MS «Vega» (1938)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Vega» i 1938
Karriere  Noreg
Namn: MS «Vega»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Cantieri Riuniti dell'Adriatico i Trieste
Byggekostnad: 8 005 132 kroner[1]
Verftsnummer: 1205
Sjøsett: 5. januar 1938
Jomfrutur: 5. mai 1938
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJVJ
Lagnad: Bomba i 1945
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 7 287 brt, 4 184 nrt
Daudvekt: 1 950 tdw.
Lengd: 424,6 fot (129,4 m)
Breidd: 58,3 fot (17,8 m)
Djupgang: 28,5 fot (8,7 m)
Installert effekt : BHK 12 400 NHK 2 138
Framdrift: 2 stykk 10-sylindra 2-takts Sulzer dieselmotor (CRA)
Fart: 21 knop
Passasjerar: 465 passasjerar
Karriere  Nazi-Tyskland
Namn: MS «Wega»
Eigar: Kriegsmarine
Kapra: 18. mars 1941

MS «Vega» (kallesignal LJVJ) var eit motorskip bygt i 1938 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Med ein stor leik på godt over 7 000 bruttoregistertonn, var dette skipet det klårt største skipet BDS hadde hatt til då. Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Vega er ei stjerne i stjernebiletet Lyra. BDS hadde hatt eit tidlegare skip kalla «Vega», DS «Vega», eit kvitmåla dampskip frå 1895, som vart nytta i turistfart, før det vart skoten i senk i 1916.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Cantieri Riuniti dell'Adriatico i Trieste og kosta åtte millionar kroner[1] då det vart levert i mai 1938.[2] Skipet vart sjøsett 5. januar 1938 og vart døypt same dagen av kona til direktøren i BDS, Einar Joys.[3] Med på seremonien var òg første-erkebiskop Margotti av Gorizia. Han kom vandrande gjennom verftsgata i Trieste med ein tiara i kvitt og gull, følgd av raudkledde prestar og korgutar, og tok oppstilling under ein kvit baldakin, som var plassert mellom publikum og skipet. Det vart så lese opp ei messe, før biskopen kasta vigslevatn på skipet. Så gjekk han opp på podiet med bispestav og helste på publikum. I månaden etterpå var det mogeleg å sjå stabelavløpinga til «Vega» på kino i Bergen.[4]

29. april 1938 vart det utført ein prøvetur og over seks timar vart gjennomsnittsfarten målt til 20,75 knop, medan maksfarten vart målt til 21,75 knop.[5] Då skipet skulle hentast i Italia av representantar frå BDS, fekk Statsbanene løyve til å køyre togsettet direkte frå Oslo til Italia. Dette var første gongen denne togturen vart gjort direkte. Med på togturen var det ektefeller av statsrådar og ekspedisjons- og byråsjefar, og andre.[6]

4. mai 1938 vart skipet vist fram i Trieste med ei mottaking ombord. Dagen etter vart det norske flagget heist på skipet av kaptein Vilhelm Dreyer, medan italienarane helsa flagget med fascisthelsing. Kaptein Dreyer hadde tidlegare vore kaptein på MS «Venus», mellom anna under den kjende berginga av MS «Trym» under ein orkan i Nordsjøen i 1937. Skipet gjekk så til Palermo for å setje i land 25 italienske gjester, før det gjekk til Algerie for å fylle olje og så direkte til Oslo. 150 inviterte personar var med på denne turen, som direktøren i BDS, Einar Joys, og ei rekkje kjøpmenn, som Herman Friele, reiardirektørar og andre høgståande folk knytte til BDS.[7]

«Vega» i Oslo i 1938.

13. mai var skipet komen fram til Oslo og la til kai kl. 2130 på kvelden med tusenvis av folk som var møtt opp for å sjå.[8] Skipet vart vist fram der med ei mottaking ombord den 15. mai. Same dag gjekk skipet mot Bergen via Stavanger med ei rekkje prominente gjester som skulle til Bergen for å avduke monumentet av Christian Michelsen den 17. mai. Dette var mellom andre kong Haakon VII og Stortinget og regjeringa og byggmeisteren frå verftet i Italia.[9] Anløp i Stavanger var den 16. mai med ei mottaking ombord. Om morgonen 17. mai kom «Vega» til Bergen og vart møtt av eit hav av småbåtar på fjorden.[10]

19. mai var det ei mottaking ombord her, og dagen etter var det adgang for publikum. 23. og 24. mai vart skipet nytta til eit generalmøte for Norges Rederiforbund på Vestlandsfjordane.[11]

25. mai 1938 gjekk jomfruturen i Englandsruta. Ruta var Bergen-Haugesund-Stavanger-Newcastle og hadde avgang to gonger i veka.[12] Ei mottaking på skipet vart halde 27. mai i Newcastle. Òg ved anløpet den 8. juni var det møtt opp mange folk på kaien i Bergen, denne gongen fordi Evangeline Booth, som var øvste sjef i Frelsesarmeen, kom med båten.[13]

I oktober 1938 behandla Hamnedirektoratet ein klage frå Fitjar kommune om at MS «Venus» og «Vega» gjekk med for stor fart gjennom Langenuen, slik at småbåtar langs leia vart skadde.[14]

7. september 1939 kom «Vega» attende frå det som kom til å bli den siste turen til Newcastle og gjekk i opplag. Årsaka var andre verdskrigen som no var starta på kontinentet, og BDS valde å ta dei mest dyrbare skipa sine ut av rutene. Både «Vega» og «Venus» gjekk i opplag ved Stanghelle i Osterfjorden nær Bergen, i lag med MY «Stella Polaris». Desse låg framleis her då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940. 11. september 1940 vart «Vega» rekvirert av tyskarane, men gjeven attende til BDS den 16. oktober og gjekk i opplag igjen. 18. mars 1941 vart det igjen rekvirert av den tyske marinen. Det vart ombygd i Bergen og nytta som målskip (Zielschiff) av 1. U-Lehrdidvision i Pillau frå 1. juni 1941. Samstundes fekk det namnet «Wega».[15] Frå mars 1942 vart det nytta som overnattingsskip for den 25. U-flotille i Travemünde i Tyskland, og frå 1943 av den 25. U-flotille i Gdansk, før det var attende i Travemünde i 1945. 4. mai 1945 vart det bomba av russiske fly nær Staberhuk på Fehmarn, medan det var på reise frå Austpreussen til Lübeck med flyktningar. Det tok fyr og vart stranda, der det brende heilt ut. Ein person, Egon Paul Lange, døydde i åtaket.[15]

I juli 1946 vart vraket overteke av Den Norske Krigsforsikring og i oktober 1948 overtok Sigurd Skaugen i Oslo vraket og delt i tre. I juni 1949 vart midtskipet heva og ført til Howaldtswerke. Maskinane vart tekne ut og sett inn i MS «Kollgrim» og MS «Haukefjell», medan resten av skipet vart opphogd.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 7 287 brt, 4 184 nrt og lasteevna var 1 950 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 312 , og av dette var 1 614 m³ kjølerom og 460 m³ var rom for bilar. Hovudmaskinane var to stykk 10-sylindra 2-takts Sulzer dieselmotorar, levert av Cantierei Riuniti dell'Adriatico. Oppgjeven yting var 12 400 bHk (bremsande hestekrefter) og 2 138 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 21 knop.[1]

I 1939 fekk skipet gyrokompass.

Skipet hadde rom til 217 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 248 på 2. plass.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Vega». Sjøhistorie.no. Henta 4. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 25. Henta 2. august 2020. 
  3. ««Vega» sjøsettes onsdag 5te ds.». Bergen: Bergens Tidende. 3. januar 1938. s. 12. Henta 4. august 2020. 
  4. «Kinoprogrammer». Bergen: Bergens Tidende. 28. januar 1938. s. 8. Henta 4. august 2020. 
  5. ««Vega» gjorde 21 3/4 knop på prøveturen». Bergen: Bergens Tidende. 30. april 1938. s. 1. Henta 4. august 2020. 
  6. «Direkte jernbanevogn for første gang Oslo - Italia». Bergen: Bergens Tidende. 3. mai 1938. s. 3. Henta 4. august 2020. 
  7. «Det norske flagg heist på «Vega» av kaptein Dreyer». Bergen: Bergens Tidende. 5. mai 1938. s. 5. Henta 4. august 2020. 
  8. «Oslo hilste «Vega» velkommen med en flom av lys». Bergen: Bergens Tidende. 14. mai 1938. s. 3. Henta 4. august 2020. 
  9. «Kongen kommer med «Vega»». Bergen: Bergens Tidende. 4. mai 1938. s. 13. Henta 4. august 2020. 
  10. «Bergen i fest». Bergen: Bergens Tidende. 18. mai 1938. s. 10. Henta 4. august 2020. 
  11. «Skipet går direkte fra Italia til Norge 5. mai». Bergen: Bergens Tidende. 29. mars 1938. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  12. «Tilsynskommisjonen protesterer mot regjeringens nedskjering». Bergen: Bergens Tidende. 8. februar 1938. s. 4. Henta 4. august 2020. 
  13. «General Booth på gjennemreise i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 9. juni 1938. s. 1. Henta 4. august 2020. 
  14. «Er klagene over skipsgangen gjennem Langenuen uberettiget?». Bergen: Bergens Tidende. 25. oktober 1938. s. 3. Henta 2. august 2020. 
  15. 15,0 15,1 «M/S Vega». USA: Warsailors.com. Henta 5. august 2020. [daud lenkje]