MS «Astrea» (1941)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugesund - no-nb digifoto 20150121 00132 NB MIT FNR 19556 (cropped).png
«Astrea» i Haugesund i 1950-åra.
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MS «Astrea»
Eigar: Finska Ångfartygs
Verft: Crichton-Vulcan i Åbo
Verftsnummer: 755
Sjøsett: 16. september 1939
Jomfrutur: Mai 1941
Heimehamn: Helsingfors
Kjennemerke: LLIC
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 3 269 brt, 1 690 nrt
Daudvekt: 2 350 tdw.
Lengd: 298,5 fot (91,0 m)
Breidd: 44,1 fot (13,4 m)
Djupgang: 24,0 fot (7,3 m)
Installert effekt : 3 250 bHk
Framdrift: 7 cyl. 2-takts dieselmotor (Fried, Krupp Germaniawerft A/G, Kiel)
Fart: 13,5 knop
Passasjerar: 170[1] passasjerar
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MS «Astrea»
Eigar: Rederi AB Svea
Kjøpt: Februar 1944 for 3 350 000 kroner
Heimehamn: Stockholm
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Astrea»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: September 1945 for ca. 5,5 mill. kroner[2]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: MS «Astrea»
Eigar: Skipafelag Foroyar, Færøyane
Kjøpt: 4. november 1967
Heimehamn: Panama by
Lagnad: Opphogd september 1969

MS «Astrea» (kallesignal LLIC) var eit motorskip levert i mai 1941 som passasjer- og lasteskip for Finska Ångfartygs Ab i Helsingfors i Finland for ruta Åbo-Hull. På grunn av krigen gjekk det rett i opplag i Åbo, der det under krigen vart bomba. I 1941 vart det selt til svenske eigarar, før det i september 1945 hamna hos Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) der det dei første åra gjekk som englandsbåt mellom Bergen og Newcastle.

I 1967 vart skipet selt til Færøyane og vart omdøypt «Tjaldur» under Panama-flagg. Skipet vart hogd opp i 1969 etter eit motorhavari.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Crichton-Vulcan i Åbo. Det vart sjøsett 16. september 1939 og planlagt levert til Finska Ångfartygs AB 1. mars 1940.[3] Planen var at det skulle setjast inn i ruta mellom Åbo i Finland og Hull i Storbritannia. På grunn av krigen gjekk det derimot rett i opplag då det vart levert i mai 1941, og vart sidan bomba og skadd under eit russisk flyåtak.[3]

Rederi AB Svea i Stockholm kjøpte fartøyet for 3,35 millionar kroner i februar 1944 og det vart taua til Stockholm, der det nådde fram 12. februar.[4] Bergens Tidende skreiv i juni 1945 at Det Bergenske Dampskibsselskab hadde kjøpt skipet i same månad frå det svenske reiarlaget. Forhandlingane om kjøpet vart gjort i lag med den norske regjeringa i London på BDS si side, utan at svenskane var klar over dette.[5] Det skulle leverast til BDS i mars 1944.[6] På grunn av ein svensk verkstadstreik skjedde ikkje dette, og fartøyet vart først levert i september 1945.[6] Prisen for skipet var estimert til kring 5,5 millionar kroner.[6]

Det kom til Bergen første gongen søndag ettermiddag den 7. oktober 1945 via Gøteborg. Namnet på skipet vart ikkje endra då BDS overtok det. BDS hadde nemleg hatt eit skip før som hadde dette namnet, hurtigruteskipet DS «Astræa» frå 1900. 11. oktober 1945 gjekk «Astrea» inn i ruta mellom Bergen og Newcastle.

16. juli 1947 kolliderte «Astrea» i morgontåka på Tyne utanfor Newcastle, med det britiske dampskipet «Cormoat». Det fekk ein mindre bulk i baugen, men ikkje noko som hindra det i å segle vidare.[7] Ulukka skjedde i sakte fart og «Astrea» rende inn i «Cormoat» som låg oppankra på ein ugunstig stad.[8] Skipet vart rekna som sjødyktig og vart ikkje reparert før i desember dette året, i Antwerpen. DS «Lyra» tok mellombels over ruta til «Astrea» var attende i februar 1948.

31. juli 1948 kolliderte «Astrea» igjen. Dampskipet «Baltic» kom ned Hjeltefjorden med ei kalklast frå Larsnes til Brevik. I Vatlestraumen gjekk «Baltic» føre «Astrea», som kom bakfrå i større fart. Ved passeringa skjedde det ein samanstøyt. «Astrea» fekk nesten ingen skade og heldt fram til Newcastle. «Baltic» fekk derimot ein del skade og returnerte til Bergen for reparasjon.[9]

I mai 1953 tok nybygde TS «Leda» over ruta til «Astrea» til Newcastle, og «Astrea» gjekk i staden inn i ruta frå Bergen til Rotterdam via Haugesund og Stavanger. Den første turen til «Astrea» i denne ruta gjekk 27. mai. I november 1954 var «Astrea» avløysar for «Leda» til Newcastle. Det same gjorde det i oktober og november 1959.

30. desember 1959 fekk «Astrea» eit maskinhavari då det var komen utafor Lerøy, to timar etter avgang frå Bergen. Ein hadde då oppdaga ein ulyd i maskinen og det viste seg at ein sylinder var sprekt. Slepebåtane MS «Vulcanus» og MS «Titan» kom frå Bergen for å slepe «Astrea» attende til hamna. Det hadde 51 passasjerar ombord som skulle til Haugesund, Stavanger og Rotterdam. Dei som skulle langs kysten fekk plass ombord på MS «Sandnes» og kom fram same dagen. Lasta var på 380 tonn med stykkgods, fisk og levande hummar. Skaden var nokså omfattande og først 5. januar 1960 var det klar til å starte turen på ny. Maskinsjefen forklarte at uhellet skuldast varmgang i ein sylinderhals i sylinder nr. 7 og sprekker i stempelskjørtet.[10]

12. april 1961 kolliderte «Astrea» med den polske trålaren «Wielki Woz» i hamneområdet i Haugesund. Det var tett tåke og trålaren skal brått ha dukka opp føre «Astrea», som slo full fart akterover i maskinen. Like etter støytte ankeret til «Astrea» borti bruvengja på babord side av trålaren. Brua og forriggen på trålaren vart skadd, medan «Astrea» fekk knust eit ankerklyss og det oppstod lekkasje 14 fot over vasslinja. Under kollisjonen stod kapteinen, los og rormann på brua. På bakken var overstyrmannen på utkikk. «Astrea» gav reglementerte tåkesignal med begge skipsfløytene, men ein høyrde ingenting frå trålaren før kollisjonen. Skaden vart reparert medan «Astrea» låg i Stavanger.[11]

1. februar 1964 forliste det nederlandske skipet «Titan» ved revkanten 60 nautiske mil vest av Farsund. «Astrea» var i området og leita etter overlevande i fjorten timar i kraftig uvêr. Alle dei ni ombord omkom.[12]

6. juli 1966 måtte «Astrea» gjere vendereis då det var komen til Bjørnefjorden sør for Bergen etter vanskar med maskinen. Det hadde forlate Bergen kl. 11 på formiddagen og var attende kl. 17. Ved midnatt var skaden reparert og skipet var igjen på veg mot Rotterdam.[13]

Natt til onsdag 27. september 1966 kolliderte «Astrea» med MS «Avanti» i Stavanger hamn. «Astrea» var på veg frå Bergen til Rotterdam og var på veg ut Tjuvholmsundet under manøvrering ut frå hamna, då det vart pårent av «Avanti». Før kollisjonen hadde dei to skipa lagt på parallell kurs, men brått hadde «Avanti» svinga over frå «Astrea» si babord side til styrbord side. Då slo ein stopp i maskinen på «Astrea» og heldt babord ror. «Avanti» glei derimot attende til babord side av «Astrea» og rente inn i baugen med bruvengja og underbygningen. Begge skipa fekk ein del skade. «Astrea» vart reparert dagen etter ved Rosenberg mekaniske verksted i Stavanger. Kvifor «Avanti» hadde manøvrert som det gjorde var uklårt.[14]

Hausten 1966 vart det bestemt at passasjerruta til Rotterdam berre skulle oppretthaldast om sommaren og at denne skulle tenast av MS «Venus». Hovudårsaka var at flytrafikken på denne tida tok seg opp og konkurrerte ut passasjertrafikken. Berre godsruta skulle gå om vinteren, og kva som kom til å skje med «Astrea» var først uklårt.[15] Den siste turen til «Astrea» i rotterdamlinja vart gjort tidleg i januar 1967. 16. januar 1967 gjekk skipet i opplag i Bergen.[16]


Tidleg i november 1967 vart skipet selt til Skipafelagi FærøyarFærøyane og omdøypt til «Tjaldur». 6. desember 1967 gjekk det ut frå Bergen for siste gongen på veg til København.[17] Det gjekk då under flagget til Panama. 15. februar 1968 vart det sett inn i ruta mellom København og Torshavn.[4]

18. juli 1969 fekk fartøyet maskinhavari i Skagerrak og måtte tauast inn til Aalborg i Danmark, der skadane på maskineriet vart vurderte til så store at fartøyet vart rekna som kondemnert. Det vart derfor selt til nederlandske skipsopphoggarar og kom fram til KripmenIJssel den 22. september 1969 for opphogging.[4]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 269 brt, 1 690 nrt og lasteevna var 2 350 dødvekttonn. Maskineriet var ein 7 cylindra 2-takts dieselmotor, levert av Fried ved Krupp Germaniawerft i Kiel. Oppgjeven yting var 3250 bHk (bremsande hestekrefter som gav ein toppfart på 13,5 knop.[3]

Skipet hadde sertifikat for 170 passasjerar, med lugarplass til 70 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og kring det same på 2. plass.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Astrea» - Bergenskes nye Nordsjø-dronning kom i går». Bergen: Bergens Tidende. 8. oktober 1945. s. 3. Henta 26. desember 2020. 
  2. «Bergenske har bestilt 10 nye Nordsjøbåter». Bergen: Bergens Tidende. 13. juni 1945. s. 1. Henta 26. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32. Henta 26. desember 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «M/S ASTREA.». Fakta om fartyg. Henta 26. desember 2020. 
  5. «Bergenske overta «Astrea» i Stockholm». Bergen: Bergens Tidende. 17. september 1945. s. 1. Henta 26. desember 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Bergenske har bestilt 10 nye Nordsjøbåter». Bergen: Bergens Tidende. 13. juni 1945. s. 1. Henta 26. desember 2020. 
  7. ««Astrea» i kollisjon på Tynen». Bergen: Bergens Tidende. 17. juli 1947. s. 4. Henta 26. desember 2020. 
  8. ««Astrea»s kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 18. juli 1947. s. 1. Henta 26. desember 2020. 
  9. ««Astrea» og «Baltic» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 2. august 1948. s. 1. Henta 26. desember 2020. 
  10. «Varmgang grunnen til at «Astrea» måtte snu». Bergen: Bergens Tidende. 12. januar 1960. s. 3. Henta 27. desember 2020. 
  11. «Polsk tråler dukket opp i tåken foran «Astrea»». Bergen: Bergens Tidende. 18. april 1961. s. 2. Henta 27. desember 2020. 
  12. ««Astrea» lette i 15 timer etter overlevende». Bergen: Bergens Tidende. 3. februar 1964. s. 1. Henta 27. desember 2020. 
  13. ««Astrea» måtte gjøre vendereis». Bergen: Bergens Tidende. 6. juli 1967. s. 6. Henta 27. desember 2020. 
  14. ««Astrea» i kollisjon ved avgang Stavanger». Bergen: Bergens Tidende. 5. oktober 1966. s. 7. Henta 27. desember 2020. 
  15. «Flyene konkurrerte ut M/S «Astrea»». Bergen: Bergens Tidende. 20. oktober 1966. s. 2. Henta 27. desember 2020. 
  16. ««Astrea» lagt opp i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 16. januar 1967. s. 1. Henta 27. desember 2020. 
  17. «M/S «Astrea» solgt til Færøyene». Bergen: Bergens Tidende. 7. november 1967. s. 8. Henta 27. desember 2020.