DS «Diana» (1904)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Diana»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen mekaniske verksted, Bergen
Byggekostnad: 322 229 kr.[1]
Verftsnummer: 125
Jomfrutur: Mars 1904
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MBQF - LDSS
Lagnad: Minesprengt, 26. september 1940
Generelle mål
Tonnasje: 1 155 brt, 699 nrt
Daudvekt: 1 500 tdw.
Lengd: 68,6 m
Breidd: 9,8 m
Djupgang: 4,1 m
Installert effekt : 750 iHk, 139 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Bergen mek. Verksted, Bergen)
Fart: 10,5 knop

DS «Diana» (kallesignal LDSS) var eit dampskip bygt i 1904 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved Bergen mekaniske verksted (BDS) i Bergen. Skipet vart levert i mars 1904.

Historie[endre | endre wikiteksten]

BDS betalte 322 229 kr for skipet[1]. Skipet gjekk trampfart til forskjellige stader i verda. I februar 1905 grunnstøytte skipet nær Haugesund, men kom seg av ved eiga hjelp og sigla vidare til Bergen der vart reparert for skadar i baugen og kjølen.[2] Den 13. februar 1914 grunnstøytte skipet igjen, denne gangen ved i storm ved fyrholmen Skomakeren ved Hindøya i Florø. Skipet sprang lekk med skadar på begge sider av baugen. Skroget vart tetta i Florø og skipet drog så til Bergen for eigen maskin, der det vart reparert.[3] I august 1916 rende «Diana» på ein kai i Sandnesjøen. Kaien fall saman og sild og trelast til ein verdi på fleire tusen kroner forsvann på sjøen.[4] Den 18. juli 1917 gjekk «Diana» nok ein gang på grunn. Denne gangen ved Ramsøy utafor Kristiansand på veg til Gøteborg med jernbaneskjener. Skipet sprang igjen lekk, men heldt seg flytande med å lesse av skjenene. Det kom seg til Kristiansand for eigen maskin.[5] Reperasjonskostnadane vart sett til 120 000 kroner og malmlasta vart taksert til 55 000 kroner.[6]

I 1920-åra gjekk «Diana» i fart til hamnebyar i Frankrike, med Le Havre og Bordeaux som dei viktigaste. Natt til 15. januar 1929 fall kapteinen på «Diana», Hans Peter Ulrichsen, overbord på veg mellom Stavanger og Bergen og forsvann.[7] I 1929 vart skipet installert med straumlinjeror.

19. februar 1931 kolliderte «Diana» i tåke med det portugisiske skipet «Alferarede» på Elben i nærleiken av Cuxhaven i Tyskland. «Diana» fekk alvorleg havari og måtte setjast på grunn av to slepebåtar. Det portugisiske skipet fekk òg ein del skade, men kunne gå vidare for eigen maskin. «Diana» vart tetta for lekkasjar og slept opp til Hamburg for nærare ettersyn og reparasjon.[8] Skipet hadde fått eit 1,5 meter stort hol ved akterluka. I 1938 fekk skipet peileapparat og i 1939 radio.[1]

Då andre verdskrigen braut i april 1940 vart skipet rekvirert av Nortraship. Den 26. september 1940 forlet skipet Milford Haven for Plymouth og forsvann med heile besetninga på 17 personar, truleg same dag. 14 av dei 17 personane ombord var nordmenn. Ein er ikkje heilt viss på kva som skjedde med skipet, men ein reknar med at ho gjekk på ei mine, sidan det ikkje var rapportert om tyske ubåtar i nærleiken. Livbelte og ein livbåt merka med namnet på skipet vart sidan funne i land på klippene mellom Llansallos Bay og Pencarrow Head.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 155 bruttoregistertonn og 699 nettoregistertonn og lasteevna var 1 500 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 133 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen mek. Verksted i Bergen. Oppgjeven yting var 750 iHk (indikerte hestekrefter) og 139 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Diana». Sjøhistorie.no. Henta 21. september 2019. 
  2. «"Diana" grundstødte». Bergens Tidende. 2. februar 1905. s. 2.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  3. «Fra sjøretten - Bergenskes "Diana"». Bergens Tidende. 17. mars 1914. s. 5.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  4. «Bergenskes "Diana" har rendt en kai sønder og sammen». Bergens Tidende. 20. august 1916. s. 2.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  5. «Bergenskes "Diana" grundstøtt». Bergens Tidende. 19. juli 1917. s. 4.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  6. «Skaden paa "Diana"». Bergens Tidende. 6. august 1917. s. 5.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  7. «Kaptein på "Diana" forsvundet». Bergens Tidende. 16. januar 1929. s. 4.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  8. «Bergenskes "Diana" i kollisjon ved Cuxhafen». Bergens Tidende. 20. februar 1931. s. 4.  |access-date= requires |url= (hjelp)