MS «Crux» (1944)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of the United States.svg USA
Klasse og type: C-1A
Namn: MS «Cape Faro»
Eigar: U.S.War Shipping Administration
Verft: Pennsylvania Shipyard Inc. i Beaumont i Texas i USA
Verftsnummer: 296
Sjøsett: 27. februar 1944
Jomfrutur: 29. april 1944
Heimehamn: Beaumont i Texas
IMO-nummer: 6344771
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 5 231 brt, 3 028 nrt
Daudvekt: 7 900 tdw.
Lengd: 412,3 fot (125,7 m)
Breidd: 60,1 fot (18,3 m)
Djupgang: 24,9 fot (7,6 m)
Installert effekt : BHK 4150 NHK 770
Framdrift: Nordberg dieselmotor
Fart: 13.5
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Cape Faro»
Eigar: Sjøfartsdirektoratet
Kjøpt: Desember 1946 for USD 912 859
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Crux»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Pennsylvania Shipyard Inc., Beaumont, TX, USA
Kjøpt: 20. februar 1947
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMFY
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Crux»
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1951 for 11 mill. kr.[1]
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Grey Master»
Eigar: Skibs A/S Golden West
Kjøpt: Mars 1954 for 33 000 GBP[1]
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Siredal»
Eigar: A/S Odderø, A/S Helgøy, A/S Norsk Rutefart, A/S Kinn, A/S Oksøy
Kjøpt: Mai 1960
Omdøypt: «Sunfalcon» i mai 1963
Heimehamn: Kristiansand
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sunfalcon»
Eigar: I/S M/S Sunfalcon
Kjøpt: 1966
Heimehamn: Kristiansand
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Concordia Falco»(1968)
MS «Sol Tulla» (1968)
MS «Scandia Falcon» (1968)
Eigar: Skips A/S Soltun & Co
Kjøpt: Februar 1968
Heimehamn: Skudeneshavn
Lagnad: Opphogd 1972

MS «Cape Faro», seinare MS «Crux» var eit motorskip bygt i 1944 som lasteskip for U.S. War Shipping Administration.

I desember 1946 var skipet eitt av mange som vart kjøpt av den norske staten, og det vart overteke av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i februar 1947. Hos BDS fekk det namnet «Crux». Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Crux er det latinske namnet på stjernebiletet Sørkrossen. Det var det andre BDS-skipet med dette namnet etter MS «Crux», som krigsforliste i 1940.

Skipet vart sett inn i Syd-Amerikalinjen fram til tidleg i 1950-åra då det vart selt, og segla under fleire norske reiarlag under ulike namn fram til det vart opphogd i Taiwan i 1972.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Pennsylvania Shipyard Inc. i Beaumont i Texas i USA[2]. Det vart kjølstrekt 13. desember 1943, sjøsett 27. februar 1944 og levert 29. april 1944.[1] Gudmor var Mrs. John Mc. Gregor.[1]

I desember 1946 vart skipet selt for nesten éin million amerikanske dollar til Den norske staten under Skipsfartsdirektoratet i Oslo og i februar 1947 vart det selt vidare til Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. BDS gav det namnet «Crux» og det gjekk inn i Syd-Amerikalinjen. Det norske mannskapet vart flydd over til USA i puljer for å ta over skipet. 14. mars 1947 segla det ut frå Beaumont mot Rio de Janeiro via Trinidad. På denne første turen var det òg innom Bahia Blanca og Buenos Aires i mai, og segla tidleg i juni frå Buenos Aires mot Bergen via Tenerife. 26. juni 1947 var «Crux» i Bergen og Noreg for første gongen med ei last av mellom anna 60 tonn hudar, barkestoff og 1300 tonn fôrmjøl.[3] Etter anløp i Oslo, Drammen og Brevik gjekk det attende mot Sør-Amerika, der det nådde fram i september. Under denne turen var mannskapet på «Crux» ei av ei rekkje som gjennomførte ein sit down-streik i protest mot nye skattereglar for sjøfolk etter andre verdskrigen.[4] I heile 1948 gjekk det i linja til Sør-Amerika, før det første halvdel av 1949 gjekk på timecharter for Black Diamond Line mellom New York og Antwerpen/Rotterdam. I slutten av juli gjekk det inn att i Sør-Amerikalinja.

18. januar 1950 braut det ut brann i lasta i rom nummer 2 på «Crux» då det var 325 km utafor kysten av Portugal på veg mot Danmark og Noreg med stykkgods og korn.[5] Mannskapet fekk kontroll over elden, men tok skipet inn til Lisboa for potensiell etterslokking.[6] Lasta bestod mellom anna av oljekaker.[7]

I juni 1950 gjekk skipet inn i timecharter for Wilh. Wilhelmsen dei neste ni månadane med turar til India og Burma via Suezkanalen. I juni 1951 vart skipet selt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab for 11 millionar kroner[1]. Skipet skulle derimot halde fram å gå for BDS dei neste tre åra på såkalla bare-boat-charter, og fortsette slik i linja til Sør-Amerika fram til 1954.[8] Då det kom attende frå India for Wilhelmsen gjekk det til Stavanger for overhaling og den neste turen etter dette gjekk til Murmansk og så til Gdynia i Polen i september-oktober 1951. Først i oktober gjekk skipet på ny inn i Sør-Amerikalinja.

I juni 1951 var det ei sak i Danmark der den danske tungvektsmeisteren i boksing, Tommy Skovgaard, måtte i retten for å ha gjeve tre av mannskapet på «Crux» juling. Dei skal ha sete på restauranten Lunden i Århus då ein rusa Skovgaard kom inn og slo sigaren ut av munnen på ein av dei. Då sjømannen ikkje reagerte skal Skovgaard ha blitt rasande og byrja å sloss med dei tre nordmennene.[9] 26. november 1953 beslagla Tollvesenet 200 liter liter sprit og 30 000 sigarettar ombord på «Crux» i Oslo. Smuglarvarene vart mellom anna funnen under lasta i rom nr. 5, og tre av mannskapet tilstod seinare. To av dei vart arresterte.[10]

I mars 1954 vart det selt til Skibs A/S Golden West (J.H. Andresen & Tidemand Tobakfabrikk) i Oslo for 33 000 britiske pund[1], og vart omdøypt «Grey Master». Dei første turane gjekk det mellom USA og Sør-Amerika.

I mai 1960 vart det selt til ei rekkje reiarlag i Kristiansand, A/S Odderø, A/S Helgøy, A/S Norsk Rutefart, A/S Kinn og A/S Oksøy (A.I. Langfeldt & Co) for 4,35 millionar kroner[1] og det fekk namnet «Siredal». I mai 1963 vart det omdøypt på grunn av timecharter Saquenay til «Sunfalcon». I 1966 vart skipet overført til I/S M/S Sunfalcon (A.I.Langfeldt & Co) i Kristiansand for 2,25 millionar kroner.[1]

Skipet vart i februar 1968 selt til Skips A/S Soltun & Co (Johs. Solstad) i Skudeneshavn for 1,45 millionar kroner[1] og fekk det nye namnet «Concordia Falco». I august same året vart det omdøypt «Sol Tulla», før det same månad fekk namnet «Scandia Falcon». Dette namnet hadde det fram til det vart selt i januar 1972 til Taiwan for 235 000 amerikanske dollar[1] for opphogging. Skipet ankom Kaohsiung og Zui Feng Steel & Iron Works den 21. januar 1972.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 5 231 brt, 3 028 nrt og lasteevna var 7 900 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 12 506 . Hovudmaskinen var to stykk 6-sylindra 2-takts dieselmotorar, levert av Nordberg Manufacturing Co. i Milwaukee. Oppgjeven yting var 4 150 bHk (bremsande hestekrefter) og 770 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13,5 knop.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 «1951 MS CRUX (TRH110195101)». Skipshistorie.net. Henta 24. april 2021. 
  2. 2,0 2,1 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2021. 
  3. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 25. juni 1947. s. 2. Henta 24. april 2021. 
  4. «Stigende misnøye blant sjøfolkene med den nye skatteordning». Bergen: Bergens Tidende. 3. oktober 1947. s. 1. Henta 24. april 2021. 
  5. «Bergenskes «Crux» har brann i lasten». Bergen: Bergens Tidende. 18. januar 1950. s. 1. Henta 24. april 2021. 
  6. ««Crux» til Lisboa for etterslokking». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1950. s. 3. Henta 24. april 2021. 
  7. ««Crux» igjen på farten». Bergen: Bergens Tidende. 1. februar 1950. s. 2. Henta 24. april 2021. 
  8. «BDS kontraherer to 6800 tonnere i England». Bergen: Bergens Tidende. 19. juni 1951. s. 1. Henta 24. april 2021. 
  9. «Dansk tungvekter mishandler 3 norske sjøfolk». Bergen: Bergens Tidende. 23. juni 1952. s. 5. Henta 24. april 2021. 
  10. «Tre av «Crux»s mannskap har tilstått». Bergen: Bergens Tidende. 2. desember 1953. s. 8. Henta 24. april 2021.