DS «Flora»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DS «Flora».
Foto: H. Larsson-Feddes samling
Karriere  Nederland
Namn: DS «Olaf Kyrre»
Eigar: Naaml. Vennootschap Mij. Noorwegen (D. Burger & Zoon)
Verft: Nederlandsche Stoomboot Mij., Rotterdam
Verftsnummer: 157
Jomfrutur: 1891
Heimehamn: Rotterdam, Nederland
Kjennemerke: MJDS
Karriere  Noreg
Namn: DS «Flora»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 2. april 1907 for 187 240 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Torpedert 1917
Generelle mål
Tonnasje: 818 brt, 494 nrt
Daudvekt: 750 tdw.
Lengd: 62,8 m
Breidd: 8,4 m
Djupgang: 4,8 m
Installert effekt : 682 iHk, 124 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Ned. Stoomb. Mij.)
Fart: 11 knop
Passasjerar: 52 passasjerar

DS «Olav Kyrre» (kallesignal MJDS) var eit dampskip bygt i 1891 som lasteskip for Naaml. Vennootschap Mij. Noorwegen (D. Burger & Zoon) i Nederland. Reiarlaget hadde drive linjefart frå Rotterdam til Vestlandet sidan 1857.

I april 1907 vart reiarlaget kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og skipet vart omdøypt DS «Flora». Det gjekk i rute frå Bergen til Rotterdam, via Haugesund og Stavanger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

BDS betalte 187 240 kr for skipet[1] og det gjekk inn i Islandsruta til reiarlaget. I 1910 vart det utført hovudreparasjon på skipet med ny dampkjel, nye master, bommar og vinsjar, i tillegg til ny donkeykjel. Alt arbeidet vart utført ved Bergen Mekaniske Verksted.

I 6. juli 1917 vart skipet torpedert av den tyske ubåten «U 52» og kapteinløytnant Hans Walther, kring 12 kvartermil nordaust av Lamba NessShetland på reise til Seydisfjordur til Bergen via Lerwick for kontroll med stykkgods og seksten passasjerar. Besetninga og passasjerane berga seg i livbåtane.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 818 bruttoregistertonn og 494 nettoregistertonn og lasteevna var 750 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 172 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Nederlandsche Stoomboot Mij i Rotterdam. Oppgjeven yting var 560 iHk (indikerte hestekrefter) og 124 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Flora». Sjøhistorie.no. Henta 25. desember 2019.