DS «Keret»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Keret»
Eigar: Det norsk-russiske Dampskibsselskab (Det Bergenske Dampskibsselskab)
Verft: Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike
Verftsnummer: Nr 41
Jomfrutur: 22. april 1927
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDRC - LGDM
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1718 brt, 1002 nrt
Daudvekt: 2425 tdw.
Lengd: 251.8 fot (76.7 m)
Breidd: 39.2 fot (11.9 m)
Djupgang: 16.1 fot (4.9 m)
Installert effekt : NHK 172 IHK 800
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 9,5 knop

DS «Keret» (kallesignal LDRC - LGDM) var eit dampskip bygt i 1927 som lasteskip for Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, der Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar i lag med den sovjetiske staten. Dette var det siste skipet i flåten til dette norsk-russiske selskapet.

Skipet var kalla opp etter staden Keret i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike[1] og vart levert i april 1927.[2] Den første prøveturen vart utført 22. april 1927.[3] Som resten av skipa til Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab gjekk det inn i trelastfarta mellom Storbritannia og dei russiske hamnebyane i Kvitsjøen, men på grunn av dei harde istilhøva i Kvitsjøen om vinteren, tok det då enkelte turar til Middelhavet. Og den første turen frå verftet i Frankrike gjekk nettopp til Middelhavet og Palermo i Italia. Skipet kom til Bergen første gongen 7. juni 1927 med saltlast. Frå her gjekk turen vidare nordover til Arkhangelsk.

I Russlandsfart[endre | endre wikiteksten]

I august 1927 slutta «Keret» seg til ein russisk ekspedisjon til Sibir, i lag med DS «Severoles», DS «Divina» og DS «Soroka», fullasta med maskinar, landbruksmateriell og liknande. Skipa gjekk først til Tromsø for å ta ombord ein del handels- og vitskapsmenn,[4] før dei gjekk vidare til Novaja Zemlja, der dei låg og venta i seks dagar på meldingar om istilhøva i Karahavet. Isbrytaren «Malygin» eskorterte så ekspedisjonen gjennom isen, som dei møtte halvvegs inn i havområdet. Skipa delte seg så, og «Keret» segla med tre andre skip til Ob, medan to andre segla til Jenisej. Lasta vart lossa over på 3000 tonn store elvelekterar etter eit par døgns reise opp elva. I retur fekk skipa oljekaker og flax, eit biprodukt av hamp nytta til tauverk. Ekspedisjonen vart rekna som særs vellykka med både gode vêr- og istilhøve.[5]

I lausfart[endre | endre wikiteksten]

På våren 1928 vart Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte fartøya i flåten deira vart fordelte ved hjelp av loddtrekning. «Keret» var blant skipa som gjekk til Det Bergenske Dampskibsselskab, som i mai 1928 sette det inn under Det Bergensk-Russiske Dampskibsselskab. Skipet gjekk så i lausfart i staden og i april 1928 gjekk «Keret» inn i eit fire månader langt timecharter til Karibia og Nord-Amerika. Her vitja det mellom anna New York City, Philadelphia og Havana. I august dette året gjekk «Keret» på grunn ved Antilla då det var på veg ut hamna, lasta med sukker for Philadelphia. Etter å ha lossa noko av lasta kom skipet flott att. Skipet hadde ein lekkasje, men kunne gå vidare til målet.[6] Då dei fire månadane var omme, fortsette «Keret» å gå i fart mellom austkysten av USA og Karibia, og først i mai 1929 kom skipet attende til Bergen.[7] Skipet gjekk så inn i farta til Kvitsjøen att, før det i november segla over til Nord-Amerika att. I april 1930 var det attende i Kvitsjøfarta. Denne vinteren var skipet i Europa, men hadde minst ein tur til Middelhavet, og på våren til Leningrad og Austersjøen, før det drog nordover igjen på sommaren. I oktober 1931 segla «Keret» til St. JohnNewfoundland i Canada og kryssa attende over Atlanteren til Alicante i Spania i november og gjekk minst ein tur til over Atlanteren før det på våren 1932 gjekk til Egersund for å laste for Murmansk med sild. Vinteren 1932-1933 var igjen i fart mellom Nord-Amerika og Middelhavet og i februar 1933 vart skipet overført frå Det Bergensk-Russiske Dampskibsselskab til moderselskapet BDS.[1] Resten av året gjekk mykje i fart langs austkysten av USA og Canada, før det vendte til Middelhavet og Europa og på sommaren 1934 vitja skipet igjen Arkhangelsk.

31. januar 1939 var det ei stygg ulukke ombord på «Keret» medan det låg i Laksevåg for klassifisering. Ein 65 år gammal botnsmørar fall frå mellomdekket og ned i kolbaksen då leideren glei unna. Mannen fekk stygge sår i hovudet og vart raskt køyrt til Naudhjelpestasjonen.[8]

I august 1939 vart «Keret» leigd inn til ein fangstekspedisjon frå Færøyane til Grønland.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I februar og mars 1940 deltok «Keret» i nokre konvoiar over Nordsjøen mellom norske farvatn og Storbritannia. Ein av desse, som gjekk frå Noreg til Storbritannia i midten av mars, konvoi HN 20, vart angripen av seks Heinkel-fly. Dei slapp i alt 15-20 bomber og tre skip vart skadd, mellom anna norske DS «Svinta». 4. april 1940 segla «Keret» som sjølvstendig skip til Rotterdam, og var dermed her då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940. 17. april 1940 segla skipet attende til Storbritannia og vart så disponert av Nortraship. I mai gjorde skipet nokre turar til Caen i Frankrike, og i juni og juli segla skipet på den britiske kysten. I august vart det avgjort at «Keret» skulle krysse Atlanteren og segla i lag med konvoien OA 200. Denne segla ut frå Methil den 16. august 1940. Konvoien vart spreidd som planlagt ettermiddagen 20. august og «Keret» heldt fram aleine med Sydney i Canada som mål. Skipet gjekk i ballast.[9]

Kl. 23:10 den 22. august, ved 54 16N 23 08W, vart skipet råka mellom rom tre og fire av ein torpedo sendt frå «U 37». Heile akterdekket på styrbord side var borte. Då eksplosjonen skjedde var kapteinen, andrestyrmannen Torp og lettmatros Vedvik på brua, medan matros Dahl var på taket av styrhuset som utkikk. Desse fire sprang raskt til babord livbåt og byrja å låre. På denne tida var akterdekket på skipet alt under vatn og det hadde slagside til babord side. Førstestyrmannen kom òg til og dei gjekk alle i båten, men før dei kunne kome seg bort, hang akter davit fast i båten, og heile livbåten kapseisa. To mann hoppa overbord, to andre kom i flåten frå taket over maskinrommet, medan kapteinen heldt fast i livbåten og vart drege med under. Båten kom seg derimot raskt fri og flaut opp att. No stod skipet vertikalt i vatnet med baugen opp og brua og skorstein fall ned, og råka førstemannen, som var i flåten, i skuldra. Fire av mennene, inkludert kapteinen, klarte å komme seg oppå den kollsegla livbåten. Kokken hadde ikkje klede på og var skadd, men ikkje alvorleg. På denne tida kom ubåten over til mennene på livbåten og spurte dei vanlege spørsmåla om skip og last, før han tok av sørover.[9]

Etter to timar klarte dei tre som var i dei to flåtane (førstestyrmannen, matrosen Jamtø og lettmatros Dahl) å padle over til båten, som vart snudd rett veg og etter dei klarte å tette ein lekkasje kunne båten brukast. Dei tok forsyningane frå flåtane og ei mast og eit segl vart sett opp. Dei taua eine av flåtane til det vart dagslys for å sikre seg at båten ikkje lenger var lekk, så let dei flåten gå og sette av stad austover. Dei sju overlevande vart plukka opp kort tid før middagstid den dagen (23. august) av britisk DS «Trident» og kom i land i Sydney i Canada den 30. august. 13 mann ombord omkom, ni av dei nordmenn, to danskar, ein brite og ein kanadiar.[9]

Britiske «Severn Leigh» og «Brookwood» frå den same konvoien vart òg søkkte.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 718 brt, 1 002 nrt og lasteevna var 2 425 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 218 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Worms & Cie i Le Trait. Oppgjeven yting var 800 iHk (indikerte hestekrefter) og 172 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1]

I 1931 fekk skipet straumlinjeror og i 1939 ny radio.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Keret». Sjøhistorie.no. Henta 27. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 43. Henta 27. juni 2020. 
  3. «Det norsk-russiske dampskibsselskabs skib «Keret»». Bergen: Bergens Tidende. 23. april 1927. s. 7. Henta 27. juni 2020. 
  4. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. august 1927. s. 5. Henta 27. juni 2020. 
  5. «To av Jenisei- og Obekspeditionens skib i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 19. september 1927. s. 1. Henta 27. juni 2020. 
  6. «Bergenskes «Keret» paa grund». Bergen: Bergens Tidende. 13. august 1928. s. 1. Henta 27. juni 2020. 
  7. «Hjem fra langfart». Bergen: Bergens Tidende. 31. mai 1929. s. 9. Henta 27. juni 2020. 
  8. «Bunnsmører falt i rummet». Bergen: Bergens Tidende. 31. januar 1939. s. 12. Henta 27. juni 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «DS Keret». USA: Warsailors.com. Henta 27. juni 2020.