DS «Kora»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS "Kora" - Telemark politikammer vol.1 - 45.jpg
«Kora» i tysk teneste.
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Rosebank»
Eigar: John O'Groat Steamship Co
Verft: Clyde Shipbuilding & Engineering, Glasgow i Skottland
Verftsnummer: 267
Jomfrutur: juni 1906
Heimehamn: Wick
Kjennemerke: MHTP - LEHF
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 817 brt, 420 nrt
Daudvekt: 1 056 tdw.
Lengd: 199,2 fot (60,7 m)
Breidd: 30,1 fot (9,2 m)
Djupgang: 14,0 fot (4,3 m)
Installert effekt : 101 nHk, 550 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Clyde SC&E)
Fart: 9,5 knop
Passasjerar: 8 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Krosfond»
Eigar: A/S D/S Langfond (Sigv. Bergesen)
Kjøpt: September 1912
Heimehamn: Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kora»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Oktober 1914 for 201 751 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: DS «Kora»
Eigar: G. Gasparinatos
Kjøpt: September 1946
Heimehamn: Panama
Lagnad: Opphogd 1952

DS «Rosebank» (kallesignal MHTP - LEHF) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for John O'Groat Steamship Co. i Wick i Storbritannia.

I 1912 hamna skipet hos norske eigarar i Stavanger, før det vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i oktober 1914 og omdøypt DS «Kora»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Clyde Shipbuilding & Engineering Company i Glasgow i Skottland og vart levert i juni 1906.[2]

I september 1912 vart skipet kjøpt av A/S D/S Langfond (Sigv. Bergesen) i Stavanger og fekk namnet DS «Krosfond». I oktober 1914 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet og det vart omdøypt DS «Kora». BDS betalte 201 751 kroner for skipet.[1]. Samstundes vart det sett inn nye bommar og vinsjar, banjerdekk og fleire lugarar og mannskapslugarar. Skipet fekk òg elektrisk lys.

Under første verdskrigen vart skipet rekvirert av britane under Shipping Controller og operert av J.H. Wetherhall i London. I 1919 vart det levert attende til BDS. Under andre verdskrigen var skipet i heimeflåten og fekk isskadar i både 1941 og 1942.

I september 1946 vart skipet selt til G. Gasparinatos i Panama. I juli 1951 grunnstøytte skipet 16 kvartmil vest av Sidi Banrani fyr i Egypt på reise frå Port Said til Bengazi med stykkgods. Skipet vart kodemnert og selt til opphogging. Det kom fram til La Spezia i mai 1952.[1]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 817 brt, 420 nrt og lasteevna var 1 056 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 260 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E. Oppgjeven yting var 550 iHk (indikerte hestekrefter) og 101 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1] Skipet hadde plass til åtte passasjerar.[1]

Skipet fekk straumlinjeror i 1929 og ny radio i 1938.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Kora». Sjøhistorie.no. Henta 4. januar 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 32–33. Henta 4. januar 2020.