DS «Ara» (1919)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bois»
Eigar: D/S A/S Bois
Verft: Trosvik Verksted i Brevik
Verftsnummer: 3
Jomfrutur: August 1919
Heimehamn: Skien
Kjennemerke: MTKV - LCHF
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 974 brt, 550 nrt
Daudvekt: 1 210 tdw.
Lengd: 197,0 fot (60,0 m)
Breidd: 32,5 fot (9,9 m)
Djupgang: 12,7 fot (3,9 m)
Installert effekt : NHK 126
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Akers mek. Verksted, Kristiania)
Fart: 9,25 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ara»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Desember 1921 for 442 692 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bjørnvik»
Eigar: A. F. Bjørnstads Rederi
Kjøpt: Juli 1949
Heimehamn: Tvedestrand
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Rim»
Eigar: Skips A/S Motor
Kjøpt: August 1950
Heimehamn: Kragerø
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sjofna»
Eigar: D/S A/S Vivi & D/S A/S Asta
Kjøpt: Februar 1951
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: DS «Panagis», frå 1955 «Lucia»
Eigar: Everest Cia. Maritime
Kjøpt: Februar 1951
Heimehamn: Panama
Lagnad: Opphogd 1958

DS «Bois» (kallesignal MTKV - LCHF) var eit dampskip bygt i 1919 som lasteskip for D/S A/S Bois under Harald Hanssen i Skien.

I 1921 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og segla for dei fram til 1948. BDS gav det namnet «Ara».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Trosvik Verksted i Brevik og vart levert i august 1919.

I desember 1921 vart det kjøpt av BDS for 442 692 kroner[1]. [2] Skipet gjekk inn i fart mellom London og Austersjøen fram til sommaren 1925, då skipet 25. juli segla frå Bergen til Antwerpen. Resten av året gjekk skipet i ekstraruter til Antwerpen og Frankrike. I 1926 vart det fart til Nederland, Belgia, Frankrike og London. Frå februar 1927 byrja «Ara» å gå i den såkalla Nornanlinjen, etter at BDS overtok agenturet til Nornan i Bergen. Bergenske sette i tillegg inn DS «Kora» i ruta, som gjekk frå Bergen til Göteborg, Malmö, Stettin og Danzig.[3]

I februar 1929 vart «Ara» innefryst i isen i Køningsberg, men 14. februar kunne det segla vidare mot Pillau.[4] Der fraus det raskt fast i isen att, og denne gongen vart det liggande i ti veker, heilt til slutten av mars.[5] Fleire norske skip sleit med istilhøva denne strenge vinteren. 1. april var derimot «Ara» endeleg kome seg til Danzig. Først 16. april kom det heim att til Bergen, etter ei reise på to og ein halv månad.[6]

I september 1930 berga «Ara» mannskapet på DS «Atle» frå Haugesund. «Ara» hadde passert Anholt i Danmark då dei såg ein naudrakett. «Atle» hadde fått låst rorkjettingen, som gjorde at skipet vart liggande slik at relingen låg ned i sjøen og vatn slo inn og hamna ned i maskinrommet. «Ara» kom fram i siste liten, for mannskapet på «Atle» hadde sett livbåtane på sjøen og var klare for å gå frå i desse. «Ara» tok «Atle» på slep inn til Helsingborg, der ein taubåt tok over.[7]

I februar 1931 vikarierte «Ara» i ruta til DS «Delfinus» til Nederland og Belgia.[8] og men resten av året gjekk det i fart til Frankrike.

12. mars 1932 gjekk «Ara» på grunn på sørsida av Folda i Ramsundet ved Sandviksberget i Trøndelag. Skipet var i ballast på veg til Fineide i ekstrarute for å laste kis. Skipet vart ein del lekk.[9] Det vart brakt flott ved hjelp av bergingsfartøyet «Jason» og vart undersøkt av dykkarar. Det vart frakta til Trondheim, der det vart ytterlegare undersøkt, før det skulle halde fram mot Bergen for reparasjon.[10] Skaden vart taksert til 33 650 kroner, inkludert 9 800 kroner som vart påført under sjølve berginga. Skipet vart i skadelidt tilstand verdsett til 90 000 kroner.[11] Då skaden var ferdig reparert gjekk skipet i fart til Frankrike att. I slutten av august 1932 gjekk skipet til Manchester og Glasgow, men gjekk elles resten av året til Frankrike. Under lasting for Frankrike i august 1933, rørte «Ara» grunn ved kai i Blomvåg i Øygarden. Skipet segla inn til Bergen der dykkarar gjorde undersøkingar, men det vart ikkje funne noko skade.[12] På våren 1934 gjekk skipet som vikar i Hamburgruta til Vadsø, før det heldt fram i Frankrikeruta. I januar 1935 omkom ein fyrbøtar ombord på «Ara» etter eit fall i maskinrommet nær Vlissingen.[13] Sommaren 1935 byrja «Ara» å gå i rute til Vest-England med Glasgow og Manchester som hamner, men utover våren vart det fleire varierte turar, både til Austersjøen, Hamburg-Vadsø og til Oslofjorden.

I mai 1936 var det ei sak i Bergen sjørett om korvidt bølgjeslag frå «Ara» den 21. februar hadde gjort skade på DS «Ellavore» frå Farsund på veg opp til Hamburg. «Ellavore» låg fortøydd ved elvebreidda og det var isflak og issørpe. Kapteinen på «Ara» meinte at fortøyingane til «Ellavore» måtte ha vore for slakke for at skaden skulle ha kunne oppstått.[14]

Resten av 30-åra gjekk skipet stort sett i fart til Frankrike.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av mars 1940 segla «Ara» i konvoi med fersk fisk og post til Newcastle og kryssa Nordsjøen i konvoi HN 22. Dermed var skipet i Storbritannia då krigen braut ut i Noreg, og skipet hamna på alliert side og vart disponert av Nortraship. Skipet skulle opphavleg attende til Bergen, men det skjedde sjølvsagt ikkje, og skipet vart liggande ganske lenge i Shields i Tyne denne våren.[15]

Gjennom det meste av krigen var skipet i fart i britiske farvatn, og deltok i mange konvoiar her. 4. januar 1943 var det ei ulukke ombord då matrosen Lars E. Toranger døydde medan han arbeidde på ein livbåt. «Ara» var på veg frå Southend til Methil Roads og Leith då ulukka skjedde.[15]

14. juni 1944, kort tid etter D-dagen, segla «Ara» frå Solent til Seinebukta, og vart liggande der til 6. juli. Resten av krigen fortsette «Ara» i fart langs den britiske kysten.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Alt 21. juli 1945 var «Ara» heime i Bergen i det frie Noreg[15] med tusen tonn superfosfat, og den britiske konsulen, Norman Lesley, og kona hans ombord.[16] Seinare dette året vart det fleire turar til Storbritannia og Antwerpen, og skipet drog til Gøteborg for å frakte smør til Oslo. Seint på året gjekk skipet stort sett i Rotterdamruta mellom Rotterdam og Trondheim.

I juli 1948 selde BDS skipet til A. F. Bjørnstads Rederi A/S i Tvedestrand, og det vart omdøypt DS «Bjørnvik». Berre to år seinare, vart det selt vidare i august 1950 til Skips A/S Motor i Kragerø og skipet fekk namnet «Rim». Eit halvt år seinare, i februar 1951 vart skipet igjen omdøypt, til «Sjofna», då det var kjøpt av D/S A/S Vivi og D/S A/S Asta i Oslo.[1]

I oktober 1954 hamna skipet i utlandet då det vart selt til det panamaregistrerte Everest Cia. Maritime. Den gongen fekk det namnet «Panagis». I 1955 vart det omdøypt «Lucia». Den 13. oktober 1957 vart skipet sett på land nær Kapp Maleas då ho sprang lekk på reise frå Izmir til Tunis med sukker. Skipet vart drege av land att to dagar seinare og slept til Vatikabukta. I mars 1958 vart det selt til greske skipshoggarar og det vart opphogd nær Pireus i Hellas. Opphogginga byrja 15. mars 1958. [1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 974 brt, 550 nrt og lasteevna var 1 210 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 810 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Aker mek. verksted i Kristiania. Oppgjeven yting var 126 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,25 knop.[1]

I 1927 vart det sett inn doble vinsjar og bommar, og i 1930 fekk skipet straumlinjeror. Skipet fekk radio i 1937 og i 1938 peileapparat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 5. mai 2020. 
  3. «Nornanlinjen». Bergens Tidende. 22. februar 1927. s. 7. Henta 5. mai 2020. 
  4. «Bergenskes skib i Østersjøen». Bergens Tidende. 15. februar 1929. s. 1. Henta 5. mai 2020. 
  5. «Isen i Østersjøen». Bergens Tidende. 27. mars 1929. s. 7. Henta 5. mai 2020. 
  6. «Fanget av isen i ti uker». Bergens Tidende. 16. april 1929. s. 5. Henta 5. mai 2020. 
  7. «"Atle" av Haugesund reddet av Bergenskes "Ara"». Bergens Tidende. 24. september 1930. s. 7. Henta 5. mai 2020. 
  8. «Havnen». Bergens Tidende. 12. februar 1931. s. 4. Henta 5. mai 2020. 
  9. «Bergenskes "Ara" grunnstøtt på Folla». Bergens Tidende. 12. mars 1932. s. 3. Henta 5. mai 2020. 
  10. «"Ara" skal reparere i Bergen». Bergens Tidende. 16. mars 1932. s. 3. Henta 5. mai 2020. 
  11. «"Ara"s skade satt til kr 33,650». Bergens Tidende. 6. april 1932. s. 9. Henta 5. mai 2020. 
  12. «Bergenskes "Ara" berørte grunn ved Blomvåg». Bergens Tidende. 19. august 1933. s. 10. Henta 5. mai 2020. 
  13. «Fyrbøter ombord i Bergenskes «Ara» falt i rummet og drept». Bergens Tidende. Henta 5. mai 2020. 
  14. «Har Bergenskes "Ara" voldt skade ved bølgeslag?». Bergens Tidende. 11. mai 1936. s. 3. Henta 5. mai 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «DS Ara». Warsailors.com. Henta 5. mai 2020. 
  16. «Utsendt britisk konsul i Bergen». Bergens Tidende. 24. juli 1945. s. 3. Henta 2. mai 2020.