MS «Canis» (1888)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: «Andrew Welch»
Eigar: C. Brewer & Co
Verft: Russell & Co i Port Glasgow i Skottland
Verftsnummer: 192
Jomfrutur: 1888
Heimehamn: Honolulu
Kjennemerke: MTRC LFSG
Generelle mål
Type: Bark
Tonnasje: 885 brt, 863 nrt
Lengd: 185,6 fot (56,6 m)
Breidd: 36 fot (11,0 m)
Djupgang: 17,5 fot (5,3 m)
Framdrift: Segl
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: «Andrew Welch»
Eigar: 1901-1907: Welch & Co
1907-1916
Heimehamn: San Francisco
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: «Olga»
Eigar: Rederi A/B Quarta
Kjøpt: 1916
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sophus Magdalon»
Eigar: Skibs A/S M/S Sophus Magdalon (Sophus Kahrs)
Kjøpt: 1918
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter gjenoppbygging 1918
Type: Lasteskip
Tonnasje: 934 brt, 546 nrt
Daudvekt: 1 450 tdw.
Lengd: 188,8 fot (57,3 m)
Breidd: 36,1 fot (11,0 m)
Djupgang: 17,5 fot (5,3 m)
Installert effekt : 500 bHk, 137 nHk
Framdrift: 4 cyl. 2-takts dieselmotor (A/B Atlas Diesel, Stockholm)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Canis»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Mai 1922 for 402 545 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Einvika»
Eigar: Skibs A/S Einvik (Bjarne Tetlie)
Kjøpt: Mai 1948
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Einvika»
Eigar: Ingvald Christianslund
Kjøpt: Januar 1950
Heimehamn: Fredrikstad
Lagnad: Forliste 1960

«Andrew Welch» var ein bark bygt i 1888 som lasteskip for C. Brewer & Co i HonoluluHawaii.

Etter å ha blitt selt til A/B Quarta i Sverige i 1916 og gjeve namnet «Olga», vart skipet sterkt skadd i ei grunnstøyting i 1918 og vraket vart selt av assurandørane til A/S M/S Sohups Magdalon i Bergen og bygd om til motorskip med namnet «Sophus Magdalon».I 1922 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og fekk namnet «Canis». Skipet overlevde fleire grunnstøytinga og eit torpedotreff i andre verdskrigen, og forliste til slutt i november 1960 utafor Island.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Andrew Welch»[endre | endre wikiteksten]

Skuta vart bygd ved Russell & Co i Port Glasgow i Skottland og vart levert som stålbark i 1888 til C. Brewer & Co i HonoluluHawaii.[2] Selskapet var eigd av Welch & Co, som tok over skuta direkte i 1901 og det fekk heimehamn i San Francisco. I 1907 vart skuta selt til Matson Navigation & Co i San Francisco.

19. august 1915 segla «Andrew Welch» frå San Francisco med Halmstad/Harstad i Sverige som mål, med ei last av bønner. Då skuta 2. november passerte Shetland vart ho praia av ein engelsk patruljebåt og beordra inn til Lerwick for å undersøkast. Ein løytnant og fem mann vart tekne ombord i barken, men på grunn av storm i området var det ikkje råd til å gå inn til Shetland, så dei segla sørover til Aberdeen i staden. Stormen vedvarte og dei kunne heller ikkje gå inn her. Trass i store protestar frå engelskemennene, avgjorde kapteinen å krysse Nordsjøen til Noreg. Det var kraftig uvêr under overfarten og turen tok berre 27 timar frå Skottland til ein såg land ved Kristiansand. Her vart skipet teke på slep av DS «Rutland». Kapteinen ombord, Henningsen, var dansk og svoger til den danske statministeren på denne tida. Skipet vart frakta inn til Kristiansand.[3] Her passa militærvakter på engelskemennene, så dei ikkje skulle stikke av, og forsvarsdepartementet vart kopla inn i saka.[4] Departementet avgjorde i samråd med det amerikanske konsulatet at skuta kunne gå når dei ynskte, men skuta måtte venta på at veret vart meir gunstig. Det engelske mannskapet vart sendt heim til England.[5] Skuta segla ut 21. november, slept av ein norsk taubåt. Uvêret heldt fram og dei måtte søke nødhamn i Skagen i Danmark. I tillegg vart dei forfølgde av ubåtar både langs norskekysten og ved Skagen. Først 27. november nådde dei fram til Halmstad red, men kapteinen ante ikkje kven som skulle ha lasta. I skipspapira stod det at Halmstad Flour Mills skulle ha lasta, men desse møllene kjende ikkje til saka. Dermed var det uklårt kvar skipet skulle losse.[6] Det vart diskusjonar med svenske tollstyresmakter om kvar skipet skulle gå. Kapteinen foreslo Ystad, men det gjekk ikkje styresmaktene med på. Då det var mistanke om at kapteinen uansett kom til å segle vidare, avgjorde magistraten i Halmstad at skuta skulle setjast under vakthald.[7] 1. desember kom den tyske dampbåten «Moltke» inn til «Andrew Welch» ved Halmstad for å prøve å slepe skuta med seg til Tyskland med lasta. Losen i hamna oppdaga derimot taubåten og konstaterte òg at skuta hadde lagt ut bøyar med lys på for å lurte losen til å tru at skuta framleis låg der etter at ho var faren avstad. Ein svensk torpedobåt, «Regulus», kom til staden og etter ein del forhandlingar vart den tyske taubåten teken inn til hamna i Halmstad.[8] Politiet avhøyrde det tyske mannskapet, som forklarte at reiaren for dampbåten, skipsmeklar Georg Lassen i Kiel, hadde kome ombord, saman med ein ukjend mann. Den ukjende mannen beordra kapteinen om å setje kurs mot Halmstad for å få nærmare ordre der. Meklaren til «Andrew Welch» forklarte at han ikkje kjende noko til forsøket på å bortføre fartøyet.[9] Mannskapet på barken sa òg at dei ikkje hadde lov å røykje ombord og mistenkte derfor at det var ammunisjon i lasta.[10] Barken vart liggande i Halmstad ut desember og vakthaldet vart forsterka, fordi ein frykta at skuta nok ein gong ville prøve å stikke av. 23. desember kom ein zeppelinar med stort fart inn over skipet frå sør. Då det kom over skipet heldt luftskipet seg i ro før det snudde og for derfrå att.[11] 4. januar vart barken buksert inn til hamna i Halmstad for å losse lasta. Han hadde då lege der i 38 dagar og kunne berre ha lege der i to dagar til før han måtte ha betalt toll. Hadde fristen gått ut kunne tollstyresmaktene hatt rett til å selje lasta.[12] 11. januar meldte ein dansk forretningsmann, Bockmann frå København, seg som eigar av den amerikanske barken og ville deponere tollavgiftene og byrje lossinga. Tollkammeret tok ikkje omsyn til han og viste han vidare til høgare styresmakter.[13] Tollavgifta kom på 51 919 kroner. Bøter for sein melding og innbetaling vart på 54 046 kroner, i tillegg til hamneavgift på 700 kr og lossekostnadar på 2 800 kroner. Totalt vart kostnaden på godt over 100 000 kroner. Samstundes vart skipet lagt ut for sal for 70 000 dollar.[14]

«Olga»[endre | endre wikiteksten]

I mars 1916 vart skuta kjøpt av svenske Rederi A/B Quarta i Gøteborg. Ho vart då omdøypt til «Olga». I 1918 grunnstøytte «Olga» ved Kvanhovden fyr ved Florø og vart sterkt skadd. Vraket vart selt av assurandørane for gjenoppbygging som motorskip. Det vart kjøpt av Skibs A/S M/S Sophus Magdalon, eigd av Sophus Kahrs i Bergen, og omdøypt til «Sophus Magdalon». Reparasjonen skjedde ved Haugesunds mekaniske verksted og skipet fekk dobbel botn og si andre sjøsetjing den 9. mai 1919.[15] Det fekk sett inn ein polardieselmotor på 500 hestekrefter frå Atlas i Stockholm som kunne gje 9 knops fart. I tillegg fekk skipet ein donkeykjel som skulle drive dei seks vinsjane på båten med dampkraft.[16] Skipet gjekk stort sett i fartlangs

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

I mai 1922 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab båten for kring 400 000 kroner og det fekk namnet «Canis»[1]. Det fortsette å gå i fart langs norskekysten og ein av dei første turane i juni var til Kirkenes frå Bergen.

Kvelden 22. november 1922 grunnstøytte «Canis» ved Ringholmen fyr ved Skjelanger og sokk såpass at ein berre kunne sjå litt av baugen og skorsteinen. «Canis» var på veg nordover frå Bergen med sildolje i tønner og svovelkis i lasterommet. Bergingsdamparen «Achilles» kom til staden.[17] Rormannen ombord hadde teke feil av ein ordre og vakthavande styrmann og los oppdaga ikkje feilen før det var for seint.[18] Kring 2000 fat med sildolje vart henta opp frå skipet av Norsk bjergingskompani, medan ytterlegare tusen fat vart berga av lokale, då fata dreiv opp frå skipet i dagane etter ulukka. Olja hadde ein verdi på kring 400 000 kroner.[19] Akterskipet låg kring seks meter under vatn, og for å få skipet opp att vart det bygd ein kofferdam. Arbeidet skulle ta kring 14 dagar[20], men vart forseinka av dårleg vêr, som øydela den 20 meter lange kofferdammen. Bergingsmannskapet måtte byrje på nytt og først 4. mars 1923 var skipet bringa flytande att.[21] Skaden vart taksert til 80 000 kroner, medan skipet i skadelidt tilstand vart sett til 260 000 kroner.[22] I slutten av mai 1923 var skipet i drift att og segla til Island, der det ankom Siglufjord den 29. mai.[23] Resten av året gjekk skipet i fart til England og Frankrike. I 1924 og 1925 gjekk skipet i fart til Kristiania og Kirkenes, men hadde ein tur til Island sommaren 1925. Utover i 1926 vart det òg turar til utlandet, både Island og Hamburg. Frå november 1926 gjekk skipet inn i godsruta mellom Oslo og Tromsø.[24]

12. oktober 1927 gjekk «Canis» på grunn ved Spillum nær Namsos. Skipet stod høgt på grunn, men då floa kom klarte det å kome seg av grunn på eiga hand. Sidan det hadde stått på sandgrunn, meinte ein det ikkje var fare for skade, og skipet heldt fram i ruta.[25]

I januar 1933 grunnstøytte skipet ved Ryvingen og fekk ein botnskade det vart reparert for i Bergen tidleg i februar.[26] 16. februar 1934 grunnstøytte «Canis» på ny, denne gongen på Stillebåen ved Olderkalven i Steinsundet i Sunnfjord. Det var tåke og vanskelege straumforhold under ulukka. Skipet hadde ei last på kring 250 tonn, mellom anna ein del appelsinar.[27] Det vart prøvd å bringe skipet flott dagen etter, men det lak så pass mykje at det vart sett på grunn att.[28] Dagen etter vart det bringa flytande og ført til Bergen for reparasjon.[29] Nesten heile kjølen var borte og botnen var dels riven opp. I sjøretten vart skaden taksert til 85 000 kroner, medan skipet i skadd tilstand vart taksert til 35 000 kroner.[30] Det var snakk om å kondemnere skipet, men BDS valde til slutt å få skaden reparert.[31] Skipet vart reparert i Solheimsviken i Bergen og kom ut av dokken att mot slutten av juni 1934.

Natt til 21. april 1936 rende «Canis» motorskonnerten «Prospect» i senk i hamna i Stavanger. «Prospect» var lasta med trelast og var komen inn for eit uvêr og låg til ankers aust i hamna. På «Canis» trudde ein det var eit fiskefartøy fordi lanternene var så svake, og råka «Prospect» på styrbord side. Kollisjonen var så kraftig at to menn vart kasta ut av køyene sine. «Prospect» fekk eit stort hol og vatnet foss inn. For at det ikkje skulle søkkje måtte det setjast på land. Akterskipet hamna fleire fot under vatn.[32] Skaden var så stor på «Prospect» at det vart vurdert å kondemnere skipet.[33]. Vraket vart selt til sin fiskar i Sunnhordland for 10 000 kroner, og fekk sidan namnet «Fønix». BDS vart dømd til å betale eigarane nesten 28 000 kroner og sakskostnadane.[34]

11. mars 1937 braut det ut brann i lasterommet på «Canis» medan det låg og lasta svovel i Trondheim. Sløkkjearbeidet vart vanskeleg på grunn av all svoveldampen som oppstod då ein pøste på vatnet. Skipet vart ikkje særskild skadd av brannen.[35]

20. januar 1940 brakk rorstamma på skipet i Mosjøen.[1]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Eit par dagar før tyskarane invaderte Noreg den 9. april 1940 var «Canis» kome til Bergen og gått ut av ruta si. Det låg ved bodane til Martens i Sandviken, og skulle til Austersjøen.[36] Skuta prøvde å kome seg bort frå Bergen, men hamna i skotlinja for tyske krigsskip som verga seg mot allierte fly. Skipet vart liggande i Sandviken i ein månad.

I 1941 gjekk skipet i kystfart mellom Vestlandet og Aust-Finnmark i lag med to andre BDS-båtar, DS «Kora» og DS «Edna». Tyskarane kravde at desse rutene skulle ta del i tyske konvoiar, så det var mykje venting involvert og forseinkingar. «Canis» kom til Kirkenes på den første reisa si i denne ruta den 29. desember 1941. I 1942 tok «Canis» og «Edna» to turar kvar, medan «Kora» gjorde tre. I 1943 tok «Canis» ein tur i denne ruta, medan «Kora» og «Edna» tok tre turar kvar. I 1944 tok dei tre båtane ein tur kvar. Desse turane var særs viktige for nordlendingane. I følgje ei kjelde kan «Canis» òg ha gått i fart til Tyskland under krigen.[37]

19. juni 1943 vart «Canis» angripen av eit britisk fly ved Jæren som ein del av ein tysk konvoi.[36] I ei anna kjelde står det at skipet vart råka av ein torpedo, men at denne skrensa av og sprengde utan å skade skipet i særleg grad.[1] Dei to kjeldene nemner ikkje meir enn ei hending kvar, og dei er òg skidra noko lunne likt, så det kan hende det er den same hendinga.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I mai 1945 var «Canis» blant dei første skipa som tok ombord forsyningar i Oslo for Nord-Norge etter frigjeringa.[37] Skipet fortsette i kystfarten nord til Kirkenes og Tromsø fram til juli 1946, då skipet gjekk til Sarpsborg for å bli reparert. Her vart skipet liggande heilt fram til november 1946, då det fortsette i farten til Nord-Noreg.[38]

2. februar 1948 fekk «Canis» maskintrøbbel i uvêr på veg inn til Eigerøya med sild. På grunn av stormen var det ikkje råd til å få los ombord, og ingen av mannskapet var kjende med farvatnet. Skipet dreiv mot land og var berre nokre hundre meter frå brenningane då dei fekk start på motoren att. Dei tok peiling på innløpet til Eigersund, og prøvde å halde seg så sentralt i sundet som mogeleg. Maskinskaden var så pass alvorleg at dei måtte bli liggande i Eigersund ei stund.[39] I skikkeleg maskinoverhaling vart gjort i Bergen i mars 1948.

I mai 1948 vart skipet selt til Skibs A/S Einvik, styrt av Bjarne Tetlie, i Trondheim. Det vart då omdøypt «Einvik». Etter nesten to år, i januar 1950, vart skipet selt vidare til Ingvald Christianslund i Fredrikstad. 15. november 1960 grunnstøytte «Einvik» i Raufarhafn på nordaustkysten av Island på reise frå Raufarhavn via Sigulfjord til Helsingfors med saltsild i tønner.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 885 brt og 863 nrt.

Etter ombygginga i 1918 var skipet på 934 brt, 546 nrt og lasteevna var 1 450 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 767 . Hovudmaskinen var ein firesylindra totakts dieselmotor frå Atlas i Stockholm. Oppgjeven yting var 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 137 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1] Ofte var farten derimot berre 6 knop, og berre i fint vêr kunne skipet nå 8-9 knop.[36]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «M/S Canis». Sjøhistorie.no. Henta 7. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 5. mai 2020. 
  3. «En opbragt amerikansk bark tyet ind til Kristiansand paa grund av uveiret». Arbeidet. 17. november 1915. s. 3. Henta 7. mai 2020. 
  4. «Prisemandskapet bevogtes». Bergens Tidende. 17. november 1915. s. 9. Henta 7. mai 2020. 
  5. «Prisemandskapet maa forlate "Andrew Welch"». Dagbladet. 21. november 1915. s. 1. Henta 7. mai 2020. 
  6. «"Andrew Welch" kommet til Halmstad». Aftenposten. 28. november 1915. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  7. «"Andrew Welch" - Skibet bevoktes i Halmstad». Norges Handels og Sjøfartstidende. 30. november 1915. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  8. «Det amerikanske skib "Andrew Welch"». Norges Handels og Sjøfartstidende. 2. desember 1915. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  9. «Den mislykkede bortførelse af "Andrew Welch"». Aftenposten. 3. desember 1915. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  10. «Har "Andrew Welch" Ammunition ombord?». Morgenbladet. 4. desember 1915. s. 8. Henta 7. mai 2020. 
  11. «"Andrew Welch"». Norges Handels og Sjøfartstidende. 27. desember 1915. s. 6. Henta 7. mai 2020. 
  12. «"Andrew Welch"». Morgenbladet. 5. januar 1916. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  13. . Norges Handels og Sjøfartstidende. 12. januar 1916. s. 2 title =Amerikaneren "Andre Welch"s last https://www.nb.no/items/e6f72eb064f4b52249d7a91017a5ccac?page=1&searchText=%22Andrew%20Welch%22 title =Amerikaneren "Andre Welch"s last Check |url= value (hjelp). Henta 7. mai 2020.  Missing or empty |title= (hjelp)
  14. «"Andrew Welch"». Norges Handels og Sjøfartstidende. 3. februar 1916. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  15. «Nyt skib». Bergens Tidende. 12. mai 1919. s. 5. Henta 7. mai 2020. 
  16. «"Olga" færdigreparert og omdøpt til "Sophus Magdalon"». Norges Handels og Sjøfartstidende. 28. november 1919. s. 10. Henta 7. mai 2020. 
  17. «Motorskibet "Canis" sunket ved Sjelanger». Bergens Tidende. Henta 7. mai 2020. 
  18. «Motorskib "Canis"s grundstøting». Bergens Tidende. 30. november 1922. s. 7. Henta 7. mai 2020. 
  19. «Bjergingen av Bergenskes "Canis"». Bergens Tidende. 12. desember 1922. s. 7. Henta 7. mai 2020. 
  20. «Bjergingen av Bergenske's motorskib "Canis"». Bergens Tidende. 4. januar 1923. s. 4. Henta 7. mai 2020. 
  21. «"Canis" er bragt flot». Bergens Tidende. Henta 7. mai 2020. 
  22. «"Canis" skade». Bergens Tidende. 12. april 1923. s. 7. Henta 7. mai 2020. 
  23. «Skibsefterretninger». Bergens Tidende. 30. mai 1923. s. 5. Henta 7. mai 2020. 
  24. «Fra havnen». Bergens Tidende. 29. oktober 1926. s. 5. Henta 7. mai 2020. 
  25. «Bergenskes "Canis" paa grund ved Namsos». Bergens Tidende. 12. oktober 1927. s. 8. Henta 7. mai 2020. 
  26. «Havnen». Bergens Tidende. 3. februar 1933. s. 3. Henta 7. mai 2020. 
  27. «Bergenskes "Canis" grunnstøtt inatt i Sunnfjorden». Bergens Tidende. 16. februar 1934. s. 1. Henta 7. mai 2020. 
  28. «"Canis" flott på høivanne idag?». Bergens Tidende. 17. februar 1934. s. 5. Henta 7. mai 2020. 
  29. «"Canis" skal reparere i Bergen». Bergens Tidende. 19. februar 1934. s. 5. Henta 7. mai 2020. 
  30. «"Canis" skade ansatt til kr. 85,000». Bergens Tidende. 1. mars 1934. s. 3. Henta 7. mai 2020. 
  31. «"Canis" skal repareres». Bergens Tidende. 9. april 1934. s. 3. Henta 7. mai 2020. 
  32. «"Canis" i kollisjon på Stavanger havn». Bergens Tidende. 21. april 1936. s. 2. Henta 7. mai 2020. 
  33. «Blir "Prospect" kondemnert». Bergens Tidende. 13. mai 1936. s. 9. Henta 7. mai 2020. 
  34. «Saken om "Prospect"». Bergens Tidende. 16. mars 1937. s. 9. Henta 7. mai 2020. 
  35. «Brann ombord i "Canis"». Bergens Tidende. 12. mars 1937. s. 3. Henta 7. mai 2020. 
  36. 36,0 36,1 36,2 Nordanger, Trygve (1975). Lang kyst! : en fortelling om fartøyer og folk på norskekysten under krigen. Nordanger. s. 57-58. ISBN 8270510416. Henta 8. mai 2020. 
  37. 37,0 37,1 «M/S Canis». Warsailors-com. Henta 8. mai 2020. 
  38. «Havnen». Bergens Tidende. 15. november 1946. s. 2. Henta 8. mai 2020. 
  39. «Bergenskes "Canis" fikk maskinskade utenfor Egerøy». Bergens Tidende. 6. februar 1948. s. 3. Henta 8. mai 2020.