veg frå Necochea i Argentina til New York, der det nådde fram 3. mai. 18. mai gjekk skipet frå Philadelphia og frå her kryssa ho aleine Atlanterhavet til Lisboa. Portugal var nøytrale i krigen. Ho segla òg aleine attende til USA og Hampton Roads der det nådde fram 6. juli. Her var det trøbbel med at mange av mannskapet mønstra av. På eit tidspunkt i denne perioden hamna skipet inn under Nortraship. 22. august gjekk skipet vidare til Philadelphia og 9. september var det komen til Halifax i Canada for å slutte seg til konvoi HX 74 som skulle til Liverpool i England. «Estrella» frakta stål.[23]. Konvoien hadde avgang 17. september og nådde Liverpool utan dramatikk den 2. oktober. Her vart ho verande resten av året, utanom ein kort tur til Penarth i Wales i desember 1940.[23]

3. januar 1941 segla skipet ut med konvoi OB 269 Liverpool og sørover. 6. januar forlet det konvoien og segla sjølvstendig sørover til Cape Town, der ankomst var 6. februar. Der vart skipet liggande i fleire veker. 13. mars segla det vidare til Aden i Jemen, der det kom fram 7. april. Vidare segla «Estrella» med konvoi BN 23 og passerte gjennom Suezkanalen. I Alexandria snudde det og segla attende gjennom Suezkanalen som sjølvstendig skip til Aden att. Turen vidare gjekk til Rangoon i Burma og frå her attende til Cape Town, vidare til Trinidad og til slutt til Sydney i Canada, der det kom fram 9. oktober 1941.[23] Her slutta det seg til konvoien SC 49 til Liverpool med stykkgods og sju passasjerar. Det kom fram der 28. oktober, og som året før vart det liggande her ei stund. 23. desember slutta det seg til konvoien OS 15 til Freetown i Sierra Leone med stykkgods. Skipet kom fram til 15. januar 1942 og låg der nesten ein månad før det gjekk vidare til Table Bay ved Cape Town. Skipet trengde omfattande reparasjonar, men kjeldene seier ikkje kvifor, og vart liggande der til juli.[23] 3. juli segla skipet til Bombay i India som sjølvstendig skip og vende attende til Cape Town i september, og så vidare til Pernambuco i Brasil, der det kom fram 3. november 1942. Her måtte skipet igjen ha reparasjonar.[23] Resten av året segla det nordover langs kysten av Brasil.

Inngangen til 1943 vart feira på veg over til Trinidad. Frå her segla skipet med konvoien TAG 36 til den amerikanske marinebasen i Guantanamo Bay på Cuba, og frå her med konvoien GN 36 til New York. «Estrella» fekk trøbbel med motoren og vart liggande i New York til april, då det segla aleine til Boston. Frå her segla det med konvoi BX 47 til Halifax den 28. april 1943, men måtte snu same dagen fordi det framleis var problem med motoren. Skipet kom seg med den nesten konvoien den 2. mai og nådde Halifax 5. mai. 11. mai segla skipet ut med konvoien SC 130, men måtte igjen snu same dagen attende til Halifax på grunn av motortrøbbel.[23] 26. mai drog skipet ut med konvoi SC 132, men nok ein gong måtte «Estrella» snu etter å ha kolliderte med det nederlandske skipet MS «Katendrecht». Saka kom opp for Admiralitetsretten i 1946, men då kapteinen på det nederlandske skipet ikkje møtte vart saka utsett. I februar 1948 kom saka opp att, utan at kapteinen var funnen. Admiralitetsretten kom fram til at ingen av skipa hadde skuld i kollisjonen.[24] 16. juni kom skipet seg omsider av stad, med konvoien SC 134. Det var ein stor konvoi på heile 74 skip. «Estrella» kom fram til Barry i Wales med stykkgods og tømmer den 2. juli. Her vart ho liggande lenge for å reparere skadane etter kollisjonen.[23]

I april 1944 segla «Estrella» omsider vestover att, med konvoien ON 234. Målet for konvoien var New York, men «Estrella» segla til St. JohnsNewfoundland med problem. Skipet hadde nokre sjølvstendige turar i Canada og var i Montreal 13. september 1944. Resten av krigen har ein ikkje dokumentasjon på kvar skipet var, eller om det vart liggande her med motorproblem. Det segla uansett frå Montreal til Halifax i slutten av november 1945 og til slutt til New York City den 11. desember.[23]

Etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1946 fekk skipet endeleg sett inn ny maskin, etter dei mange maskinproblema mot slutten av krigen. Det var ein motor frå General Motors, som var litt kraftigare enn den gamle og gav 1 knop høgare fart, no 12,5 knop.[2] Skipet fortsette i farten frå før krigen mellom Nord-Amerika og det vestlege Middelhavet. 26. august 1948 grunnstøytte «Estrella» ved Gibraltar på veg frå Philadelphia til Oran i Algerie. Det måtte få assistanse frå taubåt, som klarte å trekke skipet av grunna. Skipet hadde ingen skadar og kunne halde fram turen til Oran.[25] Ein ny grunnstøyting skjedde i mars 1950 ved innløpet til Casablanca med ei last av sukker. Det vart lekkasje og skipet måtte i dokk for ei vekes tid for reparasjonar.[26] To propellblad var blitt skadd, kjølplater bøygd med hol over fleire meters lengd.[27]

Tidleg på 50-talet fekk skipet endra ruta og byrja å gå mellom Middelhavet og det vestlege Afrika. I 1953 vart skipet ført over til A/S Hassel, som òg var eigd av Odfjell. I juli 1954 vart det kjend at Odfjell hadde selt «Estrella» til Johan Skogland i Haugesund i selskapa A/S Rona og A/S D/S King. Dei tok over skipet i september 1954 og gav det namnet «Reina». Cia. Nav. Overseas Transport S.A., eigd av J. W. Elwell & Co i Panama tok over skipet i november 1956. I juli 1960 vart skipet selt til Soc. du Material Naval du Midi for opphogging og ankom Toulon i Frankrike 8. juli 1960.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 5 254 brt, 2 296 nrt og lasteevna var 7 160 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 10 430 . Hovudmaskinen var ein 2x 6 cylindra 4-takts dieselmotor, levert av N.V. Werkspoor i Rotterdam. Oppgjeven yting var 2 300 bHk (bremsa hestekrefter) og 498 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11,5 knop.[1] I 1946 vart det sett inn ein ny 2x 6 sylindra 2-takts dieselmotor frå General Motors. Ytinga til denne motoren var 2 960 bHk og 756 nHk, som gav ein toppfart på 12,5 knop.

Skipet hadde plass til seks passasjerar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Estrella». Sjøhistorie.no. Henta 2. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 39. Henta 2. mai 2020. 
  3. «Motorfundamentene på "Athene"». Norges Handels og Sjøfartstidende. 11. mai 1921. Henta 2. mai 2020. 
  4. «Akers mekaniske Verksted - Den store kjæmpekran i arbeide». Norges Handels og Sjøfartstidende. 13. april 1921. s. 3. Henta 2. mai 2020. 
  5. «Fra sjøretten». Bergens Tidende. 24. oktober 1921. s. 2. Henta 2. mai 2020. 
  6. «Sjøretssak». Bergens Tidende. 8. oktober 1924. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  7. «Alfabetisk ukentlig skibsliste». Norges Handels og Sjøfartstidende. 14. juli 1921. s. 9. Henta 2. mai 2020. 
  8. «Sydamerikalinjen». Bergens Tidende. 12. juli 1921. Henta 2. mai 2020. 
  9. «Skade paa hvetelasten». Bergens Tidende. 8. september 1921. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  10. «"Estrella"s vandskade - rotterne hadde gnaget hul paa blyrøret». Bergens Tidende. 15. september 1921. s. 2. Henta 2. mai 2020. 
  11. «Bergenskes "Estrella" paa grund ved Ryvarden». Bergens Tidende. 17. januar 1925. s. 4. Henta 2. mai 2020. 
  12. «Nærmere enkeltheter om "Estrella"s grundstøting ved Lyngholmen». Bergens Tidende. 19. januar 1925. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  13. «Skibsefterretninger». Bergens Tidende. 10. mars 1927. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  14. «Skibsefterretninger». Bergens Tidende. 20. april 1927. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  15. «Skibsefterretninger». Bergens Tidende. 10. mai 1927. s. 7. Henta 2. mai 2020. 
  16. «Gods fra Bergenskes "Estrella" skadet av ild». Bergens Tidende. 20. februar 1931. s. 9. Henta 2. mai 2020. 
  17. «Norske skib utsatt for havarier». Bergens Tidende. 11. februar 1932. s. 9. Henta 2. mai 2020. 
  18. «Bevæpnete japanere besøker D.s. »Estrella«». Bergens Tidende. 16. august 1934. s. 1. Henta 2. mai 2020. 
  19. . Bergens Tidende https://arkiv.bt.no/. Henta 2. mai 2020.  Missing or empty |title= (hjelp)
  20. «Skibsnyt». Nordisk Tidende. 25. februar 1937. s. 5. Henta 2. mai 2020. 
  21. «Norske havaristar». Bergens Tidende. 12. januar 1938. s. 9. Henta 2. mai 2020. 
  22. «"Estrella"s fører omkommet ved ulykkestilfelle i New York igår». Bergens Tidende. 2. november 1938. s. 5. Henta 2. mai 2020. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 M/S Estrella, Warsailors.com 
  24. «Både "Estralla" og nederlenderen ble frifunnet». Bergens Tidende. 6. februar 1948. s. 2. Henta 2. mai 2020. 
  25. «Odfjells "Estrella" flott etter grunnstøting ved Gibraltar». Bergens Tidende. 27. august 1948. s. 5. Henta 2. mai 2020. 
  26. «Bergensbåten "Estrella" har vært på grunn utenfor Casablanca». Bergens Tidende. 25. mars 1950. s. 2. Henta 3. mai 2020. 
  27. «"Estrella"s skade». Bergens Tidende. 12. april 1950. s. 7. Henta 2. mai 2020.