DS «Soroka»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Soroka»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike
Verftsnummer: 40
Jomfrutur: november 1926
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LGBJ
Lagnad: Ukjend
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 718 brt, 1 002 nrt
Daudvekt: 2 425 tdw,
Lengd: 251,8 fot (76,7 m)
Breidd: 39,2 fot (11,9 m)
Djupgang: 16,1 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 893
Framdrift: Triple 3 cyl, dampmaskin (Worms & Cie)
Fart: 10,5 knop
Karriere Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen
Namn: DS «Soroka»
Eigar: Sovtorgflot
Overtatt: April 1928
Heimehamn: Arkhangelsk

DS «Soroka» (kallesignal LGBJ) var eit dampskip bygt i 1926 som lasteskip for Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, der Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar. Det var BDS som disponerte skipet.

Skipet var kalla opp etter byen Soroka ved Kvitsjøen i Russland.

I lag med dei andre skipa til Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, gjekk skipet i fart til Kvitsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike[1] og vart levert i november 1926.[2]

Den første prøveturen vart utført 27. november 1926 frå det franske verftet, og farten vart då målt til 11 knop. Skipet gjekk så til Middelhavet via Rotterdam for å laste i Bilbao i Spania.[3] Frå Bilbao gjekk turen til Manchester i England, og frå her gjekk det vidare til Murmansk i Russland tidleg i januar 1927. Skipet segla så i trelastfarta til Kvitsjøen og Murmansk, og som dei andre skipa i flåten til det norsk-russiske selskapet, så tok det turar til Middelhavet om vinteren, då istilhøva i Kvitsjøen var for vanskelege.

I august 1927 slutta «Soroka» seg til ein russisk ekspedisjon til Sibir, i lag med DS «Severoles», DS «Dvina» og DS «Keret», fullasta med maskinar, landbruksmateriell og liknande. Skipa gjekk først til Tromsø for å ta ombord ein del handels- og vitskapsmenn,[4] før dei gjekk vidare til Novaja Zemlja, der dei låg og venta i seks dagar på meldingar om istilhøva i Karahavet. Isbrytaren «Malygin» eskorterte så ekspedisjonen gjennom isen, som dei møtte halvvegs inn i havområdet. Skipa delte seg så, og «Soroka» segla med tre andre skip til Ob, medan to andre segla til Jenisej. Lasta vart lossa over på 3000 tonn store elvelekterar etter eit par døgns reise opp elva. I retur fekk skipa oljekaker og flax, eit biprodukt av hamp nytta til tauverk. Ekspedisjonen vart rekna som særs vellykka med både gode vêr- og istilhøve.[5]

I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i flåten vart fordelt mellom BDS og den sovjetiske staten ved hjelp av loddtrekning. «Soroka» hamna slik under russisk flagg[6] og den sovjetiske handelsflåten Sovtorgflot.

Den vidare lagnaden til skipet er lite kjend og i 1960 var skipet utgått frå registeret til Lloyds.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 718 brt, 1 002 nrt og lasteevna var 2 425 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 218 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Worms & Cie i Le Trait. Oppgjeven yting var 893 nHk (nominelle hestekrefter) som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Soroka». Sjøhistorie.no. Henta 27. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 50. Henta 27. juni 2020. 
  3. «De norsk-russiske nybygginger i Frankrike». Bergen: Bergens Tidende. 30. november 1926. s. 7. Henta 27. juni 2020. 
  4. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. august 1927. s. 5. Henta 27. juni 2020. 
  5. «To av Jenisei- og Obekspeditionens skib i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 19. september 1927. s. 1. Henta 27. juni 2020. 
  6. «Det norsk-russiske dampskibsselskabs opløsning». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1928. s. 7. Henta 27. juni 2020.