TS «Leda»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
TS Leda in Bergen 1925.jpg
«Leda» på Puddefjorden i Bergen i oktober 1925.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: TS «Leda»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Armstrong, Whitworth & Co. i Newcastle i Storbritannia
Byggekostnad: 4 785 775[1]
Verftsnummer: 965
Jomfrutur: november 1920
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LBDW - LCSI
Lagnad: Skoten i senk i 1945, opphogd 1949
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 2 519 brt, 1 173 nrt
Daudvekt: 1 540 tdw.
Lengd: 305,6 fot (93,1 m)
Breidd: 41,7 fot (12,7 m)
Djupgang: 18,4 fot (5,6 m)
Installert effekt : 624 nHk, 3 300 iHk
Framdrift: Brown-Curtis dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 16 knop
Passasjerar: 1920: 145
1940: 156 passasjerar
Generelle mål ombygging i 1930
Tonnasje: 2 415 brt, 1 320 nrt

TS «Leda» (kallesignal LBDW - LCSI) var eit turbinskip bygt i 1920 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Armstrong, Whitworth & Co. i Newcastle i Storbritannia og kosta 4,8 millionar kroner[1] då det vart levert i november 1920.[2] Det gjekk inn i englandsruta til BDS frå Bergen til Newcastle via Stavanger i lag med DS «Jupiter», DS «Venus» og «Irma». Den første kapteinen på skipet var Knut Hovland, som òg førte tilsyn med bygginga.[3] Den første prøveturen vart utført 1. desember 1920 og ein ny tur vart utført mellom Newcastle og Blyth før skipet vende mot Bergen.[4] Bergens Tidende sin korrespondent var med på prøveturen og kunne fortelje: «Med sin skarpe baug skar skibet sjøen saa det var en sand fryd at se baade for sjøfolkene og for os landkrabber. Naar man stod paa broen og saa paa de forholdsvis smaa skibsbaarer, som den smidige baug skar ut, og ingen rysting eller maskinlarm merket, kunde man tvile paa at skibet hadde saa stor fart. Men naar man kom agterut og saa kjølvandet og hvor hurtig "Leda" gled forbi andre dampere i god fart, blev man imponeret.»[5]

Englandsruta[endre | endre wikiteksten]

«Leda» gjekk inn i onsdagsruta til Newcastle[6] og brukte 26 timar på første reisa. 6. januar 1921 vart det rapportert at polfararen Ernest Shackleton kom med nattoget til Bergen og for vidare med «Leda» til England.[7]

12. februar 1922 fekk «Leda» eit uhell i maskinen som gjorde at det måtte gå for halv fart over Nordsjøen til Bergen og vart eit døgn forseinka.[8] Skipet vart møtt av DS «Titan» og DS «Vulcanus» ved Marsteinen og assistert inn til Bergen. Første tannhjulsutveksling mellom turbinen og propellen fekk skade og fleire av tennene gjekk sundt.[9] Skipet måtte vente på nytt tannhjul frå England og kom først i rute att 8. mars. På somrane frå 1923 byrja «Leda» å gå turar i veka til Newcastle på grunn av den auka turiststraumen. Elles på året var det avgang ein gang i veka.

2. juni 1923 fekk DS «Jupiter» motorhavari på veg til Newcastle. «Leda» vart kontakta telegrafisk og slepte «Jupiter» til munningen av Tyne. For berginga vart «Leda» i sjøretten tilkjent 120 000 kroner i bergingsløn, trass i at begge fartøya var eigd av BDS. 25 % av bergingsløna måtte betalast av kaskoassurandøren A/S Polaris og 24 % av A/S Norske Alliance.[10]

30. september 1923 gjekk «Leda» på grunn i Vatlestraumen på veg inn til Bergen. Skipet fekk stor skade og forpiggen og rom nr. 1 vart fylt med vatn. Grunnstøytinga kom av ein feil i styreapparatet. Det var 42 passasjerar ombord. DS «Vulcanus» og DS «Titan» kom for å assistere, men klarte ikkje å trekke ho av grunnen. Passasjerane vart teken ombord i «Vulcanus» og frakta inn til Bergen. Dagen etter gjekk dei to slepebåtane ut att med ein lekter for å losse 150 kassar skotsk brisling, som «Leda» hadde i lasta, i tillegg til 50 tonn kol.[11] Ved flo sjø den 1. oktober trakk dei to slepebåtane og bergingskompaniet sin «Achilles» skipet av grunnen og tok det inn til Laksevåg for å få skaden utbetra. Skaden viste seg å vere stor.[12] Reparasjonen var meldt å ta 16 dagar. Ein støypefeil i reservecylinderen innvendig i telemotoren vart i ein byrettsdom sagt å vere årsaka til at styringa slutta å virke.[13] 24. oktober gjekk skipet inn att i ruta til Newcastle.

«Leda» ved Skoltegrunnskaien i Bergen, oktober 1925.

4. mars 1925 var det ei arbeidsulukke ombord då ein ung dekksgut fall ned i lasterommet og braut lårbeinet. Det var første dagen hans ombord og han hadde enno ikkje gjort sin første tur til sjøs. Han skulle sparke ein av lastelukene på plass då han glei og fall ned.[14]

2. juli 1926 kryssa «Leda» Nordsjøen på veg frå Newcastle til Bergen på 26,5 time, noko som var ny rekord.[15]

14. august 1927 var «Leda» involvert i ei ulukke på hamna i Bergen. Då skipet skulle forhalast av DS «Vulcanus» frå Skoltegrunnskaien til Laksevåg for å losse kollasta si, vart det gjeve signal om at slepetrossa skulle sleppast. Av ein eller annan grunn ville ikkje kroken på «Vulcanus» sleppe taket, og «Leda», som var komen i fart, drog «Vulcanus» med seg og over på sida, slik at vatnet fossa inn i taubåten. Trossa var av stål og let seg derfor ikkje hogge med øks. Då mannskap ombord på «Leda» såg kva som skjedde, slapp dei slepetrossa. I tillegg til det vanlege mannskapet var òg familie og vener med ombord på taubåten. Alle vart berga og taubåten vart slepen inn i fjøresteinane ved Bontelabo.[16]

«Leda» var i kollisjon med to britiske trålarar den 28. august 1928 i North Shields i elva Tyne. For å unngå å råke trålaren «Sarah A. Purdy», prøvde «Leda» å vike, men råka då ein annan trålar, «Mary A. Hastie», midtskips. Dei to trålarane fekk begge skadar, medan skadane til «Leda» var små og det fortsette opp elva til Newcastle.[17] I oktober 1928 fekk skipet ein motorskade på veg til Newcastle og var ute av ruta i fleire veker medan det vart reparert. Samstundeds fekk det sett inn straumlinjeror. 24. november var ho attende i ruta si og var med å setje ny rekord for reisande mellom Bergen og London, då det nådde korrespondanse med toget frå Newcastle til London. Heile denne turen gjekk på 30 timar.[18]

«Leda» på veg ut frå Bergen i oktober 1925.

29. juni 1930 skulle «Leda» legge til ved kaien til BDS i Laksevåg, men hadde for stor fart og rente inn i kaien som fekk stor skade. Kranbanen på kaien fekk òg stor medfart. Skipet fekk noko skade, men kunne halde fram i ruta si dagen etter.[19] Det same skjedde nokre månader seinare, 11. november. Då skulle «Leda» leggje til på utsida av Skoltegrunnskaien og hadde slik fart at taubåten «Vulcanus» ikkje klarte å halde det att. Skipet raste då inn i heisekran nr. 2. Kranen, som kunne løfte 1500 kg, blei vippa av skjenegangen utan anna skade. Kranen kom på plass att same dagen.[20]

27. mars 1931 sette «Leda» ny rekord på ruta frå Newcastle til Bergen med dronning Maud ombord. Turen tok 25 timar.[21] 22. april dette året la «Leda» ut på den siste ordinære turen i ruta til Newcastle, der det hadde gått kontinuerleg sidan 1920, og kom attende til Bergen 27. april. MS «Venus» tok over plassen til «Leda» i ruta. Det hadde seinare enkelte turar i Englandsruta. Skipet fekk så ny innreiing og vart utstyrt med kjølerom.[22] Den tidlegare tredjeplass, eller tredjeklasse, vart omdanna til ein moderne og komfortabel andreplass.[23]

Hamburgruta[endre | endre wikiteksten]

3. juni tok «Leda» over Hamburgruta til gamle DS «Irma».[24] Avgangen vart noko utsett for at skipet skulle få med seg så mykje fersksild så mogeleg. Sidan ruta vanlegvis kom til å bli knapp, var dette noko som vanlegvis ikkje let seg gjere.[25] Ruta vart raskt populær, og mange nordmenn valte å reiste med «Leda» når dei skulle sørover. Det var derimot dårlege tider i Tyskland og tyskarane reiste stort sett på 2. plass denne sommaren. I tillegg var det innført 100 marks avgift for tyskarar som reiste ut av landet, noko som gjekk ut over turismen.[26] Ferskfiskhandelen til Hamburg tok seg òg opp, sidan «Leda» var rask nok til å kome fram torsdag kveld, slik at fisken kunne seljast på marknaden fredag, som vart rekna som ein betre dag enn laurdag.[27]

Morgonen 28. januar 1932 kolliderte «Leda» med «Presidente Gomez» i tett tåke på Nedre Elben. Begge skipa vart skadde, men «Leda» heldt fram til Hamburg for eigen maskin.[28] «Leda» hadde fått los ombord, men i den tette tåka hadde «Presidente Gomez» gått på grunn og låg midt i leia. «Presidente Gomez» gav ikkje frå seg faresignal, så «Leda» kom såleis uforskyldt opp i kollisjonen. Den tyske hamnelosen gav skarp kritikk over den forsømminga på «Presidente Gomez». «Leda» måtte stå over to turar medan det vart reparert.[29]

Rotterdamruta[endre | endre wikiteksten]

31. oktober 1933 drog «Leda» nordover til Trondheim for å gå inn Rotterdamruta mellom Trondheim og Rotterdam.[30] På grunn av tyske restriksjonar fekk «Leda» langt færre passasjerar enn det som var venta, og BDS meinte derfor det ville vere meir nytte for skipet i Rotterdamruta. Den noko mindre DS «Iris», som då hadde gått i Rotterdamruta, tok då over Hamburgruta.[31] «Leda» heldt elles fram som vikarskip for «Jupiter» i Englandsruta.

22. oktober 1934 rente «Leda» på kaien i Måløy då det skulle legge til kai. Det var sterk vind som førte til at skipet køyrde baugen inn i kaien. Vindehuset på nordre pakkhus fekk ein del skade, medan skipet var stort sett uskadd. [32] Skaden vart taksert til kring 15 000 kr.[33]

I november 1936 vart «Leda» teken ut av ruta for maskinklassifisering og ombygging av kjølerom og røykesalong, som vart utvida med 42 kvadratmeter. Salongane vart utstyrte med større vindauge både fram og på sidene. Innvendig vart det panelt med italiensk valnøttre og alt inventaret vart nytt, med mellom anna lenestolar, bridgebord og skrivebord. Spisesalongen vart òg pussa opp. Skipet vart utstyrt med kjølerom i forrommet og storrommet, i alt 47 000 kubikkmeter. Kostnaden av kjøleromma var på 90 000 kroner, levert av Drammens jernstøperi. I tillegg fekk skipet nytt styrehus, nye davitar til livbåtane og elektrisk maskintelegraf.[34] Det kom inn att i ruta 9. januar 1937.[35]

22. januar 1937 var det orkan i Nordsjøen og fleire fartøy hamna i store problem. Eit av desse var lasteskipet DS «Karmt» frå Haugesund, som låg 90 nautiske mil vest-nordvest av Utsira på reise frå Port Talbot til Bergen. «Leda» var eit av skipa som gjekk ut frå Haugesund for å assistere, då «Karmt» sende ut SOS-melding og at dei berre kom til å klare seg i to timar til. Fleire av besetningen var då skadde, mellom anna kaptein Ellingsen som hadde brote lårbeinet. Kl. 1330 23. januar telegraferte «Leda» at alle mann utanom andremaskinisten var redda og at «Karmt» var søkkjeferdig og umogeleg å berge. Mannskapet vart redda ved at ei manillatrosse vart kasta over frå «Leda» til «Karmt» og ein etter ein så ført over i ein redningsstol. Sjøen var for grov til at ein kunne bruke livbåtane, sjølv om dette vart prøvd ut.[36] Andremaskinisten omkom under redningsforsøket. Då han skulle feste manillatrossa fekk han armen mellom trossa og skipssida. Armen blei sliten av og knekt, samstundes som maskinisten vart dregen overbord av trossa. Førstestyrmannen hoppa etter han med ei line, men sidan andremaskinisten var medvitslaus og ikkje kunne hjelpe til i den grove sjøen, glei han ut av livbeltet og forsvann. Dette var det same uvêret der «Jupiter» redda mannskapet på «Weni» frå Stavanger, medan MS «Venus» redda mannskapet på «Trym» frå Trondheim og DS «Lyra» redda mannskapet på den svenske fiskebåten «Nordland» - alt under dramatiske tilhøve.[37] Redningsaksjonane førte til mykje omtale i media på denne tida. Mannskapet på «Leda» som prøvde å berge besetninga på «Karmt» med livbåtane vart i mars 1937 heidra med medaljar.[38] Månaden etter gav Haugesunds rederiforening ei minnetavle i sølv til opphenging ombord i «Leda».[39]

I februar 1937 vart ein fyrbøtar på «Leda» teken for brennevinssmugling av 60 flasker brennevin, sprit, whiskey og genever frå Rotterdam.[40]

Ymse ruter[endre | endre wikiteksten]

Frå slutten av oktober 1937, vikarierte «Leda» for «Jupiter» i Englandsruta, då «Jupiter» skulle til verkstad.[41] Opphavleg skulle vikariatet vare ut året. Då «Jupiter» kom attende gjekk det i staden inn i Rotterdam-ruta, medan «Leda» fortsette i Newcastleruta fram til MS «Vega» stod klar i mai 1938.[42] 19. mai 1938 kolliderte «Leda» med Vesterålske Dampskipselskap sitt «Andenæs». På ettermiddagen kom «Leda» sigande sakte inn på hamna i Stavanger, og då det vart slått full fart akterover då skipet nærma seg kaien, fortsette skipet i staden framover med stadig større fart. Begge ankera vart sleppte i eit forsøk på å stoppe skipet, men det køyrde likevel inn i akterenden på «Andenæs». Dette skipet fekk så stor skade at akterrommet vart fylt med vatn og skipet hamna lågt i vatnet og krengja, men sokk ikkje med ein gang. Mange trosser vart festa til kaien for å halde «Andenæs» flytande, men i løpet av natta sokk det likevel.[43] Fartøyet vart sidan kondemnert. «Leda» kom frå det med berre ein liten bulk i baugen. Erstaningskravet til BDS kom på 550 000 kroner.[44]

31. mai 1938 gjekk «Leda» så inn at i den vekentlege Hamburgruta frå Bergen. Våren 1939 gjekk det i vikarrute for «Venus» i Newcastleruta, før det 15. mai gjekk attende til Hamburgruta.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

29. august 1939 skulle «Leda» ha gått til Hamburg, men vart i staden forhalt til Laksevåg, der det vart liggande for ordre. Då andre verdskrigen braut ut i september 1939 valte BDS å hente dei mest verdifulle fartøya sine heim og i staden bruke mindre verdifulle skip i utanlandsfarten. «Leda» var blant skipa som vart lagt opp i Noreg. Hausten 1939 gjorde det nokre turar med norske soldatar frå Oslofjorden til Nord-Noreg, i lag med «Jupiter» og «Lyra».[37] Det vart lagt opp i Kirkebukten i Bergen i 1939 i lag med «Jupiter», og låg der då Noreg vart invadert 9. april 1940. «Jupiter» og «Leda» vart førte til Eidsvågbukta nord for Bergen 16. april 1940 og nytta som overnattingsfartøy for norske krigsfangar.

Tankskipet MT «Tiger», som vart teke av tyskarane og lagt opp nær «Jupiter» og «Lyra» og nytta som flytande drivstoffdepot, vart angripe av allierte fly. Ei bombe vart sleppt like ved dei to passasjerfartøya, men verken dei eller «Tiger» vart direkte råka.[37]

«Leda» vart rekvirert av Die Deutsche Krigesmarine den 31. juli 1940 og nytta som overnattingsfartøy i Bergen, i tillegg til noko passasjertrafikk mellom Tyskland og Sverige med tysk mannskap.[37] Frå 18. mai 1944 vart det nytta som forsyningsskip for ein artilleriskule på ein ukjend stad, og frå 28. desember same året vart det nytta som transportskip for Kriegsmarine Dienstelle Stettin i Tyskland. 25. mars 1945 vart skipet skote i senk av russiske landbatteri utanfor Gross Siegnort utafor Oder på reise til Stettin frå Swinemunde. 20 personar omkom. Skipet sokk på ei djupne av åtte meter med baugen over vatn og låg her fram til 1948.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Vraket vart teke over av Nortraship i mai 1945, men det tok to år før polske styresmakter gav løyve til å inspisere vraket. Det vart heva i desember 1948 og teken til Szczecin i Polen, der det vart kondemnert. Skipet vart slept til Lübeck, der det ankom 26. januar 1949 i håp om å få det selt. Hausten 1949 var det kome inn fleire bod, men ingen over 130 000 kroner, og det vart omsider selt i desember 1949 til Eisen und Stahl A/G i Bremerhaven for opphogging.[37]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

«Leda» var det best utstyrte skipet til BDS då det vart levert, og vart det raskaste fartøyet i Englandsruta. Førsteklasseslugarane hadde ei til to køyer og låg på øvre og andre dekk. Til saman var det rom til 98 passasjerar på 1. plass (1. klasse). Spisesalongen og salongen vart utstyrt og dekorert av Trollope & Colls Ltd. i Liverpool. På øvre dekk var det òg plass til 47 tredjeklasses passasjerar i lugarar med to, fire, fem eller seks køyer med to spisesalongar, ein på øvre dekk og ein på poopdekket. I tillegg var det postlugar og postkontor. På den akterste delen av promenadedekket var friluftskafe.[3]

Tonnasjen til skipet var ved levering 2 519 brt, 1 173 nrt og lasteevna var 1 540 dødvekttonn. Det var tre lasterom med dobbelte lossebommar og vinsjar. Volumet i lasteromma var til saman 1 891 , og etter ombygginga i 1931 var 1 328 m³ av dette kjølerom. Ventilasjon og oppvarming føregjekk etter termotanksystemet. Skipet hadde elektrisk lys og reserveanlegg for nød-, lys- og pumpeinnretningar, i tillegg til trådlaus marconistasjon.[3]

Hovudmaskinen var turbindriven dampmaskin levert av Armstrong, Whitworth & Co. Ltd, i Newcastle. Oppgjeven yting var 3 300 iHk (indikerte hestekrefter) og 624 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 16 knop.[1]

I 1928 fekk skipet sett inn straumlinjeror og i 1934 vart djuptankane i akterromet forandra til lasterom. Røykesalongen vart ombygd i 1936. I 1939 fekk skipet ny radio, peileapparat og ekkolodd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «T/S Leda». Sjøhistorie.no. Henta 26. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 37. Henta 26. april 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Bergenskes "Leda"». Bergens Tidende. 8. november 1920. s. 4. Henta 28. april 2020. 
  4. «Leda kommer hertil i morgen middag». Bergens Tidende. 10. desember 1920. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  5. «Bergenske nye hurtiggaaende nordsjøfarer "Leda" i Bergen». Bergens Tidende. 13. desember 1920. s. 9. Henta 28. april 2020. 
  6. «Englandsruten». Bergens Tidende. 1. desember 1920. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  7. «Paa gjennomreise». Bergens Tidende. 6. januar 1921. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  8. «Englandsruten». Bergens Tidende. 13. februar 1922. s. 4. Henta 28. april 2020. 
  9. «"Leda"s skade». Bergens Tidende. 14. februar 1921. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  10. «Da "Leda" berget "Jupiter"». Bergens Tidende. 10. november 1925. s. 7. Henta 28. april 2020. 
  11. «Bergenskes "Leda" grundstøtt i Vatlestrømmen igaaraftes». Bergens Tidende. 1. oktober 1923. s. 2. Henta 28. april 2020. 
  12. «"Leda" trukket av grunnen». Bergens Tidende. 2. oktober 1923. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  13. «"Leda"s grundstøting i Vatlestrømmen skyldtes en støpefeil i telemotor». Bergens Tidende. 16. oktober 1923. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  14. «Ulykke ombord i "Leda" imorges». Bergens Tidende. 4. mars 1925. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  15. «Bergenskes "Leda" sætter rekord». Bergens Tidende. 2. juli 1926. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  16. «"Vulcanus" skar sig fuld igaaraftes under forhaling av "Leda"». Bergens Tidende. 15. august 1927. s. 7. Henta 28. april 2020. 
  17. «"Leda" i kollisjon med 2 trawlere». Bergens Tidende. 1. september 1928. s. 6. Henta 28. april 2020. 
  18. «Bergen-London på vel 30 timer». Bergens Tidende. 30. november 1928. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  19. «"Leda" ramponerer Bergenskes kai». Bergens Tidende. 30. juni 1930. s. 2. Henta 28. april 2020. 
  20. «"Leda" kjører på en heisekran på Skoltegrunnen». Bergens Tidende. 11. november 1930. s. 5. Henta 28. april 2020. 
  21. «"Leda" med dronningen gjør rekordreise over Nordsjøen». Bergens Tidende. 27. mars 1931. s. 9. Henta 28. april 2020. 
  22. «Havnen». Bergens Tidende. 27. april 1931. s. 11. Henta 29. april 2020. 
  23. «"Leda" får ny annenklasse». Bergens Tidende. 23. mai 1931. s. 4. Henta 29. april 2020. 
  24. «Avganger». Bergens Tidende. 28. mai 1931. s. 8. Henta 28. april 2020. 
  25. «Havnen». Bergens Tidende. 4. juni 1931. s. 2. Henta 29. april 2020. 
  26. «Turisttrafikken har vært tilfredsstillende, sier Bergenske». Bergens Tidende. 29. august 1931. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  27. «Lettelser for ferskfiskeksporten sjøverts til Tyskland og Holland». Bergens Tidende. 11. november 1931. s. 1. Henta 29. april 2020. 
  28. «"Leda" i kollisjon». Bergens Tidende. 29. januar 1932. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  29. «"Leda" må sløife to turer». Bergens Tidende. 4. februar 1932. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  30. «Havnen». Bergens Tidende. 31. oktober 1933. s. 2. Henta 29. april 2020. 
  31. «Bergenskes reklame i England kostet 8000 pund ifjor». Bergens Tidende. 28. oktober 1933. s. 16. Henta 29. april 2020. 
  32. «"Leda" rendte på kaien i Måløy». Bergens Tidende. 23. oktober 1934. s. 9. Henta 29. april 2020. 
  33. «Skaden på kaien i Måløy». Bergens Tidende. 27. oktober 1934. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  34. «"Leda" i ny skikkelse». Bergens Tidende. 11. januar 1937. s. 9. Henta 29. april 2020. 
  35. «Bergensflåten i oplag». Bergens Tidende. 31. desember 1936. s. 18. Henta 29. april 2020. 
  36. «Karmts besetning reddet». Bergens Tidende. 23. januar 1937. s. 2. Henta 29. april 2020. 
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 37,4 Leda på Warsailors.com. Vitja 28. april 2020
  38. «Besetningen i Ledas livåbåt fikk sine medaljer i går». Bergens Tidende. 6. mars 1937. s. 11. Henta 29. april 2020. 
  39. «"Leda"s berging av "Karmt"s besetning». Bergens Tidende. 19. april 1937. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  40. «Brennevinsmugling på Leda». Bergens Tidende. 24. februar 1937. s. 5. Henta 29. april 2020. 
  41. «Havnen». Bergens Tidende. 23. oktober 1937. s. 11. Henta 29. april 2020. 
  42. «Bergenskes "Jupiter" i ny skikkelse». Bergens Tidende. 22. januar 1938. s. 10. Henta 29. april 2020. 
  43. «Misforståelse av ordre skyld i "Leda"s kollisjon?». Bergens Tidende. 20. mai 1938. s. 14. Henta 29. april 2020. 
  44. «Da Bergenskes "Leda" kolliderte med "Andenæs" på Stavanger havn». Bergens Tidende. 24. april 1939. s. 11. Henta 29. april 2020.