DS «Algol»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Algol.jpg
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Tetuan»
Eigar: Mersey Steam Ship Co.
Verft: J. Scott & Co. i Kinghorn i Skottland
Verftsnummer: 98
Jomfrutur: 1896
Heimehamn: Liverpool
Kjennemerke: MLHG
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 988 brt, 498 nrt
Daudvekt: 1748 tdw.
Lengd: 230.6 fot (70.3 m)
Breidd: 33.1 fot (10.1 m)
Djupgang: 14 fot (4.3 m)
Installert effekt : 175 nHk, 700 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 10 knop
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Tetuan»
Eigar: General Steam Nav. Co.
Kjøpt: 1897
Heimehamn: London
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: DS «Dania»
Eigar: Fornyade Ångfartygs
Kjøpt: Juli 1900
Heimehamn: London
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Algol»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Mai 1915 for 331 976 kroner
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Søkkt av tysk ubåt mars 1917

DS «Teutan» (kallesignal MLHG) var eit dampskip bygt i 1896 som lasteskip for Mersey Steam Ship Co. i Liverpool. I 1900 vart skipet svensk og fekk namnet «Dania», før det i 1915 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og fekk namnet «Algol». I 1917 vart det skoten i senk av ein tysk ubåt i Nordsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved J. Scott & Co. i Kinghorn i Skottland og vart levert i 1896 til Mersey Steam Ship Co. i Liverpool. Alt året etter vart det selt til General Steam Nav. Co. i London. I juli 1900 kjøpte Fornyade Ångfartygs skipet og det vart omdøypt DS «Dania».[1][2]

I mai 1915 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet for 331 976 kroner. Den 10. mars 1917 var skipet på reise over Nordsjøen frå Newcastle til Bergen med kol då det vart søkkt av den tyske ubåten «U 81», ført av oberstløytnant Raimund Weisbach. Heile besetninga på 18 personar omkom. Korleis dette gjekk føre seg er ukjend.[1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 988 brt, 498 nrt og lasteevna var 1748 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 506 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Dette gav ei yting på 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 700 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 35. Henta 24. april 2020.