DS «Uranus» (1874)
Utsjånad
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | DS «Svea» |
| Eigar: | Ångbåts AB |
| Verft: | Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm |
| Jomfrutur: | 1874 |
| Heimehamn: | Stockholm |
| Kjennemerke: | JQRS |
| Generelle mål | |
| Type: | Lasteskip |
| Tonnasje: | 497 brt, 376 nrt |
| Lengd: | 46,6 m |
| Breidd: | 7,6 m |
| Djupgang: | 4,0 m |
| Installert effekt : | 45 NHk |
| Framdrift: | 2cyl. Compound (Bergsunds) |
| Karriere | |
| Namn: | DS «Uranus» |
| Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
| Kjøpt: | Mars 1878 for 100 000 kr |
| Heimehamn: | Bergen |
| Lagnad: | Forliste i 1889 |
DS «Uranus» (kallesignal JQRS) var eit dampskip bygt i 1874 som DS «Svea», eit lasteskip for Ångbåts AB i Stockholm. Skipet vart bygd ved Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm i Sverige. Skipet var ein delvis stormdekkar med bru og bakk. Skipet hadde òg segl som framdrift.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I mars 1878 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 100 000 kr. Dette vart gjort for å styrke rutefarten til Bergenske mellom Bergen og Lofoten. Bergenske kjøpte òg samstundes DS «Gøta», som fekk namnet DS «Saturnus».
Skipet forliste den 1. desember 1889 ved Grøtøleden i Vedøysund i Steigen på veg til frå Vesterålen til Bergen med stykkgods.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]For andre skip med same namn, sjå Uranus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 4–19. Henta 1. mai 2019.