MS «Saturnus» (1930)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Saturnus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted
Byggekostnad: 933 498 kroner[1]
Verftsnummer: 143
Jomfrutur: juli 1930
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJFT - LHFH
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 955 brt, 510 nrt
Daudvekt: 1 100 tdw.
Lengd: 192,2 fot (58,6 m)
Breidd: 30,1 fot (9,2 m)
Djupgang: 20,5 fot (6,2 m)
Installert effekt : BHK 1500
Framdrift: Atlas diesel (A/B Atlas Diesel, Stockholm)
Fart: 10 knop
Passasjerar: 2 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Bergion»
Eigar: Kristian E. Samuelsen & Ivar Olsen
Kjøpt: August 1955
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: MS «Levante»
Eigar: Navigenoa (Fratelli Frassinetti)
Kjøpt: Oktober 1956
Heimehamn: Genova
Lagnad: Grunnstøytte 1963

MS «Saturnus» (kallesignal LJFT - LHFH) var eit motorskip bygt i 1930 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. «Saturnus» er det latinske namnet på planeten Saturn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta opp under ein million kroner[1] då det vart levert i juli 1930.[2]. Skipet gjekk av stabelen 16. mai 1930. Det var systerskip til MS «Tellus» og MS «Uranus», som begge vart bygde fem år tidlegare. Den første prøveturen på Byfjorden vart utført 24. juli.[3] Den første turen gjekk som vikarskip for DS «Clio» i ruta til Lofoten og Senja.[4] Etter denne turen gjekk skip inn i ruta mellom Oslo og Kirkenes i lag med systerskipa.[5] Alt i august tok det ei ny vikarrute for MS «Canis» til Tromsø, ei rute det kom til å gå fast i dei neste åra.

18. november 1933 var det ei dødsulukke ombord på «Saturnus» medan skipet låg i Bodø. Den 23 år gamle matrosen Karsten Solstad fall frå luka på mellomdekket og ned på banjerdekket, kring 2,5 meter nedanfor. I fallet råka truleg hovudet hans kanten av luka på mellomdekket. Lege vart tilkalla men livet stod ikkje til å redde.[6]

9. juli 1936 fekk skipet ein motorskade og måtte forhalast ved Laksevåg, der skaden vart reparert dagen etter.[7] 30. mars 1937 fekk skipet på ny maskinskade og måtte innstille ruta til Tromsø den veka. Reperasjonen tok lengre tid enn ein hadde trudd og gamle DS «Mercur» tok derfor over som vikar.[8] 20. april vart det utført ein prøvetur etter reparasjonen då det oppstod ein kraftig eksplosjon ombord. Toppventilen vart sprengt av og gjekk gjennom jernplater som danna veggen i maskinrommet. Fleire røyr vart òg øydelagd. Andremaskinisten og eit par andre menn var i maskinrommet då eksplosjonen skjedde, men ingen kom til skade. Skipet måtte dermed inn att til reparasjon.[9] «Mercur» fortsette derfor som vikarskip. 4. mai var «Saturnus» attende i ruta si.

8. april 1940 var skipet på veg sørover frå Trondheim, då det fekk ordre av den britiske destroyeren om å gå til Kristiansund på grunn av minelegging nær Stad. Då tyskarane invaderte vart «Saturnus» lagt i opplag i Todalsfjorden. Her vart det angripe av tyske fly 28. april. Mannskapet skutla skipet ved å opne ventilane og det sokk morgonen den 29. april. Ho hadde då ikkje noko last ombord.[10] Ingen ombord vart skadd eller mista livet i flyåtaket.

21. mars 1941 vart det heva av Norsk Bjergningskompani. Skipet vart reparert og gjekk inn att i teneste til BDS hausten 1942. På grunn av aukande mangel på drivstoff mot slutten av krigen låg skipet ofte i opplag.[10]

Alt 15. mai 1945 var skipet på veg nordover frå Bergen og gjekk raskt inn att i ruta til Tromsø, men utvida etter kort tid ruta til å gå mellom Oslo og Troms. I mars 1947 hadde skipet ein ekstratur til Newcastle. I august og september same året var skipet i Laksevåg for overhaling av maskinen. Ein arbeidar fall ned i lasterommet på «Saturnus» 21. januar 1949. Han vart køyrt til sjukehus, men vart ikkje hardt skadd. [11]

8. januar 1951 fekk «Saturnus» eit maskinhavari og vart av lokalskipet DS «Salten» slept inn til Bodø. Ein maskinventil var øydelagd og det måtte vente nokre dagar i Bodø på maskindel frå Bergen før det kunne gå vidare. [12] I desember 1951 gjekk «Saturnus» på grunn i Raftsundet i snøføyke. Skipet kom straks av att og kunne halde fram turen tilsynelatande uskadd.[13] Skipet hadde likevel fått noko skade i skroget. Skaden vart sett til 15 800 kroner og skipet vart i skadelidd tilstand sett til 1,5 millioner kroner.[14]

Tidleg i 1954 gjekk skipet enkelte turar til Hammerfest. 16. mai 1955 lossa «Saturnus» for siste gongen i Bergen etter å ha kome frå Tromsø, og gjekk så i opplag. I august vart selt til Kr. E. Samuelsen og Ivar Olsen i Oslo, som gav skipet namnet «Bergion». Det fortsette då å gå i rute mellom Oslo og Finnmark.[15]

I oktober 1956 vart et selt til Navigenoa SpA (Fratelli Frassinetti) i Genova i Italia, og omdøypt «Levante». Skipet gjekk på grunn Capo di Monte Sante på austkysten av Sardinia den 23. oktober 1963, på reise mellom Tunisia og Marseilles.[10] 12 mann mista livet.[1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 955 brt, 510 nrt og lasteevna var 1 100 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 565  og av dette var 283 m³ kjølerom etter dette vart lagt inn i 1938. 17 m³ var filetrom.

Hovudmaskinen var ein dieseldriven maskin frå A/B Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 1500 bHk (bremsande hestekrefter) som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

Det var rom til to passasjerar.[1]

I 1949 fekk skipet ny radio og i 1950 og 1951 høvesvis ekkolodd og radar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «M/S Saturnus». Sjøhistorie.no. Henta 2. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 52. Henta 2. august 2020. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 24. juli 1930. s. 7. Henta 2. august 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. juli 1930. s. 4. Henta 2. august 2020. 
  5. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 30. juli 1930. s. 9. Henta 2. august 2020. 
  6. «Ulykken ombord i «Saturnus»». Bergen: Bergens Tidende. 6. s. 10. januar 1934. Henta 2. august 2020. 
  7. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 9. juli 1936. s. 8. Henta 2. august 2020. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 8. april 1937. s. 8. Henta 2. august 2020. 
  9. «Farlig eksplosjon på «Saturnus»». Bergen: Bergens Tidende. 21. april 1937. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «M/S Saturnus». USA: Warsailors.com. Henta 2. august 2020. 
  11. «Arbeidsuhell». Bergen: Bergens Tidende. 22. januar 1949. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  12. ««Saturnus» har maskinhavari». Bergen: Bergens Tidende. 8. januar 1951. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  13. ««Saturnus» har vært på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 20. desember 1951. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  14. «Skadetakst over skip». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1952. s. 2. Henta 2. august 2020. 
  15. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. november 1955. s. 2. Henta 2. august 2020.