DS «Edna» (1905)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Anund (1920-1921).jpg
Skipet som svenske DS «Anund».
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: DS «Chr. Gylstoff»
Eigar: D/S A/S Progress
Verft: Sunderland Shipbuilding Co. Ltd. i Sunderland i Storbritannia
Verftsnummer: 229
Jomfrutur: mai 1905
Heimehamn: København
Kjennemerke: LBKT - LDLZ
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 829 brt, 432 nrt
Daudvekt: 1 275 tdw.
Lengd: 194,9 fot (59,4 m)
Breidd: 31,5 fot (9,6 m)
Djupgang: 14,7 fot (4,5 m)
Installert effekt : NHK 123 IHK 450
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (NE Mar. Eng. Co. Ltd., Sunderland)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: DS «Chr. Gylstoff»
Eigar: Ångf.A/B Svithiod
Kjøpt: April 1913
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: DS «Anund»
Eigar: Rederi A/B Svenska Lloyd
Kjøpt: 1920
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kjell»
Eigar: D/S A/S Kjell (H.H.Gjertsen)
Kjøpt: 1921
Heimehamn: Kristiania
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kjell»
Eigar: D/S Ryvarden
Kjøpt: Juni 1922
Heimehamn: Kragerø
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Edna»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juli 1922 for 350 303 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: DS «Edna»
Eigar: Rederi A/B Hera
Kjøpt: August 1946
Heimehamn: Mariehamn
Lagnad: Forliste 1952

DS «Chr. Gylstoff» (kallesignal LBKT - LDLZ) var eit dampskip bygt i 1905 som lasteskip for D/S A/S Progress i København i Danmark.

I 1913 hamna skipet hos svenske eigarar og i 1920 fekk det namnet «Anund». I 1921 vart skipet norsk og namnet vart «Kjell», før Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) kjøpet skipet i juli 1922 og kalla det «Edna».

Skipet forliste i Nordsjøen 7. mars 1952.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Sunderland Shipbuilding Co. Ltd. i Sunderland i Storbritannia D/S A/S Progress, disponert av Holm og Wonsild, i København i Danmark. Skipet vart levert i mai 1905.[2]

I april 1913 vart skipet kjøpt av svenske Ångfartyg A/B Svithiod i Gøteborg, og beheldt namnet. I 1920 tok Svenska Lloyd over skipet og det fekk namnet «Anund». Året etter hamna skipet hos norske eigarar og selskapet D/S A/S Kjell, eigd av H.H. Gjertsen i Kristiania. Skipet fekk då namnet «Kjell». I juni 1922 vart «Kjell» selt vidare til D/S Ryvarden i Kragerø.

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet i juli 1922 for 350 000 kroner[1] og omdøypte det «Edna». Skipet gjekk først til Island, og sidan i godsruta til Nord-Noreg. I nærleiken av Hammerfest gjekk «Edna» på grunn i desember 1922.[3] Under ein snøstorm i Hammerfest måtte «Edna» berge dampskipet «Begna» frå Oslo, som hadde gått på land då det prøvde å ankre opp til stormen var over. «Edna» klarte å dra det av land utan større skadar.[4]

I 1926 gjorde «Edna» turar til Hamburg, Rotterdam og London, og hausten 1929 ein ekstratur til Island, men gjekk elles i godsruter på norskekysten resten av 1920-åra.

Rundt midnatt 22. desember 1931 var «Edna» på veg inn Oslofjorden mellom Lindholmen og Heggholmen, då det møtte på eit polsk skip, «Robur VI» på kring 3000 tdw. Frå «Edna» såg ein berre den grøne av dei to topplanternene til skipet, som tydde at det polske skipet var i ferd med å passere dei på feil side i leia. Då dei på «Edna» forstod at det kom til å bli vanskeleg å passere det polske skipet, gav det tre støyt i fløyta og gav full fart akterover. Det polske skipet svara med tre støyt i fløyte, men var komen for langt vest til at ein kollisjon var uungåeleg. «Edna» låg i ro då det polske skipet kom i god fart og «Edna» fekk stor skade. Det var god sikt, men overskya under kollisjonen. «Edna» vart ført til Bergen for reparasjon.[5]

10. januar 1937 grunnstøytte «Edna» ved Bessaker i Trondheimsfjorden. Dei hadde akkurat passert Bessaker lynglimt kl. 0326 på natta då det kom ei kraftig snøbye som kraftig reduserte sikta. Det vart først slått sakte fart i maskinen og så heilt stopp, men likevel støytte dei på skjeret Steinen kl. 0332. Det vart lekkasje i to tankar ombord og skipet vart ytterlegare skadd då skipet bakka av skjeret.[6] Skaden av sjølve grunnstøytinga vart taksert til 14 685 kroner i tillegg til 11 680 kroner i skader då skipet vart dregen av skjeret. I skadelidd tilstand vart verdien av skipet taksert til 80 000 kroner.[7]

7. januar 1939 kolliderte «Edna» med brygga ved Lumber-fabrikkane i Kristiansand. Skipet fekk eit stort isstykke under baugen og mista slik styringa. Skipet gjekk med god fart inn i brygga, og reiv denne opp. Skipet sjølv fekk hol i skroget, som måtte reparerast med sement. Skipet var på veg frå Oslo til Bergen, og fortsette til Bergen for å reparerast.[8]

Tidleg i august 1939 var «Edna» på veg ut Stavernsundet då det rende i senk ein robåt med to fiskarar ombord. Dei hadde los ombord og observerte at det låg tre båtar og fiska i sundet. Den eine låg midt i sundet, og på brua på «Edna» tenkte dei først å passere denne på babord side, men losen sa at det ikkje var mogeleg, så dei svinga over til styrbord. «Edna» klarte derimot ikkje svingen og for rett på robåten. Dei to ombord hamna i vatnet, men vart berga av dei andre robåtane i nærleiken. Det var sørvestlig vind og tung sjø i sundet, men elles fint vêr. Kapteinen hadde ikkje noko forklaring på kvifor skipet ikkje klarte å svinge, sidan dette var ein manøver skipet normalt skulle ha klart å utføre.[9]

Rundt nyår 1940 kryssa «Edna» Nordsjøen då det kom ut for eit uvêr. Brottsjøar slo hol i ei luke til eine lasterommet og ein del av lasta vart øydelagd.[10]

«Edna» segla i fem konvoiar frå Noreg til Storbritannia dei første månadane av 1940. Den første, HN 9A drog tili Storbritannia 27. januar, ON 12 attende i februar og HN 15 til Storbritannia i mars. Delar av denne konvoien vart angripen av tre tyske Heinkelfly. To bomber vart sleppte, men ingen av skipa vart råka.[11] Ein ny konvoi til Storbritannia, HN 20, seint i mars 1940 vart òg angripen av tyske fly, etter at konvoien var delt opp i mindre grupper. Fleire skip vart skadde.[11] 31. mars 1940 segla «Edna» med konvoi ON 24 attende til Noreg. Konvoien vart angripen av to Heinkel-fly, men ikkje skadd.[11] «Edna» var slik framleis i Noreg då tyskarane invaderte den 9. april. Skipet vart etter kvart sett i fart mellom Vestlandet, Nord-Noreg og Aust-Finnmark, i lag med BDS-skipa MS «Canis» og DS «Kora». Tyskarane kravde at desse rutene skulle gå i tyske konvoiar, så det vart mykje venting og forseinkingar. «Edna» kom til Kirkenes på den første av desse rutene den 24. november 1941. Skipet kan òg ha teke turar til og frå Sverige i juni 1944.[11]

I maidagane etter frigjeringa i 1945 segla «Edna» austover til Oslo med sild. Det gjekk så inn i godsruta mellom Oslo og Tromsø.

Etter krigen, i august 1946, vart «Edna» selt til Rederi-AB Hera (Albert Jansson Saltvik) i Mariehamn i Finland. 7. mars 1952 var skipet på reise frå Thamshavn til Preston med tremasse då det i Nordsjøen, i posisjonen 61 30N 01 50E, kom ut for eit kraftig uvêr. Kl. 1740 telegraferte skipet eit SOS-signal: «Vi synker». Berre tre minutta seinare kom ny melding: «Vi går i båtene». Minesveiperen «Glomma» var i området og søkte etter skipet, men fann ingen spor av noko. Det vart rekna som farleg å vere lasta med tremasse om ein fekk lekkasje ombord. Det vart òg spekulert i om dei kunne ha gått på ei mine. Skipet skal ha hatt eit mannskap på 18-20 mann. [12] Verken skipet eller mannskapet vart nokon sinne funne.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 829 brt, 432 nrt og lasteevna var 1 275 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 608 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av NE Mar. Eng. Co. Ltd. i Sunderland. Oppgjeven yting var 450 iHk (indikerte hestekrefter) og 123 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Edna». Sjøhistorie.no. Henta 8. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 41. Henta 8. mai 2020. 
  3. «Bergenskes "Zeta" og "Edna" grundstøtt». Bergens Tidende. 12. desember 1922. s. 5. Henta 8. mai 2020. 
  4. «Bergenskes "Edna" bjerger et dampskib». Bergens Tidende. 12. oktober 1925. s. 7. Henta 8. mai 2020. 
  5. «Bergenskes «Edna» i kollisjon med polsk damper». Bergens Tidende. 28. desember 1931. s. 3. Henta 9. mai 2020. 
  6. «Bergenskes "Edna" gikk på Steinen». Bergens Tidende. 14. januar 1937. s. 3. Henta 9. mai 2020. 
  7. «Takst over Bergenskes «Edna»». Bergens Tidende. 28. januar 1937. s. 14. Henta 9. mai 2020. 
  8. «Isstykke under baugen satte skipet ut av kurs og mot bryggen». Bergens Tidende. 9. januar 1939. s. 1. Henta 9. mai 2020. 
  9. «Da Bergenskes «Edna» rendte en robåt med to mennesker i senk». Bergens Tidende. 5. august 1939. s. 3. Henta 8. mai 2020. 
  10. ««Edna» ute i styggevær». Bergens Tidende. 3. januar 1940. s. 5. Henta 9. mai 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «D/S Edna». Warsailors.com. Henta 9. mai 2020. 
  12. «Er finskebåten «Edna» gått på en mine eller brutt ned av sjøen i går utenfor Holmengrå?». Bergens Tidende. 8. mars 1952. s. 1 og 6. Henta 9. mai 2020.