MS «Deneb» (1942)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MS Deneb (1942) in Finnmark, 1950-1960.jpg
M/S Deneb er i ferd med å løfte av ein sjark og setje han på sjøen, ein ukjend stad i Finnmark.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Deneb»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted, Bergen
Byggekostnad: 1 396 755 kr[1]
Verftsnummer: 373
Jomfrutur: mars 1942
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKSA
Lagnad: Forliste 1970
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 929 brt, 462 nrt
Daudvekt: 1260 tdw.
Lengd: 235,0 fot (71,6 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1100. NHK 292
Framdrift: 6-sylindra 2-takts dieselmotor (Sulzer A/G, Winterthur)
Fart: 12,5 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Slensvik»
Eigar: Skibs A/S Karlander (Egil Paulsen)
Kjøpt: Februar 1964
Heimehamn: Fredrikstad
Karriere Flag of Singapore.svg Singapore
Namn: MS «Sira»
Eigar: Gibbons & Co. Ltd (Thome & Co)
Kjøpt: Juli 1967
Heimehamn: Singapore
Karriere Flag of Singapore.svg Singapore
Namn: MS «Joy Taylor»
Eigar: British Asian Shipping Ltd.
Kjøpt: 1970
Heimehamn: Singapore

MS «Deneb» (kallesignal LKSA) var eit motorskip bygt i 1942 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen, og dette skipet vart kalla opp etter stjerna Deneb. Det var det tredje skipet til BDS med dette namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta kring 1,4 millionar kroner[1] då det vart levert i mars 1942. [2]

Skipet gjekk i opplag ved Bjordal i Sognefjorden ei stund i lag med MS «Sirius» på grunn av drivstoffmangel og for å unngå å bli rekvirert av tyskarane.[3]

19. november 1943 grunnstøytte skipet ved Lepsøyrevet. Saka var oppe i sjøretten i januar 1944. Kapteinen Magnus Borge forklarte at dei var i nærleiken av Ålesund då skipet gjekk på land for full fart, og at losen hadde forveksla Haugsnes lykt med Storholmen lykt. Ein fann først ikkje noko lekkasje i skipet, men seinare var det byrja å lekke i forrommet. BDS-fartøyet MS «Pallas» låg i Ålesund og vart tilkalla for å trekke «Deneb» av grunna, men det gjekk ikkje. «Herkules» frå Norsk Bjergingskompani vart då innkalla og skipet kom laus. Dei klarte å halde lekkasjen under kontroll med sine eigne pumper. I juni 1944 vart skipet taksert til 1,58 millionar kroner i skadelidd tilstand.

6. november 1944 vart skipet rekvirert av Kriegsmarine og nytta til troppetransport til Nord-Noreg. Mot slutten av krigen i mai 1945 var «Deneb» i Mosjøen med tysk mannskap. 3. juni 1945 vart «Deneb» returnerte til eigarane i Mosjøen og vart frakta til Bergen for reparasjon ved BMV, som tok resten av sommaren og det meste av hausten. Det vart så sett inn i kystfrakteruta til BDS mellom Oslo og Nord-Noreg, og den 15. november 1945 gjekk det frå Bergen til Tromsø.

25. januar 1946 gjekk «Deneb» på grunn ved Kalven sør for Stoksund på veg sørover frå Tromsø med fisk og stykkgods. På brua var los, loslærling og rormann. Kapteinen var gått til køys og vakthavande var førstestyrmannen. Skipet gjekk i regntjukke i sørvestleg bris for full fart. Frå Støyten varde styrte dei sørvest til sør etter kompasset. Losen og loslærlingen gjekk inn i karthuset for å sjå etter eit merke. Då losen kom ut att så han at dei nærma seg Hestholmen, og det vart gjeve hardt babord ror, men det var for seint, og «Deneb» vart ståande tungt på grunna.[4] Feilen vart sagt å vere at losen hadde berekna nokre minutt feil på klokka og at lyset på Smørsholmskjær lykt var for svakt til at ein såg det.[4] Kapteinen vart tilkalla så snart skipet var gått på grunn og gav ordre om å peile skipet. Det vart sendt opp naudrakett og etter ein time kom ein motorbåt til staden. Førstestyrmannen vart frakta til Lysesund for å telefonere etter ein bergingsbåt. Mannskapet på «Deneb» tok ingen sjansar på å kome seg flott for eiga maskin, då dei frykta lekkasjen var så stort at skipet kom til å søkke.[4] «Parat» frå Norsk Bjergingskompani var på veg nordover og kom til assistanse godt utpå kvelden. Sjølve avtrekkinga tok kring 20 minutt ved å vri «Deneb» noko til begge sider.[4]«Deneb» fekk lekkasje i forpiggen og i rom nr. 1 og 2. Bergingsfartøyet fekk sett i verk pumper ombord.[5] Det vart ført inn til Lysesund, der ein kunne gjere tetting i smulare farvatn, før det vart ført til Kristiansund for omlasting.[6] Skipet vart så ført til Bergen for reparasjon og var attende i ruta i slutten av april 1946.

I mai 1950 var «Deneb» i Bergen til klassifisering.[7]

Tidleg i februar 1952 hadde «Deneb» ein mindre kollisjon med ein kai nord for Bergen og var 4. februar til teknisk overhaling, men kunne halde fram i ilgodsruta si.[8]

Natt til søndag 10. januar 1954 gjekk «Deneb» på grunn i Steinsundet i Solund i tung snø, på veg nordover frå Stavanger til Hammerfest med 400 tonn stykkgods, der fem tonn låg på dekk. Kapteinen gjekk av vakt kl. 0130 og sette seg i ein stol då han frykta at det kom til å kome snøbyer. Kl. 0250 vart kapteinen varsla, medan dei var i Steinsundet. Frå Larsboholmen segla dei i den kvite sektoren og gjekk med vekslande fart. I ein sving kom det ei tett snøbye og lykta forsvann, men dei fekk retta opp kursen før all sikta forsvann. Skipet gjekk då med 7-8 knops fart og ein sakka ikkje av då ein trudde ein kom til å gå klar land. Skipet støytte så brått og hardt på ein holme, litt nord for Fribergholmen. Det var berre ein time etter flo sjø då grunnstøytinga skjedde. Det var ingen lekkasjar, men skipet hadde 15 graders slagside, som auka til 30 grader då det fjøra. Bergingsbåten «Uller» kom til staden og fekk drege «Deneb» av grunna på to forsøk. Ein merka då at det var kome vatn i smøroljetanken.[9] Skipet vart taua til Bergen[10] og det vart oppdaga noko skade på lasta då denne vart lossa. Skipet vart reparert ved Rosenberg Mekaniske Verksted i Stavanger.[11] 24. februar 1954 var skipet i fart att.

Torsdag kveld 11. november 1954 kolliderte Oslobåten «Gregers Gram» på 10 000 tonn med «Deneb». «Deneb» fekk eit stort hol i skipssida, like over vasslinja, og gjekk til Dokkeskjærskaien der skaden vart undersøkt.[12] Reparasjonen var ferdig etter to dagar.

Natt til måndag 17. januar 1955 gjekk «Deneb» på grunn ved Leiskjær i nærleiken av Vallersund. Skipet var lasta med 423 tonn last, med mellom anna langjern, garnstein og 699 øvingsbomber. Kapteinen hadde frivakt då ulukka skjedde. Kl. 0159 vart det slått stopp i maskinen etter ordre frå losen, og same tid rørte skipet grunnen. I grunnstøytingsaugneblinken såg styrmannen blinka frå Leiskjera fyr, som då viste kvitt. Styrmannen meinte at årsaka til grunnstøytinga må ha vore at dei ikkje såg blinka frå fyret og at straumen hadde sett skipet for langt vest. Dagen etter la styrmannen merke til at det hadde lagt seg is føre skjerminga på fyret og at dette nok har gjort at ein ikkje hadde sett blinkinga. I tillegg var ei anna lykt på Treholmen heilt nedsnødd og isa, slik at heller ikkje denne var synleg.[13] Bergingsbåten «Draugen» kom til assistanse frå Ålesund[14] og gjorde stor skade på skroget då det vart trekt av. Skipet vart slept til Bergen for reparasjon ved Laksevågsneset, men 5. februar vart skipet sendt til Sarpsborg for å utføre reparasjonen der.[15] I midten av mars var skipet attende i ruta si.

Frå 22. oktober til 24. november 1955 hadde «Deneb» nokre turar i godsruta Bergen-Haugesund-Stavanger-Newcastle. Like etter gjekk skipet til Hamburg og gjekk frå 1955 periodevis i Den Norsk-Tyske Hamburglinje, som vart operert av BDS og dei tyske selskapa Ernst Russ og A. Kirsten. BDS nytta MS «Diana» og «Sirius» i denne ruta.[3] I periodane då det ikkje gjekk i Hamburglinja, gjekk det i den gamle ilgodsruta si mellom Oslo og Kirkenes fram til juli 1956. 10. juli 1956 hadde «Deneb» avgang frå Bergen til Antwerpen på veg sørover til Middelhavet, og vart så nytta i linjefart mellom Bordeaux og Casablanca i lag med MS «Pallas».[3].

«Deneb» var attende i Bergen for overhaling det meste av september og oktober 1956, før det i slutten av oktober igjen segla sørover til Middelhavet og byrja på den nemnte ruta mellom Frankrike og Marokko, der det gjekk heile 1957 og fram til juni 1958. Etter nokre månader i Bergen, segla «Deneb» via Newcastle til ReykjavikIsland i september, og frå her segla det inn att i ruta mellom Bordeaux og Casablanca i november 1958 og fram til juli 1959. Etter ein tur frå Liverpool til Middelhavet var det attende i Bergen i september, men segla vidare til Trondheim for opplag i ein månad, før det i oktober 1959 tok opp att ruta til Casablanca, men denne gongen frå forskjellige hamner langs atlanterhavskysten i Frankrike, Nederland og England. Då skipet var ferdig for sesongen i denne ruta i juni 1960, segla det ein tur til Buenos Aires i Argentina og var attende i Bergen i slutten av august 1960. Denne hausten hadde «Deneb» turar til Sverige, Danmark og Skottland, før det igjen sette i veg sørover i rute mellom Dieppe i Frankrike, og enkelte andre hamnebyar, og Casablanca. Då skipet kom attende til Bergen i juli 1961, byrja det å gå i fraktfart mellom Vestlandet og Liverpool/Mersey-området, men våren 1962 gjekk «Deneb» igjen mellom Dieppe og Casablanca. I juni 1962 hadde skipet ein enkelt og siste tur i ruta til Vest-England, før denne ruta vart overteken av innleigde fartøy på timecharter.[3]. Resten av sommaren 1962 låg det i opplag i Bergen, før det 11. september 1962 sette av stad mot Grønland. Turen attende gjekk til Belfast i Nord-Irland og så til Pireus i Hellas og Istanbul i Tyrkia i november. Heime att i Noreg frå desember 1962 til mars 1963, tok «Deneb» over Finnmarksruta til MS «Capella». Vidare fram til juli 1963 gjekk skipet i rute til Antwerpen og London, før det vart ymse turar til London, Færøyane og Antwerpen utover hausten.

Andre eigarar[endre | endre wikiteksten]

Den siste turen for BDS gjekk til Vest-England, før det i februar 1964 vart «Deneb» selt til Skibs A/S Karlander i Fredrikstad i lag med MS «Sirius», og fekk namnet «Slenesvik».[16]

Gibbons & Co. Ltd i Singapore kjøpte skipet i juli 1967 og det vart omdøypt til «Sira». I 1970 kjøpte British Asian Shipping Ltd. i Singapore skipet og det fekk namnet «Joy Taylor». 29. desember 1970 sokk skipet ved 6,59 ºN og 105,53 ºE, kring 280 nautiske mil sør for Saigon, etter at lasta hadde forskyvd seg på reise frå Singrapore til Saigon.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 929 brt, 462 nrt og lasteevna var 1260 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 001 . Hovudmaskinen var ein dieselmotor, levert av Sulzer A/G i Winterthur. Oppgjeven yting var 1 100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1] Skipet hadde rom til 12 passasjerar.

I 1948 vart det sett inn ny radio, ekkolodd og peileapparat, og i 1950 fekk skipet ny radar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Deneb». Sjøhistorie.no. Henta 5. desember 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 31. Henta 5. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Norwegian Homefleet - WW II - Ships starting with D». Warsailors.com. Henta 5. desember 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Da Bergenskes «Deneb» støtte på Kalven». Bergen: Bergens Tidende. 11. februar 1946. s. 4. Henta 5. desember 2020. 
  5. «B.D.S.s "Deneb" grunnstøtt i gåraftes ved Stoksund». Bergen: Bergens Tidende. 26. januar 1946. s. 1. Henta 5. desember 2020. 
  6. ««Deneb» brakt flott av «Parat»». Bergen: Bergens Tidende. 28. januar 1946. s. 3. Henta 5. desember 2020. 
  7. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 20. mai 1950. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  8. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 4. februar 1952. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  9. «Da Deneb støtte i Steinsundet». Bergen: Bergens Tidende. 15. januar 1954. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  10. «Bergenskes Deneb til Bergen som havarist». Bergen: Bergens Tidende. 11. januar 1954. s. 9. Henta 5. desember 2020. 
  11. «Deneb på farten igjen». Bergen: Bergens Tidende. 24. februar 1954. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  12. «Kollisjon på havnen». Bergen: Bergens Tidende. 12. november 1954. s. 5. Henta 6. desember 2020. 
  13. «Isbelegg på fyret hindret blinket». Bergen: Bergens Tidende. 29. januar 1955. s. 3. Henta 6. desember 2020. 
  14. ««Deneb» på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 17. januar 1955. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  15. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 5. februar 1955. s. 2. Henta 6. desember 2020. 
  16. «Bergenske har solgt «Deneb» og «Sirius»». Bergen: Bergens Tidende. 20. januar 1964. s. 1. Henta 6. desember 2020.