DS «Severoles»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Terne»
Eigar: Bergen Lloyd
Verft: Ouse Shipbuilding Co. Ltd. i Goole i Storbritannia
Verftsnummer: 80
Jomfrutur: juni 1922
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDRD - LCPN
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 761 brt, 999 nrt
Daudvekt: 2 450 tdw.
Lengd: 262,5 fot (80,0 m)
Breidd: 40,0 fot (12,2 m)
Djupgang: 15,7 fot (4,8 m)
Installert effekt : NHK 220
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Earle's SB & Eng. Co. Ltd. i Hull)
Fart: 10 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Severoles»
Eigar: Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab (Det Bergenske Dampskibsselskab)
Kjøpt: juli 1923
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: DS «Bohus»
Eigar: Rederi-A/B Bifrost
Kjøpt: juli 1939
Heimehamn: Göteborg
Karriere Flag of Germany (1935–1945).svg Nazi-Tyskland
Namn: DS «Gerrit Fritzen»
Eigar: Johs. Fritzen & Sohn
Kjøpt: februar 1940
Heimehamn: Emden
Lagnad: Søkkt mars 1945

DS «Terne» (kallesignal LDRD - LCPN) var eit dampskip bygt i 1922 som lasteskip for D/S A/S Fjøsanger i Bergen.

I 1923 vart skipet kjøpt av Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, som var eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), og omdøypt «Severoles». I februar 1940 var skipet hamna hos tyske eigarar og vart, like før krigen var over i mars 1945, søkkt av russiske fly.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Ouse Shipbuilding Co. Ltd. i Goole i Storbritannia og vart levert i juni 1922 til D/S A/S Fjøsanger, eigd av Bjørnstad & Brækhus i Bergen. Dei overførte skipet alt månaden etter til Bergen Lloyd A/S Rederi, som i februar 1923 vart overteken av Sig. A. Brækhus.[1] Skipet gjekk i fart mellom Bordeaux i Frankrike og hamnebyar i England. Sommaren 1923 vart det sett inn i trelastfarta til Arkhangelsk i Russland og i juli dette året vart det kjøpt av Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab A/S, eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. Skipet vart då omdøypt «Severoles». Det heldt fram i Kvitsjøruta til Arkhangelsk, utanom på vintrane då istilhøva i nord vart for harde. Skipet gjekk då i trampfart om vinteren, mellom anna til Middelhavet. Våren 1925 vart det òg ein tur til Island.

23. september 1925 grunnstøytte «Severoles» på Lillehukholmen nord for Risvær. I tretida på natta møtte det eit nordgåande skip og det vart svinga for hardt, slik at skipet enda opp på grunn. DS «Capella» og DS «Clio» kom til staden og prøvde å dra skipet av grunna, utan resultat.[2] Skipet hadde fått ein del forpiggen. Bergingsdamparane DS «Ula» og DS «Parat» kom til og fekk skipet av grunna nokre dagar seinare. Det vart ført til Rørvik for tetting, men skaden var mindre enn ein først trudde. [3] I skadelidd tilstand vart skipet taksert til 625 000 kroner, og trelasta ombord var verdt 200 000 kroner.[4] Skipet skulle opphavleg til Dublin med lasta, men skulle innom Bergen som ein del av ruta. Her vart skaden undersøkt og ein kom fram til at det ikkje var trygt for skipet å halde fram til Dublin. Skipet gjekk i staden i dokk for å utbetre skaden.[5] Først 10. november kunne skipet fortsette mot Dublin. 31. desember var «Severoles» i Liverpool etter ein tur til Alger i Algerie. Der støytte det mot dokkfendarane og skadde baugen på styrbord side.[6]

I august 1926 deltok «Severoles» i ein russisk handelsekspedisjon til Karahavet. Skipet var ein del av ein flåte som bestod av «Singleton Abbey» frå London, «Hillcroft», «Ulumus», og eit anna skip frå Det Norsk-Russiske Dampskibsselskab, DS «Vaga». Leiaren for ekspedisjonen var kaptein Jevgenoff frå den hydrologiske avdelinga til den russiske marinen. Målet for ekspedisjonen var å nå fram til elvene Ob og Jenisej, og Severoles gjekk 400 nautiske mil oppover Ob for å laste over på elvebåtar. Med seg attende tok «Severoles» hamp og oljekaker. Heile ekspedisjonen skulle vare kring to månader, men vart tre veker forseinka på grunn av mykje is i Karahavet, og dei måtte ha hjelp av ein russisk isbrytar.[7] Då skipet kom attende til Noreg i oktober 1926, tok det turar til Leningrad og Austersjøen. 29. januar 1927 vart det meldt frå kapteinen at «Severoles» hadde mista anker og 25 famner med kjetting.[8]

Sommaren 1927 var «Severoles» med på ein ny handelsekspedisjon til Karahavet. Ekspedisjonen samla seg i Tromsø og segla derifrå til MatotsjkinsundetNovaja Zemlja der dei låg og venta i seks dagar på meldingar om istilhøva. 19. august kunne dei gå inn Karahavet og fekk hjelp av isbrytaren «Malygin» då dei møtte iskanten. Dei brukte ni timar fram til øya Belyj. Her skilde ekspedisjonen lag og «Severoles» og britiske «Neath Abby» segla til Jenisej og eit par døgns seglas oppover elva. Her lossa dei lasta si og tok i mot oljekaker og lin. Istilhøva var langt meir gunstige enn året før og ekspedisjonen vart rekna som ein stor suksess.[9] I november dette året var «Severoles» siste skip ut av Kvitsjøen før vinteren kom for alvor.[10]

I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og fire av skipa, inkludert «Severoles», vart overført til det BDS-eigde Det Bergenske Russiske Dampskibsselskab.[11] Skipet fortsette å gå i fart til Arkhangelsk. I august 1928 hadde «Severoles» eit mindre havari i IJmuiden i Nederland på reise frå Arkhangelsk til Amsterdam. Det fekk mellom anna slått inn nokre baugplater på styrbord side, men kunne halde fram reisa.[12] På seinhausten i 1928 kryssa «Severoles» Atlanterhavet på veg til Canada, og segla attende frå Sydney til Sète i Frankrike.[13]

I 1932 var skipet lenge utanlands utan å vere innom Noreg. Det segla mykje opp og ned austkysten av USA og Canada, og var òg sør i Karibia. Først i desember var det i Bergen att, for første gongen på halvtanna år.[14] I januar 1933 returnerte «Severoles» til Nord-Amerika og hadde dårleg vêr over Atlanteren. Frå Halifax i Canada var det meldt om at skipet hadde fått skadar på dekksutstyr. Fleire dører på dekket var slått inn, ein livbåt var knust og det elektriske lyset var ute av funksjon.[15] I februar 1933 vart skipet overført til moderselskapet Det Bergenske Dampskibsselskab. Nesten heile dette året segla skipet på austkysten av Nord-Amerika, før det i november kryssa over til Middelhavet og i desember til England og Liverpool. I mars 1934 var skipet heime i Bergen for ei overhaling.[16]

Hausten 1935 fekk kapteinen ombord på «Severoles», Kristoffer Grung Bergesen (f. 1888), malaria og vart lagt inn på sjukehus i Nice i Frankrike der han i november 1935 døydde. Han vart frakta til England med «Severoles».[17]

I juli 1939 selde BDS skipet til Rederi-A/B Bifrost i Gøteborg, der vart omdøypt «Bohus». Etter berre eit halvt år, vart skipet selt til tyske eigarar, Johs. Fritzen & Sohn i Emden i februar 1940, som gav det namnet «Gerrit Fritzen». Like før krigen var over, den 12. mars 1945, vart skipet søkkt av russiske fly utanfor Scholpin i Polen.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 761 brt, 999 nrt og lasteevna var 2 450 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 3 659 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av . Oppgjeven yting var NHK 220 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop knop.[18] I 1909 var det rom til 20 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 16 på 3. plass. I 1912 var det 10 eller 16 passasjerar på 1. plass og 16 på 3. plass.[18]

Skipet fekk sett inn straumlinjeror i 1930.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 43. Henta 17. mai 2020. 
  2. ««Severoles» grundstøtt nordfor Risvær». Bergen: Bergens Tidende. 21. september 1925. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  3. ««Severoles» flott». Bergen: Bergens Tidende. 26. september 1925. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  4. ««Severoles» skade». Bergen: Bergens Tidende. 6. oktober 1925. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  5. ««Severoles» skal reparere her». Bergen: Bergens Tidende. 8. oktober 1925. s. 5. Henta 17. mai 2020. 
  6. ««Severoles» skadet under dokking». Bergen: Bergens Tidende. Henta 17. mai 2020. 
  7. «Den store Karahavsekspedition paa retur». Bergen: Bergens Tidende. 9. oktober 1926. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  8. ««Severoles» mistet anker og kjætting». Bergen: Bergens Tidende. 3. februar 1927. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  9. «To av Jenisei- og Obekspeditionens skib i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 19. september 1927. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  10. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 19. november 1927. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  11. «Opløsningen av Det norsk-russiske dampskibsselskap». Bergen: Bergens Tidende. 27. mars 1928. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  12. ««Severole» utsat for mindre havari». Bergen: Bergens Tidende. 25. august 1928. s. 4. Henta 17. mai 2020. 
  13. «Skibsefteretninger». Bergen: Bergens Tidende. 19. desember 1928. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  14. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 13. desember 1932. s. 3. Henta 17. mai 2020. 
  15. «Skaden på Bergenskes «Severoles»». Bergen: Bergens Tidende. 4. februar 1933. s. 9. Henta 17. mai 2020. 
  16. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1934. s. 9. Henta 17. mai 2020. 
  17. «Dødsfall». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1935. s. 3. Henta 17. mai 2020. 
  18. 18,0 18,1 «D/S Severoles». Sjøhistorie.no. Henta 17. mai 2020.