DS «Delfinus»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Delfinus» (1912))
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Delfinus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen
Byggekostnad: 332 509 kroner[1]
Verftsnummer: 108
Jomfrutur: Oktober 1912
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MHVN - LDFS
Lagnad: Torpedert 1940
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 294 brt, 751 nrt
Daudvekt: 1 920 tdw.
Lengd: 230,1 fot (70,1 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 16,1 fot (4,9 m)
Installert effekt : NHK 144 IHK 650
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (LM&JSB)
Fart: 9,5 knop

DS «Delfinus» (kallesignal MHVN - LDFS) var eit dampskip bygt i 1912 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta 332 509 kr[1] då det vart levert i oktober 1912.[2]

Under åtaket på Noreg i april 1940 låg «Delfinus» i Trondheim med last for England. Skipet vart teken av tyskarane, men segla for BDS. 22. juni 1940 vart skipet bomba på veg til Bergen og fekk stor skade i hekken. Det vart reparert i Bergen og kom fram med lasta til Tyskland.

Ettermiddagen 6. november 1940 gjekk skipet i tysk konvoi på reise frå Stavanger til Hamburg med fisk og tran. Det vart då torpedert og søkkt ved Obrestad fyr av den britiske ubåten HMS «Sturgeon». Ingen ombord mista livet. Redningsfartøy og fly vart sende ut frå Stavangerområdet. I følgje overlevande vart det avfyrt to torpedoar mot skipet. Den eine trefte «Delfinus» akter og den andre bomma og nådde inn til stranda.[3]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 294 brt, 751 nrt og lasteevna var 1920 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 406 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri. Oppgjeven yting var 650 iHk (indikerte hestekrefter) og 144 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1]

I 1923 fekk skipet påsett Star Contrapropellar og i 1930 straumlinjeror. I 1932 vart mastene kappa for at skipet skulle kunne nå opp til Manchester. Ny radio og peileapparat vart installert i 1938.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Delfinus». Sjøhistorie.no. Henta 29. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 29. desember 2019. 
  3. «D/S Delfinus». Warsailors.com. Henta 29. desember 2019.