MS «Vela» (1946)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vela»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Eriksbergs Mekaniska Verkstad i Gøteborg i Sverige
Verftsnummer: 355
Jomfrutur: oktober 1946
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LLZD
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 344 brt, 700 nrt
Daudvekt: 1 975 tdw.
Lengd: 80,4 m
Breidd: 12,25 m
Djupgang: 4,26 m
Installert effekt : BHK 1175 NHK 287
Framdrift: 5-sylindra 2-takts dieselmotor (Burmeister & Wain, København)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: MS «Fay»
Eigar: Keanav Shipping Co. (Grecomar Shipping Agency)
Kjøpt: Mars 1968
Heimehamn: Pireus
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Alexis»
Eigar: Alexis Shipping Co. S. A. L.
Kjøpt: 1971
Heimehamn: Beirut
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Nabil»
Eigar: Ghandour Maritime Co. (1975-1977)
Blossom Shipping Co.Ltd. (1977-1978)
Ets.Abdul Razzak Sattout (1978-1983)
Kjøpt: 1975
Heimehamn: Beirut
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Nabil»
Eigar: Moustafa F.Jabbadou
Kjøpt: 1983
Heimehamn: Tripoli
Lagnad: Opphogd 1990

MS «Vela» (kallesignal LLZD) var eit motorskip bygt i 1946 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Vela er det latinske namnet på stjernebiletet Seglet. Det var det tredje skipet med dette namnet i flåten til BDS etter DS «Vela» frå 1904 og DS «Vela» frå 1930.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Eriksbergs Mekaniska Verkstad i Gøteborg i Sverige[1] og vart levert i oktober 1946.[2] Det skal ha vore det første norske skipet som vart bygd etter krigen[3] og vart sjøsett heilt i slutten av mai 1946.[4] 28. oktober segla «Vela» frå Gøteborg til Antwerpen og kom til Bergen første gongen 11. november. Skipet gjekk inn i ruta Trondheim - Bergen - Antwerpen, som DS «Vela» hadde hatt før krigen. Her gjekk det fram til juni 1948, då MS «Diana» tok over denne ruta. «Vela» byrja då å gå i ruta til Vest-England, men det varte berre ein månads tid, og i slutten av juli 1948 vart det sett inn i rute til Frankrike, men gjekk i august og september til London, og i slutten av september og i oktober til Hamburg.

Casablanca - Bordeaux[endre | endre wikiteksten]

I november 1948 vart det fast rute for «Vela» att, då det vart sett inn i ei ny BDS-rute mellom Casablanca i Marokko og Bordeaux i Frankrike. Sommaren 1949 gjekk det derimot nokre turar med jern frå Antwerpen til Noreg, og i september var det på verkstad på Laksevåg, der det mellom anna vart sett inn ekstra vifter i kjølerommet for Vest-Afrikaruta, som starta opp att i oktober.

I februar 1950 tok «Vela» ein tur for Skandinaviske Vest-Afrikalinje, som vart drive i fellesskap mellom Transatlantic og Bergenske. Skipet drog til Accra i GhanaGullkysten for å hente 650 tonn kakao, som vart lossa i Oslo, medan anna last vart frakta til Gøteborg og Stockholm.[5] Det var attende i Casablanca-Bordeaux fram til sommaren, då det drog attende til Noreg og hadde turar til Belfast, Middlesborough, før det i august gjekk i opplag i Bergen. I midten av september lasta «Vela» for franske hamner og var innom Fecamp, Concarneau, Bayonne og Antwerpen. I november starta ruta opp att mellom Casablanca og Bordeaux. Sommaren 1951 vart det gjort ein tur til Preston i England frå Trondheim, før den årlege pussen vart gjort i Bergen i august. Etter anløp i Måløy og Ålesund bar det mot Frankrike att og den faste ruta til Vest-Afrika starta opp i september, to månader tidlegare enn året før. Og i 1952 var det ingen opphald i ruta, som gjekk heile året og fram til juni 1953. Sommaren 1953 hadde det fleire turar til Antwerpen og London, før det vart slipphalt i Bergen i oktober.

I slutten av oktober 1953 tok det opp att ruta mellom Casablanca og Bordeaux, som gjekk gjennom heile 1954 og fram til juni 1955. Dette var siste gongen «Vela» gjekk i denne ruta og etter klassing i Bergen i juli og august, byrja «Vela» å gå i trampfart. Hausten 1955 reiste «Vela» i området det ikkje hadde vore før og starta i Flekkefjord, før det for til Sigulfjord på Island, så til Gøteborg, Lisboa, Savonna i Italia, Cartagena i Spania, Gøtebogrg, Stockholm, Kiel i Tyskland, Béjaïa i Algerie og Gøteborg der det kom fram 6. desember. Vidare bar ferda til Kotka i Finland og på veg over Austersjøen deltok «Vela» i eit bergingsfartøy av det grunnstøytte, britiske fartøyet MS «Judith Mary», som var kraftig nedisa. «Vela» klarte ikkje å berge nokre av mannskapet, då ein motorbåt som vart sett på sjøen raskt vart fylt av vatn og motoren svikta. Mannskapet vart seinare berga med helikopter.[6] På slutten av året gjekk turen frå Kotka til Holtenau i Tyskland.

Trampfart[endre | endre wikiteksten]

I 1956 hadde «Vela» anløp i Holtenau, Savona, Napoli, Palermo, Gøteborg, Malmø, Gøteborg, Åbo og Antwerpen, før det i april kom til Bergen. I mai gjekk turen vidare til Trondheim, så til Gøteborg, Barcelona, Casablanca, Gøteborg, Leixões i Portugal, Genova, Algeciras i Spania, Helsingsfors, Skutskär i Sverige, Lisboa, Port Lyautey i Marokko, Casablanca, Helsingborg, Gøteborg, Port-Saint-Louis-du-Rhône, Torrevieja, Hamburg, Karlstad, Gøteborg, Napoli, Valencia, Cartagena, Malmø og Stockholm 29. desember.

I 1957 fortsette trampfarten for «Vela». Det første anløpet var Härnösand i Sverige, så Alger i Algerie, Savona, Genova, Lisboa, Gøteborg, Pasaia i Spania, Bilbao, Casablanca, Gøteborg, Helsingborg, Skoghall i Sverige, Karlstad, Casablanca, Genova, Tunis, Gent, London, Ceuta, İskenderun i Tyrkia, Susa, Grangemouth, Arkhangelsk utpå sommaren og så til Bergen. Vidare det året gjekk turen til Cardiff, Parrsboro, Halifax i Canada, Limerick, Valencia, Almeria, Honningsvåg, Onega i Kvitsjøen, Bergen, Amsterdam, Valencia, Cartagena, London, Cartagena og til slutt Rotterdam.

1958 starta i Valencia i Spania for «Vela», før turen gjekk til Rotterdam, så til Gandia i Spania, Hamburg, Burriana i Spania, Bremen, Valencia, Castellon og Rotterdam. I april 1958 var skipet i Bergen for ei overhaling. Etter denne overhalinga gjorde «Vela» nokre turar i Antwerpen-ruta mellom Trondheim og Antwerpen, men i juni var det i Haugesund for å laste sild for Austersjøen. I slutten av juni var det derimot komen til Frankrike og Port-Saint-Louis-du-Rhône, før det drog til Dei britiske øyane og Oran, Belfast, Archangel, Ipswich og så til Bergen att i august. Turen for så til Kem ved Kvitsjøen for å hente trelast, og så til Boston i september. Tidleg i oktober var det attende i Bergen. Vidare drog det til Zaandam i Nederland, Antwerpen, Bergen, Sauda, Hamburg, Casablanca og til slutt Hamburg 29. desember. Frå Hamburg gjekk «Vela» tidleg i januar 1959 og gjekk til opplagsbøye i Dolviken i Bergen.

Calbas Line[endre | endre wikiteksten]

I mai 1959 vart det frakta til verftet på Laksevåg for å ombyggast om til fart i ei ny linje mellom India og Persiabukta. Ruta vart meldt å starte opp i juni 1959 og det var i røynda tre reiarlag bak linja: Olsen & Uglestad, Wallem, Steckmest & Co og Bergenske. Det var to slynger på linja: Colbas Line frå Colombo via indiske hamner til Basra i Irak, og Calbas Line frå Calcutta, via Rangoon til Basra. «Vela» vart valt til å gå i Calbaslinja og MS «Sirius» gjekk i Colbaslinja.[2] 27. juni var det avgang frå Bergen og 18. juli var det komen til Port Said ved innløpet til Suezkanalen. Det var òg innom Aden før det nådde fram til Colombo i Sri Lanka 1. august 1959 og byrja å gå i Calbaslinja.

Siste år for BDS[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart viste det seg at både «Sirius» og «Vela» var i det minste laget og vinteren 1963-1964 vart «Vela» kalla heim til Noreg, medan «Sirius» vart selt til nye eigarar. 15. oktober 1963 passerte «Vela» igjen Suezkanalen på veg heim, og var heime i Bergen 13. november via Antwerpen. Etter klassing i Bergen for det på nyårsaftan 1963 til London og byrja å gå i ruta Trondheim - Bergen - London - Rotterdam.

24. oktober 1964 mista «Vela» roret på veg over Sletta ved Haugesund. Det hadde nettopp passert Skåretreboen lysbøye kl. 05 om morgonen då vakta på brua merka at skipet ikkje lystra som det skulle og stadig svinga mot babord. Det vart slutt full stopp i maskinen og så full fart akterover, medan babord anker vart kasta. Ein måtte så slå full fart framover då skipet dreidde mot babord, for å unngå at det gjekk på land. Det vart gjort fleire manøvrer utan ror med å heve og kaste dei ulike ankera. Dei klarte å kome seg mot Haugesund, der ein taubåt assisterte skipet til kai. Ein dykkar undersøkte skipet og fann at roret var borte, i tillegg til at skroget hadde fått nokre små bulkar der det hadde rørt botnen. Det var derimot ingen lekkasjar.[7] Nytt ror vart sett på ved Bergen Mekaniske Verksted i desember.

16. mars 1966 gjekk «Vela» på grunn i tjukk tåke utanfor Stavanger. Det gjekk frå Stavanger til Sandnes og ved innløpet til Gandsfjorden var tåka så tjukk at maskinen vart stoppa. Straumen dreiv derimot skipet på ei flu ved Store Marøy. Det måtte to taubåtar til for å trekke det av grunna. Skadane var berre mindre og det kunne halde fram til Sandnes for å losse ein del av lasta.[8]

13. oktober 1967 kom «Vela» for siste gongen til Bergen i Rotterdam-ruta si, og byrja å gå til Newcastle i staden resten av året, og gjekk i opplag i Bergen på nyåret.

For andre reiarlag[endre | endre wikiteksten]

I mars 1968 vart «Vela» selt til Keanav Shipping Co. under Grecomar Shipping Agency i Pireus i Hellas, og omdøypt «Fay». Det vart overlevert dei nye eigarane 26. mars 1968 og gjekk frå Bergen til Sverige.

I 1971 vart det selt vidare til Alexis Shipping Co. S.A.L. i Beirut i Libanon og fekk namnet «Alexis». I 1975 skifta det libanesiske eigarar og Ghandour Maritime Co. tok over. Dei gav skipet namnet «Nabil». Skipet heldt namnet då det skifta libanesiske eigarar fleire gonger i 1970- og 1980-åra. I 1977 tok Blossom Shipping Co.Ltd. over, og i 1978 Ets.Abdul Razzak Sattout, begge i Beirut. I 1983 skifta skipet heimehamn, då Moustafa F.Jabbadou i Tripoli tok over «Nabil». I 1987 kjøpte General United Trad.& Sh.Co.Sarl opp Moustafa F. Jabbadou.

Skipet vart hogd opp i 1990.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 344 brt, 700 nrt og lasteevna var 1 975 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 053 , der 427  var kjølerom. Hovudmaskinen var ein 5-sylindra 2-takts dieselmotor frå Burmeister & Wain. Oppgjeven yting var 1175 bHk (bremsande hestekrefter) og 287 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.[1]

Skipet hadde lugarar for 12 passasjerar.[9]

I 1951 fekk skipet sett inn radar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «M/S Vela». Sjøhistorie.no. Henta 27. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 33. Henta 5. august 2020. 
  3. ««Stella Polaris» første turistskip i drift etter verdenskrigen». Bergen: Bergens Tidende. 13. mai 1946. s. 7. Henta 27. desember 2020. 
  4. «Bergenskes nye «Vela» sjøsettes ved Gøtaverken». Bergen: Bergens Tidende. 5. juni 1946. s. 5. Henta 27. desember 2020. 
  5. «Bergenskes «Vela» bringer 650 tonn kakao». Bergen: Bergens Tidende. 10. mars 1950. s. 5. Henta 27. desember 2020. 
  6. «Storm og is gjør Østersjøen farlig». Bergen: Bergens Tidende. 19. desember 1955. s. 12. Henta 27. desember 2020. 
  7. «Ingen var klar over at «Vela» hadde mistet roret». Bergen: Bergens Tidende. 4. november 1964. s. 8. Henta 27. desember 2020. 
  8. «BDS «Vela» på grunn i tykk tåke». Bergen: Bergens Tidende. 17. mars 1966. s. 2. Henta 27. desember 2020. 
  9. «Det Bergenske Dampskibsselskab kontraherte...». Bergen: Bergens Tidende. 5. november 1946. s. 1. Henta 27. desember 2020.