MS «Arcturus» (1947)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Arcturus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted, Bergen
Verftsnummer: 378
Sjøsett: 1. november 1947
Jomfrutur: 31. desember 1947
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMXDb
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 333 brt, 701 nrt
Daudvekt: 2 002 tdw.
Lengd: 80,49 m
Breidd: 12,25 m
Djupgang: 4,26 m
Installert effekt : BHK 1100 NHK 292
Framdrift: 6-sylindra, 2-takts dieselmotor (Sulzer Bros. Ltd., Winterthur)
Fart: 12 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Atle Jarl»
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab
Kjøpt: 17. februar 1958
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Amal»
Eigar: Zeus Shipping Co.
Kjøpt: September 1972
Heimehamn: Beirut
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Saadeddin»
Eigar: Ahmad Said Sayed & Partners (Orient Sh.& Conctr.)
Kjøpt: 1977
Heimehamn: Beirut
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: MS «Saadeddin»
Eigar: Lebanese Sudanese Navigation Lines
Kjøpt: 1978
Heimehamn: Beirut
Lagnad: Forliste i Middelhavet i 1979, opphogd 1980.

MS «Arcturus» (kallesignal LMXD) var eit motorskip bygt i 1947 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Arcturus er den mest ljossterke stjerna på den nordlege himmelhalvkula og ligg i stjernebiletet Bjørnepassaren. Dette var det andre skipet til BDS med dette namnet, etter DS «Arcturus» og var systerskipet til MS «Delfinus».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted[1] og vart levert i desember 1947.[2] Det hadde ein teknisk prøvetur på Byfjorden i Bergen tett opp til jul og tok den første turen sin nordover til Trondheim 31. desember. Skipet gjekk inn i ruta frå Trondheim og sørover kysten til Amsterdam og Rotterdam, i lag med systerskipet «Delfinus».

9. juli 1952 kolliderte «Arcturus» i tåke med det nederlandske motorskipet «Haulerwijk» utanfor IJmuiden i Nederland. Skipet fekk ein del skade og vart slept inn til Amsterdam av to taubåtar.[3] Det vart liggande i Amsterdam i ein månad for reparasjon.

17. februar 1958 vart skipet selt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i Trondheim og fekk namnet «Atle Jarl». Det vart så sett inn i ruta til Hamburg med mellom anna ferskfisk. 24. mars 1959 omkom den 60 år gamle Martin Krakeli då han fall ned i lasterommet på «Atle Jarl» medan det var i Molde.[4]

17. februar 1965 plukka «Atle Jarl» opp mannskapet på fire frå føringsfartøyet «Normanner» frå Kopervik, etter at det gjekk på grunn på Fiskholmen ved Fensfloen utanfor Florø.[5]

«Atle Jarl» gjekk på grunn mandag kveld 28. oktober 1968 på Leksa i Trondheimsfjorden og vart trekt av grunna av redningsfartøyet «Parat» dagen etter. Skipet hadde fått lekkasje i botntankane, men det var ikkje lekkasje til lasterommet. Skipet vart slept inn til Vingvågen der det vart undersøkt av dykkarar.[6] Skipsføraren forklarte at årsaka til grunnstøytinga truleg var at han hadde forveksla Terningen fyr med Børeholmen fyr, som begge hadde same karakter og farge.[7]

I september 1972 vart skipet selt til Zeus Shipping Co. Ltd. i Beirut i Libanon og fekk namnet «Amal». I 1977 vart det selt til Ahmad Said Sayed & Partners (Orient Sh.& Conctr.) i Beirut og vart omdøypt «Saadeddin». Under det same namnet fekk det i 1978 nye eigarar, Lebanese Sudanese Navigation Lines i Beirut.[1]

13. mai 1979 sprang skipet lekk i maskinrommet i Middelhavet på reise mellom Limassol og Izmir. Mannskapet forlet skipet, men det vart sidan slept inn til Limassol, der det låg som vrak. 26. desember 1980 starta opphogginga av skipet ved Timurtas Metalurju Mamulleri ve Ticaret i Aliaga i Izmir.[1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 333 brt, 701 nrt og lasteevna var 2 002 dødvekttonn, Volumet i lasterommet var 3069 , Hovudmaskinen var ein 6-sylindra, 2-takts dieselmotor, levert av Sulzer Bros. Ltd. i Winterthur. Oppgjeven yting var 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som5 gav ein toppfart på 12 knop. [1]

Skipet hadde eit lasterom på 3 069 kubikkmeter, og av dette var 465 kubikkmeter kjølerom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Arcturus». Sjøhistorie.no. Henta 20. juni 2022. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 20. juni 2022. 
  3. ««Arcturus» og «Canopus» i kollisjon med nederlandske skip i tåke». Bergen: Bergens Tidende. 10. juli 1952. s. 5. Henta 21. juni 2022. 
  4. «Falt ned i rommet». Bergen: Bergens Tidende. 25. mars 1959. s. 5. Henta 21. juni 2022. 
  5. «11 fiskere reddet». Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1965. s. 26. Henta 21. juni 2022. 
  6. ««Atle Jarl» på grunn, trukket av». Bergen: Bergens Tidende. 30. oktober 1968. s. 6. Henta 21. juni 2022. 
  7. «Forvekslet to fyrlykter og grunnstøtte». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1968. s. 1. Henta 21. juni 2022.