DS «Venus» (1890)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DS «Venus» på veg til Newcastle, 1893
Karriere  Noreg
Namn: DS «Venus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: C.S. Swan & Hunter
Byggekostnad: 433 550 kr.[1]
Verftsnummer: 153
Sjøsett: August 1890
Jomfrutur: Mars 1893
Kjøpt: November 1892
Omdøypt: «Sylvia» i 1930
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVCH
Lagnad: Opphogd 1933
Generelle mål
Tonnasje: 1095 brt, 589 nrt
Daudvekt: 740 dwt
Lengd: 70,0
Breidd: 9,5 m
Djupgang: 5,9 m
Installert effekt : 1200 iHk, 250 NHk.
Framdrift: Trippel ekspansjon dampmaskin (Wallsend Slipway Co., Newcastle)
Fart: 13 knop

DS «Venus» (kallesignal JVCH) var eit dampskip bygt i 1890 som eit passasjer- og lasteskip for ukjend eigar ved C.S. Swan & Hunter i Newcastle. Det vart lagt opp etter sjøsetjinga ved verkstaden. I november 1892 vart det kjøpt uferdig av Det Bergenske Dampskibsselskab for kring 430 000 kroner og levert til selskapet i mars 1893 som «Venus». Skipet vart sett rett inn i englandsruta Bergen-Stavanger-Newcastle upon Tyne.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Venus er ein planet i solsystemet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Venus» gjekk i englandsruta det meste av karrieren sin, berre avbrote av første verdskrigen. Då krigen braut ut var det hundrevis av utanlandske turistar, britiske og franske, i Bergen. Trass i trugselen om krigshandlingar i Nordsjøen, sendte Bergenske ei rekkje skip i over Nordsjøen for å få turistane heim. «Venus» var blant desse skipa.

I juni 1930 vart skipet omdøypt til «Sylvia», då namnet vart teken over av den nye MS «Venus». Den 20. september 1933 vart skipet selt til Brødrene Anda i Stavanger for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1095 bruttoregistertonn, 589 nettoregistertonn, og lasteevna var 740 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 976 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra trippel ekspansjon dampmaskin, levert av Wallsend Slipway Co. i Newcastle i England. Oppgjeven yting var 1 200 ihk (indikerte hestekrefter) og 250 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 13 knop. Skipet var bygd i stål og hadde køyeplassar fordelt på 44 personar på 1. plass (1. klasse), 14 på 2. plass og 52 på 3. plass på vinteren og på sommaren vart 1. plass utvida til 58 passasjerar, medan 3. plass vart justert ned til 32.

Skipet fekk nye donkeykjelar i 1899, 1903 og 1908. I 1914 fekk skipet radio frå Telefunken. Nytt straumlinjeror vart sett inn i 1928.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 12. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: DS «Venus» (1890)