DS «Leo» (1924)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Leo»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike
Byggekostnad: 786 500 kr[1]
Verftsnummer: 30
Jomfrutur: desember 1924
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDSF - LDLW
Lagnad: Krigsforlis 1941
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 367 brt, 791 nrt
Daudvekt: 1 385 tdw.
Lengd: 231,4 fot (70,5 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 21,0 fot (6,4 m)
Installert effekt : NHK 189 IHK 900
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Worms & Cie)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 4 passasjerar

DS «Leo» (kallesignal LDSF - LDLW) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på natthimmelen, og dette skipet vart kalla opp etter stjerneteiknet Løva, eller Leo på latinsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike og kosta nesten 800 000 kroner[1] då det vart levert i desember 1924.[2] Skipet skulle opphavleg starte i rute mellom Bergen og Antwerpen i Belgia,[3] men gjekk i staden inn i Hamburgruta mellom Trondheim og Hamburg.[4] Seinare vart ruta utvida nordover til Vadsø.

I april 1925 vart det meldt at sju mann ombord på «Leo» fekk bøter for smugling av brennevin.[5]

7. september 1925 kom skipet frå Vaksdal med 400 tonn mais og skulle leggje til ved Skoltegrunnskaien i Bergen då akterfortøyinga kom om propellen på skipet. Ved hjelp av ein dykkar fekk ein laus trossa.[6]

29. september 1931 var det tett tåkeByfjorden og «Leo» brukte over ein time frå Kvarven og inn til hamna. Her vart skipet teke av straumen og rørte grunnen ved Nordnespynten, men det fekk ikkje noko skade.[7]

8. mars 1932 vaska dekksguten Adolf S. Falck masta, då han mista taket og fall ned på dekket ved Bratøren i Trondheim. Han vart raskt køyrd til sjukehuset, men var hardt skadd.[8] Nokre dagar seinare, den 11. mars, hadde MS «Canis» under manøvreringa si i hamna i Bergen kome borti «Leo» på grunn av strid straum. «Leo» fekk noko skade på dekket akter, medan «Canis» vart skadd i baugen.[9]

Heilt fram til august 1939 segla «Leo» i Hamburgruta, men då andre verdskrigen braut 1. september 1939 gjekk det i staden i ruta Oslo - Kirkenes. I desember 1939 vart «Leo» teken ut av kystruta for å overhale maskinen.[10] 15. mars 1940 var skipet komen til Storbritannia, og deltok i konvoien ON 20 frå Methil til norske farvatn.[11] Månaden etter var det i konvoi HN 25, som forlet Noreg 7. april 1940, like før Noreg vart invadert 9. april. Skipet vart derfor disponert av Nortraship. I følgje arkivdokument skal det ha segla ut frå Stavanger den 4. april og nådd fram til Antwerpen den 11. april. Frå her segla det til Barry i England den 28. april, og segla så til Glasgow den 31. mai. Her verka det som om «Leo» vart liggande fram til februar 1941.[11]

Forliset[endre | endre wikiteksten]

6. februar 1941 segla «Leo» i konvoien WN 81 til Methil. «Leo» segla frå Alexandra Dock i Hull den 11. mars 1941 med ei last på kring 300 tonn is og 7 000 tomme fiskekassar for ReykjavikIsland. Skipet hadde òg kring 140 tonn med bunkerkol i reserve. Skipet var blitt utrusta med ein Lewisgun, eit maskingevær, som var plassert på taket av framre dekk. Skipet hadde òg fått ein drake, men denne var ikkje klar til bruk enno. Etter at kompasset var blitt justert, ankra dei opp i Hull Roads, og fortsette til Grimsby Roads den 12. mars for å vente på konvoien.[11]

13. mars heldt konvoien fram til Methil, der dei kom ettermiddagen etter. På grunn av tjukk tåke kunne ikkje konvoien dra vidare før 17. mars, men denne ettermiddagen la konvoien i veg. Dette var konvoi EN 86A. Då skipet passerte 12 nautiske mil utafor Butt of Lewis den 19. mars, forlet «Leo» konvoien, slik planane hadde vore. Aleine vart skipet angripen av maskingeværeld og bomber frå eit tysk fly og sokk kring 75 nautiske mil nordvest av Butt of Lewis. To eller tre bomber råka framdekket og ei detonerte i sjøen nær midtskipet. Kort tid etter fekk det kraftig, babord slagside og framdekket kom under vatn. Dei 21 ombord forlet skipet i to livbåtar og heldt seg i nærleiken fram til skipet sokk, 15 minuttar etter åtaket.[11]

Dei overlevande rodde rundt og fann nokre flåtar, som dei tok mat og klede frå, før dei sette segl mot Hebridane. Dei hadde òg funne motorbåten, men denne var knust og kollsegla, og kunne ikkje brukast. Dei vart plukka opp etter kring 4,5 time av eksortefartøyet HMS «Echo» og ført til Scapa Flow, der dei den 23. mars vart sett på eit skip som tok dei til Thurso dagen etter. Frå her reiste dei til Glasgow, der dei kom fram 25. mars. Sjøforklaringane vart halde 28. mars med kapteinen, andrestyrmannen, ein matros (som stod ved roret) og ein tømrar (som stod på utkikk).[11]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 367 brt, 791 nrt og lasteevna var 1 385 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1988  og av dette var 480 m³ kjølerom. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Worms & Cie i Middlesborough. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 189 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet hadde òg rom til fire passasjerar.

I 1929 fekk skipet nytt kjølerom som kunne halde ein temperatur på 12 minusgrader, og i 1936 vart fleire lasterom isolert slik at kjølekapasiteten auka. Nytt straumlinjeror vart sett inn i 1930 og i 1939 fekk skipet ny radio.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Leo». Sjøhistorie.no. Henta 1. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 45–46. Henta 1. juni 2020. 
  3. «Det nye dampskib «Leo»». Bergen: Bergens Tidende. 23. desember 1924. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  4. «Bergenskes «Leo» for første gang i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 2. januar 1925. s. 4. Henta 1. juni 2020. 
  5. «Syv mand paa «Leo» mulktert for smugling». Bergen: Bergens Tidende. 18. april 1925. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  6. ««Leo» fik trossen om propellen». Bergen: Bergens Tidende. 7. september 1925. s. 7. Henta 1. juni 2020. 
  7. «Tett tåke med forstyrrelser i skibsfarten». Bergen: Bergens Tidende. 29. september 1931. s. 2. Henta 1. juni 2020. 
  8. «Ulykke ombord i «Leo»». Bergen: Bergens Tidende. 8. mars 1932. s. 10. Henta 1. juni 2020. 
  9. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 11. mars 1932. s. 2. Henta 1. juni 2020. 
  10. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 8. desember 1939. s. 10. Henta 1. juni 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «D/S Leo». Warsailors.com. Henta 1. juni 2020.