DS «Vela» (1930)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DS «Vela», DS «Columba» og andre skip til kai ved Værlebrygga i Moss, 2. februar 1941.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vela»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 567 211 kr[1]
Verftsnummer: 211
Jomfrutur: 24. januar 1930
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHRV - LDLJ
Lagnad: Torpedert 1944
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 184 brt, 633 nrt
Daudvekt: 1 550 tdw.
Lengd: 223,9 fot (68,2 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 14,1 fot (4,3 m)
Installert effekt : NHK 180 IHK 911
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4 passasjerar

DS «Vela» (kallesignal LHRV - LDLJ) var eit dampskip bygt i 1930 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Vela er det latinske namnet på stjernebiletet Seglet. Skipet var systerskip til DS «Columba», som vart levert to månader tidlegare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta litt over ein halv million kroner[1] då det vart levert i januar 1930.[2] Skipet gjorde den første prøveturen sin på Byfjorden i Bergen den 24. januar og gjekk veka etter inn i Antwerpenruta mellom Trondheim og Antwerpen via Bergen.[3] Skipet gjekk i denne ruta gjennom heile 1930-åra, stort sett utan uhell eller dramatikk.

5. februar 1939 heldt det derimot på å gå gale. På Tjomlandet i nærleiken av Kopervik gjekk skipet på grunn. «Vela» hadde nettopp teke ombord los på veg frå Antwerpen. Kapteinen var på brua, men fordi han hadde influensa og gjekk raskt på lugaren sin att, og let losen ta over kommandoen. Brått kom andrestyrmannen inn etter ha vore utanfor styrhuset og ropte at dei var på veg mot land. Det vart så gjeve full fart akterover og styrbord ror. Skipet skrensa likevel mot land, men vart ikkje ståande fast. «Vela» fekk ein lekkasje, men gjekk vidare til Ålesund, der det vart undersøkt av dykkarar, som fekk tetta lekkasjen. Då skipet kom til Trondheim oppdaga ein skade på lasta. Buntar med ståltråd hadde hamna i sjøvatnet og rusta, og i Levanger viste det seg at tretti sekkar med kali var skadd.[4] Skaden vart ein månad seinare taksert til 20 250 kroner og skipet vart i skadelidd tilstand taksert til 360 000 kroner.[5]

andre verdskrigen braut ut på kontinentet i september 1939 er det uklårt kva som skjedde vidare med «Vela», då avisene slutta å rapportere om skipsfarten. Det ser ut til at «Vela» skulle delta i konvoi HN 15 frå Noreg til Storbritannia i februar 1940, men vart ikkje med denne. Uansett var «Vela» i Noreg då tyskarane invaderte 9. april 1940 og hamna i Heimeflåten.

I mars 1942 grunnstøytte «Vela» på veg sørover frå Tromsø. Det var kome til Abelvær då det vart råka av uvêr. Kapteinen var nede, men styrmann og los var på brua. Då kapteinen kom på brua gjekk skipet med full fart framover for ikkje å drive på land med akterenden. Dei prøve å få ut begge ankera, men i forsøket tok baugen på skipet mot land og vart ståande. Dette var før det var fjøre sjø. For å lette skipet byrja dei å losse av lasta. Etter nokre timar klarte ein å kome seg av og fekk ankra opp. Fartøyet byrja å dregge og maskinisten meldte om at propellen tok ned i botnen. Ankerstokken på babord side var blitt kløyvd og hylseboksen var sprunge lekk. I Abelvær vart skipet undersøkt av dykkarar og kunne segle vidare.[6] Skaden vart kort tid etter taksert til 44 500 kroner. Skipet vart i skadelidd tilstand taksert til 905 000 kroner.[7]

Vela var ved Tollbodkai nr. 1 i Bergen for ein overhaling av motor og styremaskin då eksplosjonen på Vågen skjedde 20. april 1944. På grunn av den kraftige flodbølgja som eksplosjonen skapte, braut «Vela» laus frå fortøyingane og dreiv hjelpelaust blant andre fartøy og avfall i hamna. BDS-skipet DS «Kora» som låg ved Skoltegrunnskaien hadde klart å kome seg ut og mannskapet på dette skipet klarte å feste ei line til «Vela». Etter å ha kjempa i kring ein og ein halv time klarte begge fartøya å ankre opp i Puddefjorden litt lenger vest. «Vela» kom uskadd frå hendinga, medan «Kora» hadde nokre skadar.[8]

20. september 1944 var «Vela» på reis frå Odda til Gøteborg med kalsiumcyanid då det vart torpedert og søkkt av den britiske ubåten HMS «Sceptre». Dette skjedde 11 nautiske mil utafor Eigerøy fyr. Eit av dei tyske eksortefartøya, «M 132», vart òg søkkt i åtaket. Tre nordmenn frå «Vela» og to tyskarar frå det tyske fartøyet omkom i åtaket.[8]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 184 brt, 633 nrt og lasteevna var 1 550 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 823 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 911 iHk (indikerte hestekrefter) og 180 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Sjølv om skipet primært var eit lasteskip, hadde det plass til fire passasjerar.

I 1938 fekk skipet ny radio, peileapparat og nytt styrehus.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Vela». Sjøhistorie.no. Henta 28. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 43. Henta 28. juni 2020. 
  3. «Bergenskes «Vela» på prøvetur». Bergen: Bergens Tidende. 24. januar 1930. s. 6. Henta 28. juni 2020. 
  4. «Da Bergenskes «Vela» holdt på å gå på land». Bergen: Bergens Tidende. 20. februar 1939. s. 3. Henta 28. juni 2020. 
  5. «Skaden på «Vela» taksert». Bergen: Bergens Tidende. 8. mars 1939. s. 10. Henta 28. juni 2020. 
  6. ««Vela» har vært på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 13. mars 1942. s. 4. Henta 28. juni 2020. 
  7. ««Vela»s skade 44,500 kroner». Bergen: Bergens Tidende. 23. mars 1942. s. 1. Henta 28. juni 2020. 
  8. 8,0 8,1 «D/S Vela». USA: Warsailors.com. Henta 28. juni 2020.