DS «Onega»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Onega»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 850 000 kr[1]
Verftsnummer: 205
Sjøsett: 17. juli 1924[2]
Jomfrutur: august 1924
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDPB
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 624 brt. 929 nrt
Daudvekt: 2 325 tdw.
Lengd: 244.6 fot (74.6 m)
Breidd: 37.7 fot (11.5 m)
Djupgang: 15.7 fot (4.8 m)
Installert effekt : NHK 161 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV)
Fart: 9 knop
Karriere  Sovjetunionen
Namn: DS «Onega»
Eigar: Sovtorgflot
Overtatt: Mars 1928
Heimehamn: 1928-1932: Leningrad
1932-1945: Arkhangelsk
Lagnad: Krigsforlis 1945

DS «Onega» (kallesignal LDPB) var eit dampskip bygt i 1924 som passasjer- og lasteskip for Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, som var dels eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet var systerskipet til DS «Vaga», som vart levert same tid.

Skipet er kalla opp etter hamnebyen og elva Onega.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 850 000 kroner[1] då det vart levert i august 1924[3] Skipet vart sjøsett den 17. juli 1924.[2] Medan den fru Kollanthy, kona til ein russisk minister på vitjing i Noreg, døypte «Vaga» to dagar før ved Laksevåg, vart sjøsetjinga av «Onega» gjort utan nokon seremoni.[4] 12. august vart det utført ein prøvetur med skipet, og det gjekk like etter til Haugesund for å laste sild til Arkhangelsk.[5] Skipet gjekk så inn i ruta mellom Kvitsjøen og Arkhangelsk, og England. På vinterstid, då istilhøva var for harde i nord, gjekk skipet i trampfart, mellom anna til Middelhavet.

Den 18. mai 1926 segla «Onega» frå Honningsvåg til Kings BaySvalbard for å ta ombord materiale som tilhøyrde polekspedisjonen til Roald Amundsen etter flyginga med luftskipet «Norge». Det dreidde seg om 1200 tonn gods og eit mannskap på 32 mann, som vart sett i land i Noreg. Lasta vart ført til Italia.[6]

9. juni 1926 var «Onega» på veg opp Porsgrunnselva, då det måtte vike for ein taubåt på veg ned elva. «Onega» kom på tvers av elva i den sterke straumen og med stor fart rende det inn i Porsgrunn brygge. Ein lekter låg mellom brygga og skipet, og vart knust og gjorde at brygga ikkje fekk skade. «Onega» kunne halde fram turen opp elva til Menstad.[7]

Seint i september 1926 låg «Onega» og lasta tungt maskineri ombord i Trondheim. Blant maskingodset skulle ein ha ombord eit åtte tonn tungt tannhjul. Kranen klarte løftet, men då hjulet var kome rett over lasteluka brast brått slingsen som heldt hjulet, og det raste rett ned i botnen av lasterommet. Styrmannen ombord kom seg så vidt unna det fallende hjulet, men propelltunnellen vart klemt heilt flat og toppen av aktertanken vart øydelagd.[8] Skaden må ha blitt reparert kjapt, for nokre dagar seinare var skipet komen til Honningsvåg på veg til Arkhangelsk.

I mars 1928 vart Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i flåten vart fordelt mellom BDS og Sovtorgflot, den sovjetiske handelsflåten, ved loddtrekning. «Onega» hamna då hos sovjetarane.

22. april 1945 vart skipet torpedert av den tyske ubåten «U-997» i Barentshavet, på reise frå Kirkenes til Murmansk i konvoien PK9. Skipet sokk.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1624 brt, 929 nrt og lasteevna var 2325 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3173 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 161 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Onega». Sjøhistorie.no. Henta 1. juni mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 ««Onega»s stabelavløpning utsat». Bergen: Bergens Tidende. 7. juli 1924. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  3. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 43. Henta 1. juni 2020. 
  4. «Stabelavløp». Bergen: Bergens Tidende. 17. juli 1924. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  5. ««Onega» paa prøvetur tirsdag». Bergen: Bergens Tidende. 9. august 1924. s. 2. Henta 1. juni 2020. 
  6. «Det norsk-russiske dampskibsselskaps «Onega» skal hente Amundsen-ekspeditionens materiale paa Kings Bay». Bergen: Bergens Tidende. 20. mai 1926. s. 5. Henta 1. juni 2020. 
  7. ««Onega» knuser en lægter». Bergen: Bergens Tidende. 10. juni 1926. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  8. «Alvorlig uheld ombord i «Onega»». Bergen: Bergens Tidende. 25. september 1926. s. 1. Henta 1. juni 2020.