DS «Spica» (1923)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Spica»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Københavns Flytedok og Skipsverft i København i Danmark
Byggekostnad: 973 856[1]
Verftsnummer: 256
Sjøsett: 2. juni 1923
Jomfrutur: August 1923
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDCJ
Lagnad: Forliste 1930
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 2 361 brt, 1 358 nrt
Daudvekt: 4 270 tdw.
Lengd: 302,0 fot (92,0 m)
Breidd: 44,2 fot (13,5 m)
Djupgang: 20,5 fot (6,2 m)
Installert effekt : NHK 277 IHK 850
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Gebr. Sachsenberg, Rosslau a/d Elbe)
Fart: 12 knop

DS «Spica» (kallesignal LDCJ) var eit dampskip bygt i 1923 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Københavns Flytedok og Skipsverft i København i Danmark og kosta nesten 1 million[1] då det vart levert i august 1923.[2]

Skipet vart sjøsett 2. juni 1923 og døypt av frøken Zimmer, ei dotter av direktør Zimmer i BDS.[3] 7. august 1923 var skipet ute på den første prøveturen sin.[4] Skipet gjekk inn i trelastfarta til Kvitsjøen og Arkhangelsk i Sovjetunionen. I vintermånadane gjekk skipet i trampfart. Den første vinteren til både Austersjøen og Middelhavet og i desember 1924 gjekk skipet over Atlanteren til Canada.[5] Første måandane av 1925 gjekk turen frå New Orleans i USA til Murmansk med 9 623 ballar med bomull og maskingods til ein samla verdi av 11 millionar kroner. Då skipet var komen til Bergen, på veg til Murmansk oppstod det brann i lasterom nummer tre. Ein trudde først det var damp frå lasta, men då dekket var blitt gloheitt vart brannvesenet tilkalla. Det var eld i 150 ballar som vart teken opp og kasta på kaien. Etter fire timar fekk ein kontroll over brannen.[6] Skaden vart til slutt kring 40 000 kroner.[7]

8. september 1926 vart ein nordmann ombord på «Spica» drepen i eit slagsmål i Rouen i Frankrike. Han vart skubba av ein afrikansk franskmann slik at hovudet hans traff ein fortauskant. Han døydde av fallet. Ei gruppe sjømenn jaga så etter franskmannen, deriblant ein islending. Franskmannen snudde seg mot forfølgjarane og skaut islendingen, som òg omkom. Sidan vart franskmannen arrestert av politiet.[8]

29. september 1926 vart smuglarar frå «Spica» teken på fersk gjerning. Då skipet låg for anker i Ursvikenhamn i Norrland kom ein robåt inn mot land i skumringa. Ein politimann og ein tollfunksjonær oppdaga dette og la seg i skjul. Då robåten nærma seg stranda, vart dei varskua av ein person om dei to som hadde gøymt seg. Robåten snudde då og for utover att, men tollfunksjonæren kasta seg på sjøen og etter nokre symjetak nådde han båten, fekk tak i relinga og om seg ombord. Der fann dei 100 dunkar eksportsprit og ein del flakser som vart beslaglagt.[9]

I 1929 og 1930 segla skipet mykje i timecharter mellom Nord-Amerika og Karibia.

27. august 1930 forliste «Spica» ved Corborns Rock i Cansosundet mellom Cape Breton og Nova Scotia på reise frå Halifax til Chicoutimi med stykkgods.[10] Skipet gjekk på grunn og det var prøvd å dra skipet av grunnen. Det vart meldt om 6 fot vatn i storrommet og 5 fot i maskinrommet, og berginga av skipet vart avslutta.[11] Lasta vart lossa over på lekterar og bestod sukker og sirup, til saman 470 tonn.[12] Etter kring 10 dagar med bergingsforsøk, vart det gjeve opp og 9. september mannskapet vart avmønstra.[13] Skipet vart så rekna som vrak.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 2 361 brt, 1 358 nrt og lasteevna var 4 270 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 5 946 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Gebr. Sachsenberg frå Rosslau an der Elbe. Oppgjeven yting var 850 iHk (indikerte hestekrefter) og 277 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Spica». Sjøhistorie.no. Henta 18. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 44. Henta 17. mai 2020. 
  3. «Bergenskes «Spica» paa vandet». Bergen: Bergens Tidende. 4. juni 1923. s. 4. Henta 18. mai 2020. 
  4. «M.s. «Spica»s mandskap». Bergen: Bergens Tidende. 6. august 1923. s. 7. Henta 18. mai 2020. 
  5. «Skibsefteretninger». Bergen: Bergens Tidende. 16. desember 1924. s. 7. Henta 18. mai 2020. 
  6. «Brand ombord i Bergenskes «Spica»». Bergen: Bergens Tidende. 29. april 1925. s. 7. Henta 18. mai 2020. 
  7. «Skaden på «Spica»s last». Bergen: Bergens Tidende. 2. mai 1925. s. 7. Henta 18. mai 2020. 
  8. «Et drama i Rouen». Bergen: Bergens Tidende. 25. september 1926. s. 1. Henta 18. mai 2020. 
  9. «Storsmuglere ombord paa «Spica»». Bergen: Bergens Tidende. 1. oktober 1926. s. 8. Henta 18. mai 2020. 
  10. «Bergenskes «Spica» grunnstøtt ved Cape Breton». Bergen: Bergens Tidende. 29. august 1930. s. 5. Henta 19. mai 2020. 
  11. ««Spica»». Bergen: Bergens Tidende. 4. september 1930. s. 7. Henta 19. mai 2020. 
  12. ««Spica» har fått stor skade». Bergen: Bergens Tidende. 5. september 1930. s. 5. Henta 19. mai 2020. 
  13. ««Spica»s mannskap avmønstret». Bergen: Bergens Tidende. 11. september 1930. s. 5. Henta 19. mai 2020.