DS «Zeta»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «African»
Eigar: Union Steam Co.
Verft: Sir Raylton, Dixon & Co. Ltd. i Middlesbrough i Storbritannia
Verftsnummer: 266
Jomfrutur: mars 1886
Heimehamn: Southampton
Kjennemerke: MBDK
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 359 brt, 826 nrt
Daudvekt: 1 100 tdw.
Lengd: 244,2 fot (74,4 m)
Breidd: 33,3 fot (10,1 m)
Djupgang: 23,6 fot (7,2 m)
Installert effekt : 195 nHk, 1100 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (T. Richardson & Sons, Hartlepool)
Fart: 12,25 knop
Passasjerar: 88 passasjerar
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Graceful»
Eigar: P.H. Powell & Co.
Kjøpt: 1893
Heimehamn: Liverpool
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sovereign»
Eigar: Østlandske Lloyd
Kjøpt: 1901
Heimehamn: Kristiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sovereign»
Eigar: A/S Ganger Rolf (Fred Olsen)
Kjøpt: 1906
Heimehamn: Kristiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Zeta»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: November 1912 for 257 905 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1931

DS «African» (kallesignal MBDK) var eit dampskip bygt i 1886 som passasjer- og lasteskip for Union Steam Co. i Southampton. Skipet var innom fleire eigarar før det i 1912 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i Bergen og døypt om til DS «Zeta».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Sir Raylton, Dixon & Co. Ltd. i Middlesbrough i Storbritannia[1] og vart levert i mars 1886 til Union Steam Co. i Southampton. [2]

I 1893 vart skipet selt til P.H. Powell & Co. i Liverpool og det fekk nytt namn, DS «Graceful». I 1901 hamna skipet hos norske eigarar i Kristiania då det vart selt til A/S Østlandske Lloyd. Året etter fekk namnet DS «Sovereign». Det beheldt dette namnet då det i 1906 vart selt til A/S Ganger Rolf og Fred Olsen i Kristiania.

I november 1912 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen skipet 257 905 kr[1]. Dei gav skipet namnet DS «Zeta». I 1914 vart det sett inn trådlaus telegraf frå Telefunken.

13. august 1931 vart skipet selt til Brødrene Anda i Stavanger for opphogging. Salsprisen var då 21 000 kroner.[1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 359 brt, 826 nrt og lasteevna var 1 100 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 161 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av T. Richardson and Sons i Middlesbrough. Oppgjeven yting var 1 100 iHk (indikerte hestekrefter) og 195 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,25 knop knop.[1]

Skipet hadde rom til 50 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 38 på 3. plass.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «D/S Zeta». Sjøhistorie.no. Henta 29. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 31. Henta 29. desember 2019.