Hopp til innhald

DS «Hercules»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Hercules»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 346 000 kr[1]
Verftsnummer: 156
Jomfrutur: April 1909
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MFPG
Lagnad: Torpedert 1917
Generelle mål
Tonnasje: 1 295 brt, 796 nrt
Daudvekt: 1 708 tdw.
Lengd: 71,1 m
Breidd: 10,4 m
Djupgang: 4,5 m
Installert effekt : 874 iHk, 159 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (BMV)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 32 passasjerar

DS «Hercules» (kallesignal MFPG) var eit dampskip bygt i 1909 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

«Hercules» vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted og vart levert til BDS i april 1909 for ein pris på 346 000 kroner.[1]

I 1917 vart skipet rekvirert av britane under Shipping Controller og i fart for britane vart skipet den 30. desember 1917 torpedert av den tyske ubåten «UB 21», tre nautiske mil nordaust for Whitby i England. 12 personar ombord omkom.

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 295 bruttoregistertonn og 796 nettoregistertonn og lasteevna var 1 708 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 301 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 874 iHk (indikerte hestekrefter) og 159 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.

  • Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1. Volum 14. Rådal: Skipet: 27. Henta 25. desember 2019. {{cite journal}}: |volume= has extra text (hjelp); Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  1. 1 2 «D/S Hercules». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2019.