DS «Kem»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Kem»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen
Byggekostnad: 900 000 kroner[1]
Verftsnummer: 138
Jomfrutur: februar 1925
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDVG - LDRB
Lagnad: Krigsforlis 1940
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 706 brt, 1 009 nrt
Daudvekt: 2 425 tdw.
Lengd: 250,0 fot (76,2 m)
Breidd: 39,1 fot (11,9 m)
Djupgang: 16,1 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 163 IHK 960
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (LM & JSB)
Fart: 9,5 knop

DS «Kem» (kallesignal LDVG - LDRB) var eit dampskip bygt i 1925 som lasteskip for Det norsk-russiske Dampskibsselskab, som var deleigd av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og den sovjetiske staten. Skipet var eigd av BDS og var kalla opp etter den russiske byen Kem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta 900 000 kroner[1] då det vart levert i februar 1925.[2] Den første prøveturen vart utført 5. februar.[3] Skipet skulle inn i trelastfarta mellom Kvitsjøen i Russland og England, som var ruta Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab dreiv i lag. På grunn av dei tøffe istilhøva i nord, gjekk skipet om vinteren i trampfart, og den første turen til «Kem» gjekk over til Newcastle for lasting for Middelhavet.[4] Frå Newcastle segla skipet til Oran i Algerie. Etter å ha vendt attende til England i mars, segla skipet til IsafjordIsland. Den første turen til Arkhangelsk var i mai 1925.

I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i flåten deira vart fordelt mellom BDS og Sovjetunionen ved loddtrekning. «Kem» hamna hos BDS og det nye selskapet Det Bergenske Russiske Dampskibsselskab og fortsette i ruta mellom Arkhangelsk og England. 1. februar 1929 hadde «Kem» kryssa Atlanteren og kom fram til Houston i Texas, men var i mars 1929 attende i Noreg og Narvik. «Kem» slutta i den faste farta til Kvitsjøen etter 1930, og frå 1931 til 1933 var skipet ein heil del på fart i Nord-Amerika og Karibia. Sommaren 1933 var skipet òg attende i Arkhangelsk. I februar 1933 vart skipet òg overført direkte under BDS. I 1934 var skipet stort sett i fart i Nord-Europa, men i november var det igjen attende i Nord-Amerika.

2. januar 1939 oppstod det ein brann i akterrommet då «Kem» var på veg ut frå Ijmuiden i Nederland på veg til Stavanger. Rommet var lasta med fosfat, mjøl og koks. Skipet hadde los ombord og det vart straks kasta anker. To slepebåtar vart tilkalla og akterrommet vart fylt med vatn. Skipet vart ført til Amsterdam, der vatnet vart pumpa ut att.[5] Dekksplatene i skipet vart skadd i brannen, og alt treverk måtte fornyast. Skaden var over vasslinja, så skipet måtte ikkje gå i tørrdokk.[6]

12. november 1939 heldt DS «Corvus», eit anna skip frå BDS, på å drive på land i Rørvik. Det var nordvest storm og skipet gjekk i ballast, så det låg lett i sjøen. I Rørvik låg alt «Kem», og i den sterke vinden dreiv «Corvus» inn tre gonger mot «Kem», som fekk stor skade. Til slutt fekk ein fortøydd «Corvus» langs sida av «Kem». «Corvus» hadde ikkje vore meir enn 8-10 meter frå land då dei klarte å få kontroll på situasjonen.[7]

«Kem» vart nemnt i februar 1940 då det deltok i konvoien HN 10 frå Noreg til London med stykkgods. Kjeldene er derimot ikkje heilt samde i om «Kem» var med i denne konvoien. Uansett segla skipet i midten av mars frå Storbritannia og attende til Noreg i konvoien ON 19.[8] Skipet var i Noreg under den tyske invasjonen 9. april og hamna i Heimeflåten. 24. juli 1940 var skipet på reise frå Danzig til Haugesundsområdet med ei last av kol då det vart råka av ei mine. Minefeltet var lagt ut den 10. mai 1940 av den franske ubåten «Rubis». Skipet sokk nord for Svåholmen nær Egersund. Alle mann ombord vart berga. Skipet ligg i dag opp-ned på 60 meters djupne. DS «Argo» og MS «Vansø» sokk òg i same minefeltet.[8]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 706 brt, 1 009 nrt og lasteevna var 2 425 dødvekttonn. Skipet hadde to store lasterom med eit samla volum på 3 388  og fire store luker. Skipet hadde sju vinsjar og seks bommar. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av verftet på Lakesvåg. Oppgjeven yting var 960 iHk (indikerte hestekrefter) og 163 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1] Skipet hadde elles elektrisk lys og trådlaus telegraf.

I 1929 fekk skipet straumlinjeror, og i 1939 ny radio.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Kem». Sjøhistorie.no. Henta 2. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 46. Henta 2. juni 2020. 
  3. «Prøvetur». Bergen: Bergens Tidende. 5. februar 1925. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  4. ««Kem»». Bergen: Bergens Tidende. 6. februar 1925. s. 7. Henta 2. juni 2020. 
  5. «Brann ombord i Bergenskes «Kem»». Bergen: Bergens Tidende. 3. januar 1939. s. 5. Henta 4. juni 2020. 
  6. «Skaden på «Kem»». Bergen: Bergens Tidende. 9. januar 1939. s. 6. Henta 4. juni 2020. 
  7. «"Kem" berger "Corvus" fra å drive på land». Bergens Tidende. 17. november 1939. s. 12. Henta 30. april 2020. 
  8. 8,0 8,1 «D/S Kem». Warsailors.com. Henta 4. juni 2020.