MY «Stella Polaris»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MS «Stella Polaris»)
Hopp til navigering Hopp til søk
MY Stella Polaris fra SFFA.jpg
MY «Stella Polaris». Foto av Olaf Andreas Knutsen Storegjerde .
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MY «Stella Polaris»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Götaverken i Göteborg i Sverige
Byggekostnad: 4 692 511 kr
Verftsnummer: 400
Sjøsett: 11. september 1926
Døypt: 11. september 1926
Jomfrutur: 26. februar 1927
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LGCF / LCYZ
Lagnad: Forliste 2006
Generelle mål
Type: Cruiseskip
Tonnasje: 5 208 brt, 1 002 nrt
Daudvekt: 2 250 tdw,
Lengd: 360,5 fot (127,1 m)
Breidd: 50,5 fot (15,5 m)
Djupgang: 17,0 fot (5,2 m)
Installert effekt : 5 250 bHk
Framdrift: 2 dieselmotorar (Burmeister & Wain)
Fart: 17,5 knop
Passasjerar: 200 passasjerar
Mannskap: 130
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MY «Stella Polaris»
Eigar: A/B Clipper
Kjøpt: Oktober 1951
Heimehamn: Malmø
Karriere Flag of Japan.svg Japan
Namn: MY «Scandinavia»
Eigar: International House Co. Ltd.
Kjøpt: Oktober 1969
Heimehamn: Tokyo
Lagnad: Forliste 2006

MY «Stella Polaris» var ein motoryacht bygd for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet var byggnummer 400 ved det svenske verftet Götaverken i Göteborg, og kjøpesummen var 4 692 511 norske kroner. Ho vart sjøsett 11. september 1926 og overlevert i februar 1927. Skipet var 127 meter langt (inkludert baugspryd) og hadde plass til 200 passasjerar. Kallesignalet var LGCF / LCYZ.

MY «Stella Polaris» segla på cruise verda rundt og vart ikkje berre det mest kjende skipet til reiarlaget, men òg eit av dei mest kjende cruiseskipa i verda.[1] Under andre verdskrigen vart ho rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta og brukt som losjiskip for tyske soldatar. I 1951 vart skipet selt til det svenske reiarlaget Clipper Line, men heldt fram i cruisetrafikk fram til 1969 då ho vart seld til Japan og ankra opp som restaurant- og hotellskip. I august 2006 sokk skipet utanfor Japan under slep til Kina.[2]

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sina etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Stella Polaris er det latinske namnet på Nordstjerna, ei stjerne i stjernebiletet Vesle bjørn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For å kompensera for øydeleggingane og tapa skipsindustrien vart påført under første verdskrigen, vart det sett i verk ein storstilt gjenoppbygging. Sjølv om det var nedgangstider i Noreg («parikrisen»), var det økonomiske oppgangstider globalt. I siste halvdel av 1920-talet var skipsfarten i sterk vekst med store skip som segla på alle verdshava. Lasteskip var dei mest talrike, men den aukande velstanden i dei industrialiserte landa gjorde at fleire reiarlag òg satsa på cruisemarknaden.

Blant desse var det norske reiarlaget Det Bergenske Dampskibsselskab, som hadde hatt suksess med dampyachten DY «Meteor». Reiarlaget kontraherte 4. august 1925 eit nytt passasjerskip berekna utelukkande på luksuriøs cruisefart. Skrogfasongen var inspirert av DY «Meteor», men i motsetnad til DY «Meteor» som var eit dampskip, hadde MY «Stella Polaris» to dieselmotorar. Anbodet på bygginga vart vunnen av Götaverken i Göteborg, sjølv om verftet ikkje hadde bygd passasjerskip før – langt mindre eit luksuriøst cruiseskip. Mykje av innreiinga vart difor utforma og bygd av underleverandørar. Firmaet Selander & Sons fekk til dømes ansvaret for alt trearbeidet ombord.

Under norsk flagg[endre | endre wikiteksten]

Den 11. september 1926 vart skipa sjøsett og døypt «Stella Polaris» av Lillie Lehmkuhl, dottera til direktøren i reiarlaget, Kristofer Lehmkuhl. Leveringsdatoen var sett til 1. april 1927, men allereie 20. februar var skipet klart for prøveturen. Prøveturen vart ein suksess, og «Stella Polaris» var snart klar for å starta seglingane for Det Bergenske Dampskibsselskab. Klokka 12.00 laurdag 26. februar 1927 la «Stella Polaris» ut frå Göteborg på jomfruturen sin. Ferda gjekk til Tilbury i England, der forsyningar og fleire passasjerar vart teke ombord. Jomfruturen heldt fram via Lisboa i Portugal til Middelhavet.

MY «Stella Polaris» i Nærøyfjorden (1928)
Foto: Anders Beer Wilse

Vår og haust vitja skipet vanlegvis varmare strøk som Middelhavet og Kanariøyane, medan vintermånadene vart brukt til jordomseglingar. Jordomseglingane hadde vanlegvis New York som utgangspunkt. Sommarmånadene vart brukt i nordlege farvatn som norskekysten, Svalbard og Austersjøen. På regulære cruise hadde skipet omkring 200 passasjerar, medan passasjertalet var redusert til det halve på jordomseglingar. Natt til 12. juni 1937 kolliderte «Stella Polaris» med det norske lasteskipet DS «Nobel» i Åramssundet nord for Stad. Sistnemnde skipet var lasta med dynamitt og ammunisjon, men til alt hell sokk DS «Nobel» utan at eksplosiva detonerte. «Stella Polaris» fekk mindre baugskadar og brekte baugsprydet. Skipet heldt fram i turisttrafikk fram til utbrotet av andre verdskrigen 1. september 1939, då ho vart lagd i opplag i Oslo. Her låg ho inntil det tyske åtaket på Noreg 9. april 1940, då reiarlaget vedtok å flytta ho til Osterfjorden i nærleiken av Bergen.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den 30. oktober 1940 vart «Stella Polaris» rekvirert av den tyske Kriegsmarine og brukt som rekreasjonsskip for ubåt-mannskap. I løpet av krigen fungerte ho som losjiskip ulike stadar langs norskekysten. Den 1. september 1943 fekk skipet tysk mannskap og flagg. Etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 vart «Stella Polaris» underlagt det britiske Ministry of War Transport og brukt til å frakta sovjetiske krigsfangar til Murmansk. Ho gjorde òg turar som troppetransportskip mellom Noreg og Skottland.

Då skipet vart levert tilbake til Det Bergenske Dampskibsselskab 1. september 1945 var ho nedsliten og forfallen. Innreiinga var øydelagt, baugsprydet mangla, og skroget var rustent. Reiarlaget meinte at skipet framleis hadde stor nytteverdi og vedtok å restaurera ho attende til fordums glans ved Götaverken i Göteborg. 1. juni 1946 vart det nyrestaurerte skipet overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab til ein pris høgare enn den opphavlege kjøpesummen i 1927. Brua var no innbygd med moderne navigasjonsutstyr, ventilasjonssystem var installert, og skipet hadde fått ein ny dansesalong. «Stella Polaris» la 10. august 1946 ut frå New York på cruise i Karibia, den første seglinga med betalande passasjerar etter krigen. Sommaren 1947 vart ho sett inn på englandruta mellom Bergen og Newcastle medan MS «Venus» var på verkstad for oppussing. Frå november same år var ho attende i cruisetrafikk og segla både i Europa og Karibien.

Under svensk flagg[endre | endre wikiteksten]

Det øvste dekket på MY «Stella Polaris» sett frå aktermasten (1928).
Foto: Anders Beer Wilse

Sidan slutten av 1940-talet var «Stella Polaris» lagt ut for sal. Etter ein 134-døgns jordomsegling som starta i byrjinga av januar 1951 (som òg skulle verta den siste jordomseglinga ho gjennomførte), vart ho selt til den svenske reiaren og forleggjaren Einar Hansen i Malmö. Originale kunstverk og utsmykking var ikkje inkludert i kjøpet og vart fjerna før overtakinga. Før ho vart sett inn i cruisetrafikk for reiarlaget til Hansen, Clipper Line, gjennomgjekk skipet ein modernisering ved Götaverken.

10. desember var arbeidet ferdig, og «Stella Polaris» heiste svensk flagg og la ut på cruise i Karibia for det nye reiarlaget sitt. I 1954 vart skipet sendt til det tyske verftet AG Weser i Bremen for ombygging og oppgradering. Køyekapasiteten vart redusert til 155, men til gjengjeld var lugarane større, og nesten alle hadde eige bad. «Stella Polaris» heldt fram i cruisetrafikk for Clipper Line og viste seg å vera ein lønsam investering. I september 1965 vart ho sendt på verkstad for ombygging. Både passasjar- og mannskapområda vart modernisert saman med mykje av det tekniske utstyret på skipet.

Etter ombyggingen segla ho for det meste på cruise i Karibia. I 1968 vart ho igjen sendt på verkstad for ombygging, denne gongen ved det svenske verftet Kockums AB i Malmö talet på lugarar vart redusert til 70, og talet på besetningsmedlemmar vart redusert til 100. På trass av ombyggingane og moderniseringa greidde ikkje «Stella Polaris» å oppfylla dei nye tyggleiksforskriftene til SOLAS. Etter ei mindre oppussing i 1969 vart det klårt at det ikkje lenger var økonomisk forsvarleg å halda skipet i drift. Ho vart difor lagt ut for sal same året.

Under japansk flagg[endre | endre wikiteksten]

23. oktober 1969 vart det kunngjort at «Stella Polaris» var seld til International House Ltd. i Tokyo, Japan for 850 000 USD. Ho forlét Lisboa 28. oktober under japansk flagg og segla gjennom Panamakanalen for siste gong før ho kom Yokosuka i Japan 13. desember 1969. Dette var siste gong «Stella Polaris» gjekk for eiga maskin. Dei nye eigarane modifiserte ho for bruk som hotell- og restaurantskip. Ho vart permanent fortøydd til kai i byen Kisho på Izu-halvøya. Her vart propellane fjerna for at ho skulle kunna skattleggjast som bygning i staden for skip. Interiøret vart halde uendra, og nedslitne delar av innreiinga vart erstatta med eksakte kopiar. Ho vart marknadsførd som det flytande hotellet «Scandinavia», men namnet «Stella Polaris» vart ikkje fjerna frå skroget. Hotelldrifta vart avvikla i 1999, men restaurantdrifta heldt fram til mars 2005.[3]

Forliset[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart skipet selt til det svenske selskapet Petro-Fast AB i Stockholm for å nyttast som hotell- og restaurantskip i Stockholm. I august 2006 forlét ho Kisho under slep for å klargjerast ved eit kinesisk verft. 2. september byrja skipet å ta inn vatn utanfor Shionomisaki sør for Nagoya, Japan. Ho lét seg ikkje redde, og den 79 år gamle yachten sokk på 70 meters djupne. Ingen var ombord på «Stella Polaris» då ho sokk.

Den sterke Kuroshiostrømmen passerer vrakstaden, som i tillegg ligg under ei travel skipslei. Dette kompliserer dykkeoperasjonar og eventuelle bergingsforsøk. Alt i desember 2006 prøvde ei gruppe japanske dykkarar å undersøkja vraket, men sterke straumar på opptil 4 knop gjorde at forsøket måtte avbrytast. Òg bergingsselskapet Fukada måtte oppgje sit forsøk med ein fjernstyrd undervassfarkost, på grunn av havstraumane.[4] Først 28. mai 2007 lukkast det ei internasjonal dykkargruppe å koma ned til vraket.[5] Eit tredimensjonalt sonarsveip viser at skipet ligg på sandbotn som har omkring 4 % helling. Ho ligg med kjølen ned, og toppen på aktermasta er omkring 40 meter under vatn (den framre masta er brekt). Det finst ingen planar om å heva «Stella Polaris».

Dronninga over cruiseskipa[endre | endre wikiteksten]

MY «Stella Polaris» i Adventfjorden på Svalbard i 1928.
Foto: Anders Beer Wilse

«Stella Polaris» var teikna av Det Bergenske Dampskibsselskabs tekniske sjef Knud Zimmer. Skrogfasongen var i likskap med det første cruiseskipet til reiarlaget, DY «Meteor» inspirert av dei hurtiggåande klipperskipa frå 1800-talet. Klipperbaugen med baugspryd, dei bakoverlente mastene, den gule skorsteinen og hekken på skipet gav det kvitmålte skipet ein elegant utsjånad.

«Stella Polaris» var ikkje berre eit av dei første spesialbygde cruiseskipa i verda, men òg eit av dei første som utelukkande segla på cruise. Før 1950-talet var det vanleg at passasjerskip segla på cruise i lågsesongane, men gjekk i passasjerruter i høgsesongane. Samanlikna med desse store passasjerskipa fortona «Stella Polaris» seg som ein kongeleg yacht, og interiøret svara til eksteriøret når det kom til eleganse og stil. Innreiinga var utført i edeltre og bygd av svenske møbelsnekkarar. I taket på spisesalen forma 150 lamper i ulike fargar ei stjerne, og dei fire mest luksuriøse lugarane hadde innreiing i høvesvis mahogny, kirsebærtre, pæretre og bjørk. Innreiinga var utsmykka med intarsia og glasarbeid utført av mellom andre den norske kunstnaren Ståle Kyllingstad. I skipslitteratur vert «Stella Polaris» kalla eit av dei venaste cruiseskipa nokosinne.

På jordomseglingane vart berre dei utvendige lugarane nytta; dei innvendige lugarane vart brukt til garderobar for passasjerane. Dette halverte passasjertalet, og med ei besetning på omkring 130 tydde dette at passasjerane verkeleg fekk førsteklasses service. På ei typisk jordomsegling starta skipa vanlegvis i New York i januar og vitja Cuba før ho gjekk gjennom Panamakanalen. I Stillehavet segla ho til Ny-Guinea, Filippinane, Indonesia og Singapore før ho gjekk til Sri Lanka og India. Etter å ha runda Kapp det gode håp, sette ho kursen nordover til Freetown, Las Palmas, Casablanca, Tanger og Gibraltar før jordomseglinga vart avslutta i Harwich i Storbritannia.

«Stella Polaris» var av audmjuk storleik samanlikna med passasjerskipa på den tida. Det italienske passasjerskipet MS «Augustus» – òg frå 1927 – var til dømes 92 meter lengre, over seks gonger større (i bruttotonnasje) og hadde 11 gonger større passasjerkapasitet.[6] Samanlikna med dagens største cruiseskip vert «Stella Polaris» forsvinnande liten. Til dømes er Royal Caribbean Internationals-skipet MS «Oasis of the Seas» (overlevert hausten 2009) nesten tre gonger lengre, 42 gonger større (i bruttotonnasje), og har 27 gonger større passasjerkapasitet.[7]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen på skipet var ved levering 5 209 bruttoregistertonn, 2 647 nettoregistertonn, og lasteevna var 2 250 dødvekttonn. Framdriften vart to Burmeister & Wain dieselmotorar som dreiv kvar sin propell. Oppgjeven totalyting var 5 250 hestekrefter (bhk), noko som gav ein toppfart på 17,5 knop. Brua var open, og overbygget var målt i lyse fargar. Passasjerkomforten var av høg standard, og skipet hadde 200 køyeplassar. D- og E-dekket romma lugarar. På C-dekket låg spisesalen som hadde plass til 214 gjester. I tillegg til vanlege passasjerlugarar romma C-dekket òg fire luksuslugarar med unik innreiing i kvart sitt treslag. B-dekket innehaldt fellesareal med kafé, røykerom og musikksalong. A-dekket låg under brua, og her var dei ni livbåtane plassert (der to hadde motor). Lenger atterut låg sjukestova, frisørsalongen og ni passasjerlugarar. Mannskapet var innlosjert i firemannslugarer som var av god standard etter måla for den tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]