DS «Hector»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Hector»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: William Dobson & Co., Walker-on-Tyne
Byggekostnad: 327 096 kr.[1]
Verftsnummer: 128
Jomfrutur: Juli 1903
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MBJQ
Lagnad: Torpedert i 1917
Generelle mål
Tonnasje: 1 146 brt, 695 nrt
Daudvekt: 1 445 tdw.
Lengd: 68,7 m
Breidd: 9,8 m
Djupgang: 4,2 m
Installert effekt : 700 iHk, 133 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (John Dickinson & Sons, Sunderland)
Fart: 10 knop

DS «Hector» (kallesignal MBQJ) var eit dampskip bygt i 1903 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved William Dobson & Co. i Newcastle i Storbritannia. Skipet vart levert i juli 1903.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet gjekk i fart på Nordsjøen og var på reise frå Bergen til Hull med saltsild då det vart torpedert og søkkt den 23. mai 1917 under første verdskrigen av den tyske ubåten «U88» kring 110 nautiske mil frå kysten av Skottland, aust for Edinburgh. Fartøyet vart stogga av ubåten då det vart skoten på, og mannskapet gjekk i livbåtane. Skipet vart så torpedert. Ubåten forlangte så å få skipsdokumenta før han forsvann. Den eine livbåten vart plukka opp av ein britisk jagar etter 55 timar, medan den andre nådde inn til Craster Castle etter 63 timar.[2]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 146 bruttoregistertonn og 695 nettoregistertonn og lasteevna var 1 445 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 133 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av John Dickison & Sons i Sunderland. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 133 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Hector». Sjøhistorie.no. Henta 5. september 2019. 
  2. Arne Ingar Tandberg (1988). «Norske skipsforlis i 1917 - del 4». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 63. Henta 5. september 2019.