DS «Ryvingen» (1891)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Lupus»)
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Lupus (ex Ryvingen).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ryvingen»
Eigar: Jens Meinich & Co. (1891-1892)
A/S Ryvingen (B.Heyerdahl) (1893-1895)
Thv. Johnsen & Co. (1895-1905)
Verft: Grangemouth Dock Yard Co. i Grangemouth i Skottland
Verftsnummer: 142
Jomfrutur: mars 1891
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: HFGP - MFRS
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 539 brt, 245 nrt
Daudvekt: 700 tdw.
Lengd: 165,2 fot (50,4 m)
Breidd: 25,4 fot (7,7 m)
Djupgang: 11,3 fot (3,4 m)
Installert effekt : 94 nHk, 500 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 10 knop
Karriere Flag of Iceland.svg Island
Namn: DS «Ryvingen»
Eigar: Hans Hansen (Thv. Johnsen & Co.)
Kjøpt: november 1905
Heimehamn: Akureyri i Island
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ryvingen»
Eigar: Den Norske Creditbank (Fred Olsen)
Kjøpt: mars 1909
Heimehamn: Kristiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ryvingen»
Eigar: Peter Lindøe m.fl.
Kjøpt: oktober 1910
Heimehamn: Haugesund
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Lupus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Grangemouth Dock Yard Co.,Grangemouth
Kjøpt: mars 1915 for 152 516 kr.-[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of the German Empire.svg Det tyske riket
Namn: DS «Lupus»
Eigar: Reichskommisar fur Seeschiffahrts (Vereinigte Bugsier & Frachtschiffahrt A/G)
Heimehamn: Hamburg
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: DS «Elbe»
Eigar: Reichskommisar fur Seeschiffahrt
Heimehamn: Hamburg
Lagnad: Opphogd 1926

DS «Ryvingen» (kallesignal HFGP - MFRS) var eit dampskip bygt i 1891 som lasteskip for Jens Meinich & Co i Kristiania. I 1915 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Lupus» før det i 1917 vart oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» og hamna på tyske hender.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Grangemouth Dock Yard Co. i Grangemouth i Skottland og levert til Jens Meinich i mars 1891. I 1893 vart skipet overteke av A/S Ryvingen og B.Heyerdahl, før det i september 1895 vart selt til Thv. Johnsen & Co.

Hans Hansen kjøpte skipet i november 1905 og det fekk heimehamn på AkureyriIsland. I mars 1909 kom skipet attende til Noreg då Den Norske Creditbank og Fred Olsen tok over skipet. Peter Lindøe med fleire kjøpte skipet til Haugesund i juni 1910. I 1911 forliste skipet og sokk, men vart reparert ved Stavanger Støberi & Dok og fekk då heilt ny innreiing.

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet for 152 516 kroner i mai 1915[1][2] I januar 1917 vart skipet oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» i Den engelske kanalen og ført til tysk hamn og prisedømt. Skipet hadde då vore på reise frå Øyerhavn i Hardanger til Rotterdam med 300 tonn pyritt og 69 kassar fiskehermetikk. Det hamna då under Det tyske riket og Reichskommisar fur Seeschiffahrts med Hamburg som heimehamn. I 1921 fekk skipet namnet «Elbe». Skipet vart selt til R. Neugebauer & Co i Hamburg i 1926 for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 539 brt, 245 nrt og lasteevna var 700 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 834 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 94 iHk (indikerte hestekrefter) og 500 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1] I 1903 fekk skipet ny donkeykjel og i 1909 ny hovudkjel ved Nylands verksted.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 25. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 25. april 2020.